"Lilla Mormor".

[Del 1 av 6.]
 
Eit Folkelivsbilæte fraa ei skaansk Skogbygd,
                         
teiknat av Ave.
           
I det megtuge og grøderike Skaane, jamvel, finnst det Bygder med steinlendt Jord, som krev strengt Arbeid og stort Tolmod, fyrr ho gjev Dyrkaren Løni, og Løni vert endaa mang ein Gong smal nog, - og Bygder, som ligg so langt av Leid, at ikkje Skogbruket helder gjev Mannen sin so rett store Innkomur, um endaa Skogrømet, som ligg aat Garden, er hardla stort. Paa desse Leidom er soleids Folket tvingad til ein hard og turveleg Livemaate, imot den rike Flatbuen. Men ingen Skog er so tett, og ingen Veg er so steinutt elder bratt, at ikkje Tidarsvipen med sitt larvutte Jugl i Klædnad og Husbunad og fullt so væl i Tankeliv og Hugstemnur vil finna fram, og det radt til dei avbaklegaste Bygder, fyr aa strida sin Strid mot ervd Tru og ervde einslungne Seder.
           
Det er ein klaar, solvarm Sunndagsmorgon i Mai; Bokeskogen og Bjørkeskogen stend i sitt ve- naste Skrud, og Eiki Sjausovaren uti Skogen - hev teket til aa greida ut Bladi sine, skyre og sveigne som Vengjerne paa eit Fivrelde, som er nyst utor Huset kropet. Geiteramsen (Liljekonvalen) lyfte den kvite Klokkestylken sin uppyver ei Blomsterblæja av Soleiur og Kvitsymrur, medan Jordbærgraset med sine Tæger og Blomar tekkte Tuvur og mosevaksne Steinrøysar. Fuglarne song, som det galdt aa taka fyrste Prisen paa ein international Konsert, endaa dei i rette Røyndi berre freistnad paa aa døyva Maalet paa ein Bakk, som kom ovanifraa Høgdi av Søderaasen og skaut seg i villt Renn utyver Steinar og Hamrar, med ein Dunder og eit Dyn, som han ætlad seg til aa gjera Storverk paa sin lange Veg til Havet.
           
Ved denne unglege, sjodande og byksande Bekken sat denna Morgonen Lilla Mormor og las, reint nedgravi i ei Bok, som det var sjaaande utanpaa kvar ho aatte heime: ho høyrde til i Sokne-Boklaget. Det var ei av desse kristendomsfiendlege Skrifter i Forteljingsstil, som vil gjelda fyr populært-vitenskaplege, men som hev til Fyremaal um dei elles hev nokot umfram det aa gjera Pengar aa grava Grunnen burt under alt bidande, som hev voret vaare Feder kjært og dyrt.
           
Lilla Mormor var ei ung Gjenta, klædd i ein myrk Stakk, som heldt aat i ørsmaae Rukkur ikring Mjermerne og rokk ned aat Risti; dei forunderleg smaae Føterne hennar var klædde i ljosblaae Sokkar og utorringade Skor med Bandrosur. Klædnaden var fullgjort med ei høgraud stikad Ulltrøya med ovtronge Ermar, som var prydde med raude Rosaband kring Handlederne, og eit rosutt Silkeliv. Den gulblakke Hovudduken hadde glidet ned kring Halsen, so Haaret syntest. Det var ljost brunt, frami Skallen smaakrullat og bakum Øyro flettat i tvo digre Flettor, som var lindade kring Hovudet hennar likesom ein Krans. Det var nettupp denna stendige Helgebunaden hennar, som hadde gjevet Else Troelsdotter Tilnamnet Lilla Mormor; for det var berre einaste ender og ei av dei eldre og fatigare Kvinnfolki der i Bygdi, som bar denna gamle Klædebunaden.
           
Best som det var, høyrdest Klokkeklangen fraa Kyrkja yver Bekkebuldret. Else saag snøggt upp fraa Boki, bøygde so Hovudet djupt ned att og kviskrad det sedvanlege: I Jesu Namn! Men daa ho no vilde taka til Lesnaden att, skaut det henne i Hugen, at Innehaldet i Boki stod i liten Samklang med det Namnet, ho nyst hadde nemnt, og med den Gjerningi, som Kyrkjeklokkurne kallad henne og alle døypte til. Ho vart næsta rædd den sterke Klangen her inne i den audslege Skogen, der Knausar og Kampesteinar reis paa baade Sidur aat det fossande og fræsande Vatnet. Det kom fyre henne, som vonde Vette talad med Bekkens Mæle og freistad aa ropa yver Klokkeklangen; ho slo ihop Boki, som manad fram hædande Røyster inni henne sjølv, Røyster som berre spottlog aat henne, fyrdi ho bivrad og kjende seg hjelpelaust einsleg midt ibland sterke, velduge Krafter, vonde og gode. Ho reiste seg upp og vilde fly, men daa tagnad Klokkurne; no var all Otte og Fælske burte med ein Gong hjaa Else, og ho sette seg ned fyr aa tenkja yver Orsaki, so som det sømer seg ein Filosof.
           
Gamle Katekjesleksur! mullad ho, likesom fyr aa stagga ein ny Talar inni seg. Kvat skal vel eg gjera i Kyrkja, no eg veit, at ingi danad Menneskja trur paa det, som der vert sagt; detta stod a tydeleg aa lesa i det Bladet, som vaar eigi Kyrkejverja i Dule skriv Brev aat um Faakunna aat Folket her i Bygderne. Ibland kjenner eg vel enno ein underleg Hug til aa høyra Orgurne og Salmesongen, - men det kann daa ikkje vera fyr annat enn det, at eg likar Musik og at eg sjølv kann syngja; var her Konsertar, gjekk eg nog likso gjerne paa deim - - Er detta syndige Sunndagstankar? Tøv! Kvat er vel Synd og Sunndag og Gudstenesta annat enn menneskjelege Uppfinningar, just som Kyrkjeverja segjer - - Underkegt Snakk, um Kyrkja og Gudstenesta! heldt ho fram, høgre og i Tvismetone. Gjeng vel unge Gjentur no fyr Tidi dit fyr annat enn aa visa sine nymotens Klæde med Tuniker, Frunsur og Slødur? Slik hev ikkje Mor Raad til aa gjeva meg, ikkje fekk eg Lov til aa ha det helder, endaa um ho kunde kosta det. Difyr klæder eg meg i ein reint gamaldags Bunad han vert aatgaadd av reisande Folk og legg eit poetiskt Ynde elder Glans kringum meg. Denna siste Meiningi hadde ho ikkje gjevet Ord annat enn i Tankarne, og no greip ho til Boki si atter. Men paa nytt Lag tonad Klokkeljoden, no til ei stutt Samringjing, og likesom Boki hadde brennt Fingrarne hen- nar, slengde ho henne ifraa seg paa Mosen, tok fram eit Hefte av ein Roman og vilde just til med den; daa drog ei Hand Skautet sakte burt fraa Nakken og Halsen paa henne. Ho braadde i litegrand og vende seg ikring og møtte eit venleg smilande solbrennt Andlet. Thomas, kor du skræmde meg!
           
Du trudde kannhenda, det var Bekkemannen, elder kannhenda sjølve Skogsmannen med dei lange, lange Beini! skrattad Thomas, kleiv yver paa hi Sida av Kampesteinen og sette seg breiddmed Else.
           
Aa! slikt trur eg ikkje meir paa, svarad ho modugt, for no var ho ikkje eismall lenger. Men du trur paa deim, du.
           
Eg trur paa vaar Herre; men eg trøyster meg ikkje til aa negta, at det er slike Vette til, som dei eg nemnde, og at Skogfrui 1) finnst, er visst, for ho tryllte daa fyrre Hausten han Lars-Ols Ola, for han ikkje var rett i Hovudet i heile aatte Dagar, etter det han hadde sett henne her frammed Aai, som ho sat og kjembde det lange gule Haaret sitt, svarad Guten aalvorsamt.
                                                           
( Meir.)
 
1) Skogsnufvan.