[Den Ski-Utstillingi]

Den Ski-Utstillingi, som Kristiania Skiklubb heldt her i fyrre Vika, vert rost som godt tilfengjen. Det var ei Ovmengd med Skiformer aa taka i Augnesyn, og stor Skil var det paa dei ymse Former. Fyrste Premi tok Hellik G. Koppangen Svenne ved Kongsberg fyr Ski, gjorde etter Mynster av tvo av dei hævaste Bygdeformer under Samraad med Sekretæren i Skiklubben. Dei 6 andre Premier (fyr reine Bygdeformer) tok L. Gangstadhoug, Leksviki, Torleiv Voje, Tveitstrand, Lars Evensen, Sandviki ved Kristiania, Hans Larsen, Sandviki, Aasmund V. Brekke, Kvitseid, og Nils Bolstad, Selbu. Det er altso Leksvik-Skii, som er dei hævaste Bygdeski. Æra tilkjem, sovidt me veit, likvel ikkje no lenger Leksviki; den Mannen, som gjer dei beste Ski og kannhenda og hev gjort Hr. Gangstadhoug sine, bur i Veran paa ein Plass under Tangstad; han heiter Gudbrand Tangstad, er ættad fraa Leksviki og er ein faatøk Mann. Eg trur visst, at Hr. Peter Frines, Eigaren av Garden Botn ytst ute i Verafjorden (ved Grensa millom Fosens og Stjør- og Verdals Futedøme), vil paataka seg aa vera Millommann ved Skikaup hjaa Gudbrand Tangstad.
                                                           
H.