Luthersk Kirketidende.

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Framhald.) Det, Ein fyrst maa merkja seg i det Tilsvaret fraa Luth. Kirket. er, at Bladet sjølv vedgjeng, at det ikkje hev citeret lige ud af Fedraheimen, men ut or M. F.s Citater i Morgenbladet. Naar me no minnest, at M. F.s Stykke var eit Tendens-stykke av same Slaget som det i Kirketid., so ein rettvis Bladmann strakst maatte vita, at det ikkje var verdt aa lita so blindt paa, - og naar me samstundes veit, at Styret av Luth. Kirket. les Fedraheimen (det veit eg; for eg hev Bladbyte med dette Bladet). so maa Ein aalvorleg spyrja, kor det hev seg, at det gudelege Bladet, naar det vilde segja Dom yver Fedrh., leet vera aa citera ut or Bladet sjølv. Me hadde væl komet til aa teket Reservationen med, segjer Kirket., dersom me hadde citerat like ut or Fedrh.; - kvi gjorde daa ikkje Bladet det? Brydde det seg kanskje mindre um aa segja ein rettvis Dom enn um aa faa Fedrh. kjættardømd? Brydde det seg mindre um Sanningi enn um aa faa sin Partikrig fram? Var det like sælt, um det laug, berre det kunde faa gjera ein Motstandar Skade?
 
So det næste. Kirket. fortel oss, at det ikkje bygde Kjættardomen sin berre paa det Stykket mot Bruun, men og paa Stykket um Censur. Dersom Kirket. hadde leset dette Stykket med ærlig Vilje, so hadde det aldri i Verdi komet med slikt. Eg viser i so Maate til det Stykket, Forf. av Censur idag skriv her i Bladet um denne Saki.
           
Det einaste, Ein kunde kalla kjættersk i Censur-Stykket var det, at Forf. skreiv imot Krig og Avretting. Han forsvarad ikkje Hellenbach, men han tok paa Ting, som han meinte kunde vera likso stygge og galne som Hellenbachstankarne, - alt um Prestarne no um Dagen forsvarad dei. No kann daa væl Ingen segja, at det aa fordøma Krig og Avretting er Antikristendom. Kor kunde daa Luth. Kirket., som les Fedrah., elder iallfall hev Tilføre til aa lesa det, byggja ein so svær Klage paa ein Artikkel som den? Var det av luthersk kirkelig Elsk til det sanne? Elder var det av Luthersk kirkelig Hug til aa faa ein Motstandar fordømd?
           
Lat oss sjaa Tingen i Samanheng. Luth. Kirket. skriv ein dundrande Artikel, som hellest Fædrelandet finn utmerkt, fyr aa faa dei frilynde Bladi her i Landet fordømde som antikristne. No veit me, at Antikristen i det teologiske Maalet er jamgodt med Djevelen og væl so det. Det gudelege Bladet vil altso faa dei frilynde elder dei mest kjende frilynde Bladi fordøme som djevelske, som Guds- og Sanningshatande og fornegtande, som det verste og avstyggjelegaste, som Folk veit aa nemna. Millom dei Bladi, som det paa denne Maaten vil brennemerkja, er Fedrh. Fyrr eit gudelegt Blad no sagde ein so stygg og fæl Dom yver eit annat Blad, skulde det iallfall fyrst forsvara, og det grannt, um det hadde heil og full Rett til aa gjera det, Ein slik Dom utsegjer ingen skikkeleg Mann, naar han ikkje hev dei sværaste og vissaste Grunnar aa byggja paa. Men kvat gjer Luthersk Kirketidende? Det les ikkje eingong Bladet; det bryr seg aldri det Grand um aa koma etter, kvat Bladet i Røyndi hev sagt og meint; det citerar blindt etter M. F. i Mgbl. og M. F. hev naturlegvis tagt med Reservationarne -, og det byggjer paa eit og annat, som einkvar Innsendaren 1) kan hava sagt i Fedrh., og dermed læt det Domen falla. Og so kjem det etterpaa og fortel, at der foreligger ikke Noget i vor Færd ved denne Leilighed, hvorover De paa Moralens og Sandhedens Vegne behøver at forarges!
 
Eg skal nemna ein liten Ting til, som viser, kor forunderleg ærlegt eit norskt luthersk Kyrkjeblad kann fara aat, naar det hev Hug paa aa faa ein Motstandar fordømd. I Artiklarne Kristus og Antikristus fortel Luth. Kirket. ein Stad, at Fedrah. finn, at Hellenbachs Barnemordtankar osfr. er den friske Luft i Motsetning til Censuren, som er Loka fyr Glaset og Spjeldet fyr Pipa. Kvar ein, som hev leset Fedrh. ifjor, vil sjaa, at dette er ei stygg Ord-Rengjing som so kann tenkjast. I Censur stod, at det frie Ord, den frie Diskussion, Aandsfridomen, var den friske Luft i Motsetning til Censuren; Hellenbachtankarne vart dømde fyr aa vera so stygge og fæle, at det var utrulegt at dei kunde koma upp i ei Tid som vaar. Men Luth. Kirket. vil hava Fedrh. fordømd, altso . . . Mot Kjættarar gjeld ikkje Log og Rett. Skriva beintfram imot Aandsfridomen vaagar ikkje Luth. Kirket.; men vrengja det til so, at dei som forsvarar Aandsfridomen vert antikristne og antimoralske, - det hev Sions Vaktmann baade Mod og Hjarta til aa gjera.
           
Kirketidenden vil setja eit stort Notabene ved den Ting, at eg vil hava prestelege Ukvæmsord inn under same Regelen som dei borgarlege hellest. Se her er noget, som er væl værd at lægge Merke til! vil det segja.
           
Ja, det var just det, som var Meiningi. Eg vil ynskja, at Luth. Kirket. legg væl Merke til dette og set eit dugeleg stort Notabene ved det.
           
Det 8de Bud meiner eg skal gjelda fyr Prestarne so væl som fyr annat Folk. Og likso væl skal Straffelogi gjelda. Eg trur dessutan ikkje, at Jesus Kristus talad berre til Lægfolket, daa han sagde: døme ikkje, at de ikkje sjølve skal dømast. Det kann vera det same, um Presten Blom elder Presten Klavenes forklarar, at dei Ordi, dei brukar, stend aa lesa i Bibelen. Dei Herrar Blom og Klavenes hev ikkje Rett til aa misbruka Bibelordi til aa fordøma Folk utan Grunn. Um eg vilde kalla Hr. Blom ein Farisæar og ein Øienskalk og ei kalkad Grav full av rotne Bein og alt Slags Ufysa, so kunde eg og bibelfesta mine Ord; men dermed var eg ikkje ferdug, og Blom hadde all Grunn til aa saksøkja meg, iallfall naar eg ikkje kunde sannprova det eg sagde. Paa same Maaten meiner eg, at eg no hadde Rett til aa saksøkja Presten Blom, dersom eg fann det naudsynlegt, og Hr. Blom vil hava godt av aa setja Notabene ved det. Me skal ikkje hava meir av dette prestelege Privilegium paa aa kunna lysa sine Motstandarar ut av det gode Samfund med bibelske Talemaatar og himmelvende Augo; dei lyt finna seg i aa bøygja seg inn under dei Logjer, som i so Maate gjeld fyr Folk hellest.                        
 
Utgjevaren av Fedrh.
 
1)