[Notisar]

Kristiania, den 6te Februar.
 
Av dei valde 114 Thingmenn møtte fram Maandag Morgonen 110. Fullmagterne vart framflidde, og det vart nedsett ei Fullmagts-Nemnd paa 9 Mann: Steen, Sverdrup, Welde Ende, Haugland, S. Nielsen, Lindstøl, Lambrechts og Thommesen, med Røystetal fraa 102 til 60. Aschehoug fekk berre 54 Røyster. Fullmagts-Nemndi hev drevet hardt paa; ho er no ferdug; det hev voret ymis Tvil um Hr. Motzfeldt sitt Val, og Nemndi hev maatt søkt nye Upplysningar. Men Enden er vorten, at det skal godkjennast. Valet fyr Telemarki er dei alle samde um aa godkjenna so nær som ein (Lambrechts).
 
Styret fyr Throndheims Sparebank hev av Bankens Yverskot gjevet 20000 Krunur til Bøtingsarbeidet paa Domkyrkja, naar det av Rikskassa vert gjevet 40000, altso Helvti av Rikspengarne.
 
Aktie-Utbytet i Norigs Bank fyr 1879 er sett til 10 ½ %. Det er vel fyr Aktie-Eigararne, detta, men det er ikkje vel, tykkjer me, at Private skal eiga Riksbanken.
 
Regjeringi tenkjer paa aa leggja paa Portoen fyr Brev 2 Øyrur. Me kann ikkje tenkja oss, at Thinget vil vera med paa det; i alle civiliserade Land er det laag Porto, som er eit av Kulturframstigi i vaart Aarhundrad.
 
Budgetforslaget, som no er ferdugt, aukar Udgifterne med: Kr. 1,700,000 til Heren, Kr. 500,000 til Floten, Kr. 900,000 til Jarnvegjerne, Kr. 800,000 til Finantsstyret, Kr. 200,000 til Kyrkjestyret og Kr. 150,000 til Justitsverket, altso med ialt Kr. 4,250,000. Regjeringi finn fulla som Kittel Motzfelt, at Landet ikkje er i nokor Naud.
 
Morgenbaldet er svært missnøgd med Valet paa Fullmagts-Nemnd og mest med, at Thomesen vart innvald, daa Thomesen ved Distriktsforsamlingi røystad paa Bentzen og Bentzen paa Thomesen. Morgenbladet tek, som Ein ser, til aa ganga i Barndomen: alle andre Folk hugsar fraa Valet, at korkje Bentzen elder Thomesen var Valmenn.
 
Nye Blad. Utkomet er og sendt oss: Samfundet, et politisk- liberalt Blad; det kjem ut i Kristiania tvo Gongjer i Vika, vert styrt av Kand. G. Lorentzen og kostar 75 Øyrur Fjordingaaret umfram Porto. Det er detta Bladet, som dei hev forhandlat um aa utgjeva i Samtalelaget i Kristiania Arbeidarsamfund, og som Kristianiaposten meintest koma i Vegen fyre. Kristianiaposten, som tok aat til Nyaar, gjeng ut ein Gong i Vika og er nokot mindre enn hitt; det kostar 60 Øyrur Fjordingaaret med Porto. Baae Bladi teiknar til aa verta gode. Samfundet er sjølvsagt det, som gjev mest Lesnad fyr Pengarne.
 
Kristiania Arbeidarsamfund og det norske Folkeavhalds- Selskap arbeider paa eit Logforslag til Odelsthinget um Stifting av Samlag til Bryggjing av søtt Øl av skattfritt Malt; det er Hr. Svein Foyn i Tunsberg, som hev framsett Tanken og bedet dei nemnde tvo Samfund taka seg av Saki. Til Medlemer av Log-Nemndi hev Arbeidarsamfundet valt Stadsfysikus L. Bidenkap, Lærar L. Skjegstad og Skomakarmeistar Bruun. Avhaldsselskapet skal tilsetja 3 Mann; det er sjølvsagt, at ein av desse vert Formannen Agent P. O. Flood, som med Kraft hev teket seg av denne Saki. Hr. Flood vil og ha stiftat Brennevinssamlag i Kristiania.
 
Paa Folketheatret i Kaupenhamn spilad dei Leonarda. Nokre Molbech-karar gjorde Staak med Pipur, og prøvad seg heile 3 Gongjer, men dei var i so stort Mindretal, at dei gjorde reint Fiasko. Fyrestillingi var ein Triumf fyr Bjørnson og til Heidr fyr Folketheatret, ser-i-Lag fyr Fru Holst. Dansk Dagbladet skriv likvel, at Fyrestellingi gjorde berre lidet Indtryk, og Nationaltidende reknar Piparar og Klapparar paa Lag jamsterke.
 
I Bladkjeldaren byrjar i Dag ei Skildring fraa Sverig av den vælkjende svenske Forfatterinna Ave. Eit og annat i denne Skildringi vil falla iallfall norske Lesarar framandt; men forvitneleg og i ymse Maatar lærerik vil visst dei fleste finna at ho er.
 
Den rikaste Mannen i Rom, Fyrst Torlonia, hev misst 1 Mill. Lire som Kasseraren hans, Petri, hev teket med seg paa Langferd. Fyrsten kann likvel bera Tapet; han hev endaa att meir enn 100 Mill.
 
Heile Byen Littleboraugh ved Rochdale i Lancastershire med 10000 Innbuarar er seld til ein Godseigar i Yorkshire.
 
Ein Engelskmann, som hev havt Audiens hjaa Kong Te Bav i Birma, fortel, at det i Pallatsgolvet er slegne kvasse uppstandande Spikrar med berre so vidt Millomrom, at Ein kann faa Plass for Foten. Det hev Kongen av Birma gjort, fyr at Borgararne skal nøydast til aa nærra seg honom med sekkte Augo.