[Storthinget.]

Storthinget. No tek Sæsongen til; no vert Hovudstaden til Hovudstad att; for no er Storthinget komet.
           
Det er det ni og tjugande i Radi av dei vanlege Storthing. Men av alle dei 28, me fyrr hev havt, er det ikkje mange, som hev havt eit sværare Dagsverk fyr seg enn dette.
           
Det er Spursmaalet um Riksraadsaki og um det absolute Veto, som skal avgjerast i Aar. Spursmaalet er so svært, at Folk mest ivest med aa tenkja paa det. Vert det avgjort paa rette Maaten, so vil me dermed hava Von um aa koma inn i ei sunnare og greidare politisk Utvikling enn den, me no liver i; men vert det avgjort i m o t Folkeviljen, so vil dermed Grunnlaget fyr eit sterkt republikanskt Parti her i Landet vera lagt. For dersom Riksraadarne ikkje kjem inn i Thinget, og dersom det absolute Veto mot all Von og Meining skulde godkjennast, so vil det ikkje segja annat, enn at no hev Kongedømnet ikkje lenger Rom fyr den folkelege Utvikling. Og daa maa Utviklingi søkja seg nye Vegjer og nye Former.
           
Men ei so sterk Avgjerd vil væl Kongsmagti ikkje prøva paa aa mana fram enno. Og Thinget vil vera kraftigt og vist. Me vonar det beste.