"Har du hørt, hvad Svensken siger?"

[Del 2 av 4. Fyrste delen.]
 
(fraa No. 5.)
 
Gøteborgsposten og ymse andre Svenskar trur, at um dei kom med Ufred til Norig, so skulde det berre verta som ein Parademars, og dei skulde snart læra Nordmennerre aa veta hut. Nordmannen, meiner dei, er som ein raudhærd Pojke, som nyst er komen fraa Skulebenken, og som den eldre, gulhærde Broren tek i Luggen og lærer Folkeskikk, naar han er trassig. (Detta hev stadet i Aftonbladet). Me kjenner Gutungen me, me veit korleids me skal taka han, segjer Dansken (So paa Lag stod det i eit annat svenskt Blad. 1 )
           
Mange, mange Svenskar trur, at Svenskarne og Karl Johan greidde det so glupt i 1813 og 1814, og at me greidde oss fælande ille. Svenskarne og Karl Johan fridde Europa fraa Napoleon og fekk Norig til Løn, og Nordmennerne var som ein raudhærd fregnut Unge, som sparkad imot ei Stund, men gav seg, daa han fekk kjenna hur svenska stålet biter.
           
Det er inkje so mykje aa undrast paa, at eit ærekjært Folk med slik herleg Soga som Svensken gjerne vil taka seg for store Tankar. Det kann ingen fortenkja Svensken i, um han i mange Aar totte det var tregelegt, at eit Folk med slike Storætter som Mørner, Sandels, Essen, Platen, Adlercreutz, Adlersparre og mange fleire etter ei lang Herferd i Tyskland og Danmark skulde gjeva burt svensk Pommern mot aa faa Norig, og so inkje fekk annat av Norig enn berre Norigs Part i den dansk-norske Statsgjeldi (som elles Norig sidan betalte sjølv). Detta var eit tragi-komisk Resultat, og dei fine Utreikningarne av Diplomatarne var gjorde til inkjes av Reinskyttarar og Fiskarar. At nokot av denne gamle Harmen heng i endaa her og kvar, kann ein helder inkje undrast paa, men so fær Svensken tola og, at me inkje finn oss i allslags skarveleg Medferd.
           
Det er meir aa undrast paa, at baade me og Svenskarne kjenner so litet til Soga vaar i Fyrstningi av detta Aarhundradet. Svenskarne tykkjest vera store Karar, og me tykkjest vera liksom vaate Hundar, naar Hendingarne i 1814 kjem aa Vange, og detta hev inkje voret til Bate fyr eit godt og fredelegt Broderlag. No skal me endaa faa høyra slikt, som at kvar dannet og fædrelandssindet (Misprenting, skal tru, fyr fædrelandsfiendsk?) Nordmann held med Gøteborgsposten.
           
Kvar Mann veit, at det var inkje rare Greidurne her uppe i Norig i 1814. I Danmark var det so kleint med Heren, at den Hjelpestyrken, som skulde fylgja Fransmennerne, Veters-Dag laut marsera i tunne Lerefts-Brøker, og elles var det so grøtelegt Stell med alting, so den danske Styrken knapt var god til aa koma av Stellet. Endaaulikare var det sjølvsagt i Norig. Radt til Slutten af Juli 1814 var Kristjan Fredrik, som styrde alt aaleine, viss paa, at det inkje skulde koma til Ufred, og gjorde ingenting i Stand. Soldatarne hadde voret ute i eit halvt Aar, men i all denne Tidi hadde dei berre leget yrkeslause her og kvar paa Gardarne og i Byarne fraa Elverum til Fredrikshald, og der hadde inkje voret større Samlingar, og soleids hadde dei inkje øvt seg upp i Hermanns-Liv og Disiplin, men hadde vant seg til aa lata seg og raada seg sjølve, det verste ein Soldat kann læra. Detta hadde voret faarlegt fyr ein god Her, og den norske Heren var inkje nokot utifraa god. Nordmennerne er av Naturen sjølvstyrne og stivlyndte; dei vil helst arbeida kvar fyr seg og hev inkje godt fyr aa slaa seg ihop um større Fyremaal. Attaat detta er det nokot ujamnt, ustødt aa leitutt i det norske Folkelynnet, so Nordmennerne nokk vil taka kvasst i, naar det gjeld paa i ei Snarvending, men so vil dei hava ei skikkeleg Skoft baketter. Og detta synte seg paa Soldatarne, og den Upplæringi, dei hadde fenget, hadde helder gjort desse nationale Merke større enn mindre. Fraa 1718 til 1808, i 90 Aar, hadde det voret Fred (so nær som den vesle Herferdi i 1788). So kom Ufreden i 1808. Heren fekk inkje øva seg upp i store Slag, nokot som fyr lange Tider kunde verkat godt paa Folket (liksom i Sverik), men Ufreden løyste seg upp i Smaaslaasting, og det gjekk paa same nationale Vis som paa Karl den tolvtes Tid: Nordmennerne var inkje prutne paa aa røma ein Skanse (som Blakjer Skanse) fyrutan Slag, elder taka Beini paa Nakken, fyrr dei saag nokon Fiende, men rett som det var gjorde dei Yverfall paa Fienden so dristuge og umtenkte, at den beste Heren hadde havt Æra av det. Um den norske Heren kann me segja det same som um det norske Folket: Det hev ingi Upplæring havt.
           
Det er inkje langt ifraa, at det svenske Folket og den svenske Heren var rake Motsetningi. Det svenske Folket hev under Adelsveldet lært seigt og jamt Arbeid, og Heren hev lært aa slaast i skikkeleg Fylking og hev fenget i seg ei militær Aand, som er uvanleg fyr eit Folk, som er so litet og fatigt. I 1813 hadde den svenske Heren voret i Tyskland og skulde liksom vera med mot Napoleon. Etter den Kunnskapen, me fær paa Skulen i Norig, trur dei fleste av oss og venteleg av Svenskarne med, at Karl Johan med den svenske Heren gjorde ei Sigerferd i Tyskland, at Karl Johan var det store militære Geniet, som kunde vinna paa Napoleon, og at han var Sjælen i det store Samlaget mot Napoleon. Detta hev i den seinare Tidi fleire upplyst inkje er sant. Svenskarne var inkje med, aa kalla, mot Napoleon. Karl Johan var inkje ein stor Herførar (han var klok, men ein Fantast, segjer dei nyare Forskarar, tvihugad og kunne inkje taka ei fast Avgjerd). Samlaget av Stormagterne mistenkte han, av di han inkje gjorde det, som dei hadde ventat av han, og dei visste, at han tenkte likso mykje paa aa verta Kjeisar i Frankrike etter Napoleon som paa aa verta Konge i Sverik, og difyr heldt Samlaget Karl Johan utanfyr sine Raadleggjingar, so han gjekk reint som i Myrker, og det gleddest, daa det kom Tidend um, at Nordmennerne reiste seg, av di det inkje unnte han godt. Men endaa Svenskarne inkje hadde havt Tilføre til aa vinna seg Æra paa Slagmarki, so hadde dei daa lært Feltlivet tilgagns og hadde ved detta fenget ein uhorveleg Fyremun fyr Nordmennerne.
           
Dei norske Soldatarne var jammerleg klædde; dei hadde mest slitet Uniformi av seg, so mange laut taka sine eigne Klæde til Hjelp elder bøta med graatt og grønt Klæde. Svenskarne hadde fenget nye Uniformer i Tyskland og var godt uppklædde, daa Ufreden tok til. Nordmennerne hadde so kleint Krut, at Kaptein Fleischer 7de August 1814 klagar i ein Rapport, fyr di Fienden kan beskyde Nordmændene i en Afstand af 7-800 Skridt, medens Nordmændene ikke gjøre noget sikkert Skud paa større Afstand end 200 Skridt. Nordmennerne fekk inkje skikkeleg Mat. Fyr det meste fekk dei Sild og Stokkfisk istadenfyr Kjøt og Flesk og tidt umalen Havre, som dei laut eta raa, daa det aldri vart Tid til aa mala og baka, av di Soldatarne laut fara som ein Fjødrveng snart hit og snart dit. Kvar den, som hev minste Skyn paa militære Saker, veit, at i Ufred døyr det mange fleire av Sjukdom og Naud enn av Saar, og at naar Soldatarne fær berre salt Mat, som Sild og slikt, kann Fienden gjerne standa med Henderne i Lumma, for daa er Sigeren hans. Svenskarne var godt fødde. Nordmennerne, som var uppstellte paa ei lang Forsvars-Lina fraa Elverum til Enningdalen, aatte inkje Forraadshus, som laag lagleg til, so Soldatarne kunne hava nokot aa taka til, naar dei var paa Marsar. Svenskarne kunne aldri koma til aa lida Naud, daa det var dei, som raadde fyr, kor dei skulde koma til aa marsera, men Nordmennerne inkje kunne vita, kor dei kunne venta Fienden. Difyr laut Nordmennerne og halda ein Herstyrke so langt nord som i Elverum og paa Vestsida av Kristianiafjorden, og desse vart det inkje Bruk fyr; og dei hadde inkje Pengar og Mat til aa kalla inn alle Soldatarne, so dei hadde inkje stort meir enn Helvti aa setja upp mot Svensken i Smaaleni. Dei norske Herførararne var inkje øvde, og kunne inkje paa nokon Maate liknast med dei svenske, som hadde voret i Ufred mot Russen i tvo Aar og baketter tamt seg godt upp i Tyskland og hadde ein Mann yver seg som Karl Johan, som vilde slaast, men Nordmennerne hadde Kristjan Fredrik, som korkje vilde elder torde.
           
Vil ein døma rettvist um Nordmennerne i 1814, fær ein vera ved den Tingen, at ingen vitug Mann kunne venta stort av dei i ein Ufred, naar inkje nokot yvernaturlegt skulde henda, og daa vil ein sjaa, at det gjekk mykje betre, enn ein hadde Rett til aa tru. Ein av dei gjævaste Konservative her i Landet hev sagt, at det var tvo Ting, som bergjad Norig i 1814: den norske Heren og den norske Embætts-Stand; baade tvo hadde Upphavet sitt fraa Utlandet, og baade tvo freistar me no paa aa øydeleggja, hev han sagt. Det er mykje sant i detta. Men um Heren er det daa visst, at nokot av den hadde Upphavet fraa Norig, det var det Toet, som var i Soldatarne, og det var godt, naar nokon hadde kunnat bruka det retteleg; nokot hadde Upphavet fraa Utlandet, det var heile Styringi, og den var so klein som ho kunne vera, og gjorde fleire Gonger til inkjes det gode, som dei utspelte, daudtrøytte, svevnlause og kleint væpnade Soldatarne gjorde.
           
( Meir.)
 
1) Um eg inkje misminnest, var det ein Pastor Törnblad elder Törnfelt, som i 1873 i Riksdagen talad mot at dei skulde senda ein Deputation til Norig til Kryningi, daa Deputationen inkje kunne vera trygg paa Livet, sagde han. Hr. Pastoren fekk Svar som fortent paa Flekken.