Nok!

Det maa eingong vera Slutt med dette uendelege og umyndige Snakket um Fedraheimen og dei Hellenbachske Tankarne. Eg kann ikkje forstaa, at vaksne Folk kann finna paa sovoret som aa innbilla seg, at eg i Stykket mitt um Censur forsvarad Hellenbachs Tankar. Nei, eg forstend det ikkje. Det ser fyr meg ut som eit so fortryllt Tull, at eg til denne Dag ikkje hev brytt meg um aa svara paa det dessmeir. Men naar Folk no paa Grunnlag av slikt vil prøva aa øydeleggja sjølve Bladet, so fær eg væl kosta paa og skriva eit Par Ord um det, so dei, som endeleg vil tyda alt til det verste, ikkje skal hava det aa hengja seg i, at eg hev tagt og dermed samtykt.
           
I Stykket um Censur hev eg dømt Hellenbachs Tankar med so sterke Ord, som eg berre kunde finna. Dei var stygge, fæle, ufysne, dei var slik, at Ein aldri skulde tru, at dei kunde koma fram i vaare Tider og vaare Heimar. Og ikkje nok med, at eg fann desse Tankarne fæle, men eg sagde, at eg helst vilde hava all Tyning og Dreping avlyst. Det kann daa ingen vitug Mann tru, at den, som er imot all Dreping, endaa den, som me no hev og som er godkjend av baade Prestar og Pavar, - at han paa same Tid skulde vilja hava nye Myrdingar innførde!
           
- Naar eg tok Hellenbach-Tankarne til Tekst i Censur-Stykket, so var det just fyrdi dei var so overlag fæle. Her kunde daa ingen tru, at eg slog paa Skaaki og meinte Merri; her vilde alle forstaa, at det, og vilde, var ikkje aa forsvara dei Ting eg brukte til Døme, men einast og heilt ut det: aa leggja eit godt Ord inn fyr den frie Forhandling, fyr Aandsfridomen, og mot Censuren. Eg var so trygg paa det som paa at eg skreiv fyr vaksne Folk og ikkje fyr Ungar, - so trygg, at eg meinte det vilde vera ei Fornærming mot mine Læsarar aa tru, at her trengdest nokon serleg Reservation i den Vegen! -
           
Eg kunde ha teket andre nyare Tankar til Døme. Eg kunde ha teket Bjørnsons. Men daa hadde alle sagt: aa pytt, det er ikkje mot Censuren, han skriv, det er mot Kristendomen! og det er ikkje den aandelege Fridom, han forsvarar, men det er Vantrui! Dermed hadde heile Stykket voret til Faanyttes, ja til Ugagns, skrivet. Eg kunde teket Maaltanken. Men so hadde Folk sagt: Visvas, det er berre si eigi Sak han talar, og det, han snakkar um Censuren, er berre nokot han lætst som! o. s. fr. Men naar eg tok nokot so avskræmeleg stygt som Barnemord og slikt, - so vilde alle forstaa, at det ikkje var fyr desse serskilde Tankarne og skreiv, men i fullt Aalvor um Censuren.
           
Naa, det er sannt: Det var mange, som forstod det, kannhenda dei fleste. Eg hev fenget mange Helsingar um det, og dei hev gjort meg godt. Men mange tok i Mist. Og no ligg desse gudelege Bladi herinne og ørskar um, at dette Stykket um Censur forkynner Antikristendom! Antikristeleg Moral! o. s. b. Eg hev aldri havt stor Tru paa Vitet hjaa desse Kararne; men no ser eg, at eg endaa hev trutt dei for godt.
           
- Men det hev eg sagt, og det stend eg ved: ikkje eingong dei styggaste Tankarne skal me skrika ifraa oss; for det er ikkje Manns Ferd, men Tufs. Me skal i alle Spursmaal gjera upp fyr oss sjølve Grunnarne til, at me trur elder ikkje trur, og me skal hugsa, at det meir enn ein Gong hev hendt, at dei Tankarne, som saag stygge og strenge ut med det same dei kom upp, likevæl viste seg aa vera sanne. Men mangt, som med det same kunde synast hyggjelegt og gildt, viste seg tilslutt aa vera Fusk og Ingenting. For Sanningsmerket ligg ikkje i det, um me finn ein Ting fager elder gild elder hyggjeleg osb.; sannt er til siste Slutten berre det, som i seg sjølv hev Grunn.                                                 
 
G.