Endaa eit Svar til Chr. Bruun.

(G.)
 
II. 1) Politisk Moral. Vera i Sanning.
           
Fristatsmennerne vaare fer umoralskt, segjer Bruun. Og det umoralske ved dei er det: at dei arbeider fyr Republikken, men ikkje offentleg vil vera ved det. Dei skulde fram og skriva; dei skulde faa upp Forhandling um Republikken; ikkje nok med, at dei skulde fortelja Folk sine eigne Meiningar, men dei skulde reisa Krig mot Kongedømet 2 ) . Det er eit Moral-Krav dette. Dei tarv ikkje krevja Fristaten innførd strakst; dei kann gjerna arbeida so smaatt og jamt fyr Saki si, gjerna og gjenom Parlamentarisme; men dei skal segja offentleg fraa, at dette vil dei, og dei skal segja det slik, at Ingen skal tvila um, at det dei segjer er aa taka som full Agitation fyr Republikken.
           
Dette er Moral-Kravet. Og dette Moralkravet er so strengt, at dersom dei ikkje uppfyller det paa den Maaten som Bruun vil, so gjeng det ikkje eingong an aa prøva aa forsvara dei. Ein maa vera moralsk tanketryllt elder begrebsforvirret fyr aa kunna forsvara nokot, som er so galet (Fedrh. No 64).
           
Bruun vender i denne Striden meir og meir Odden mot Bjørnstjerne Bjørnson. Det er forunderlegt aa sjaa Bruun just i denne Tid fylka seg inn imillom dei, som vil denne Mannen til Livs, just i denne Tid, daa det er so mange andre og ute etter honom. Det gjeng underleg til i Verdi, og Bruun maa væl sjølv kjenna seg rar i Hugen av aa vera komen i slikt Lag. Men ingen raar fyr sin Lagnad, og Verdi maa hava sin Gang.
           
So mykje er visst: det umoralske ved vaare Fristatsmenn er etter Bruuns Meining, at dei ikkje er i Sanning, og det, at dei ikkje er i Sanning, vil segja, at dei ikkje agiterar endefram fyr Republikken, og daa Bjørnson etter Bruuns Meining helder ikkje gjer det, iallfall ikkje heilt og fullt, og daa han fyrst og fremst skulde gjera det, so fær Ein ei Kjenning av, at det er Meiningi, at Slagordet ver i Sanning! skal sendast attende mot Bjørnson sjølv som ein Dom serleg yver honom og yver hans politiske Lagsmenn. Det var det eg visste. Det er paa den Maaten me brukar aa verja oss mot moralske Aalvorskrav. Me bøygjer dei av fraa oss sjølve og slengjer dei attende som Spott elder Fordøming mot den, dei kom fraa. Me hemner oss fyr vaar Fred og Ro, maatru; elder me hemner oss, fyrdi det var Kolumbus som fann Vegen til Amerika, og ikkje me.
           
Den Gongen Bjørnson heldt sin store Tale um aa vera i Sanning, fekk eg ei sterk Kjensla av, at det Kravet var eit personlegt Krav, som han sette upp til oss alle, og fyrst og fremst til seg sjølv, og eit Krav, som ikkje so mykje galdt desse moralske Smaating, som me alle ihop veit Greida um, berre me kann Katekisma, men galdt kvar einskild Manns indre Høve til seg sjølv, galdt det aa vera ærleg i sin eigen Tanke. Og paa den Maaten som Bjørnson kom med det, vart det nokot reint nytt fyr dei fleste av oss, eit nytt Syn, eit nytt Livssyn. Heile den moderne Realisme fossad fram gjenom det; den moderne evropæiske Aand var i det, og det vart til eit Krigsbod med lange Lurtonar mot heile den Tid, me til daa hadde livt i, men som fyr lengje sidan var sloknad i Utheimen. Og difyr kom det med slig Lidenskabens Vælde, og difyr slog det so megtigt ned: det var ei ny Tidsaand, skræmeleg fyr oss, men sterk, som bankad paa vaare gamle, vælstengde Portar. Aldri i mine Dagar kann eg tru, at Bjørnson i den Stundi tenkte serskildt paa nokot politiskt Parti elder paa moralske Abc-Reglar af det Slaget, som Bruun og eg her smaastridest um; for daa hadde Talen aldri fenget slik Lidenskabens Velde. Daa hadde det vortet Moralpræk og ikkje den store Talen i Studentersamfundet.
 
 
Nei, lat oss ikkje taka det paa den Maaten. Hev Bruun nokot ubytt med Bjørnson, so er det ein Ting fyr seg; men skal me her tala um aalmenne politiske og moral-politiske Spursmaal, so lat oss halda oss til det, som alle veit og forstend. Og daa skal eg strakst vera ferdug fyr min Part.
           
Den Setningen: du skal ikkje ljuga, gjeld sjølvsagt i Politikken som i alt annat. Hev Fristatsmennerne vaare forbrotet seg mot den? Nei. Det segjer Bruun sjølv (Fedrh. 1879, No 52).
           
Den Setningen: du skal ikkje gjera vondt. gjeld i Politikken som i alt annat. Hev vaare Fristatsmenn (politiskt) forbrotet seg mot den? Nei. Det segjer Bruun sjølv (Fedrh. 1879,No 63). 3)
           
Den Setningen: du skal gjera det rette, gjeld i Politikken som i alt annat. Hev vaare Fristatsmenn forbrotet seg mot den? Nei. Det er me samde um, baade Bruun og eg. Bruun segjer, at dei arbeider fyr den Riksformi, dei held fyr den rette, og det paa ein Maate, som er baade fornuftig og rigtig; eg segjer, at dei arbeider fyr det, som dei ser Tidi krev og Folket treng, altso fyr det, som maa og skal gjerast, det, som i alle Tilfelle er rett, - utan aa rida galne paa sin serskilde Doktrin, men sjølvsagt i Von um, at Utviklingi eingong naturlegt og rolegt vil føra fram til det, dei held fyr best. Me er altso samde um, at dei i sitt politiske Arbeid gjer det rette.
           
Altso: dei lyg ikkje, dei fornegtar ikkje sine Meiningar, dei fer ikkje med Ugagns Verk, men arbeider etter beste Vit fyr det, som dei finn er det gode. Dei er altso i det heile og store so moralske som Folk flest, og væl so det. Hev so Chr. Bruun Rett til aa stiga fram i ei offentleg Forsamling og døma dei slik som han gjorde paa Vetlehamar-Møtet i Sumar?
           
Eg meiner nei. Og det var det, som eg for min Part tok paa meg aa ettervisa. - - Den einaste Setningen, som Fristatsmennerne vaare hev forbrotet seg imot, er, etter som eg forstend Bruun, den:
           
Du skal agitera fyr di politiske Tru, i Tid elder Utid, um du gjer Gagn elder Ugagn med det, ja um du aldri so mykje ser, at Folket ikkje hev Bruk fyr elder kann gjera godt av Teoriarne dine. Men den Setningen hev nok Bruun sjølv gjort fyr Tilfellet.
 
 
Det, som Bruun vil, er stor Kamp. Folk skal ut og lata seg forfylgja, Folk skal ut og gjera seg til Martyrar. Eg kann ikkje forstaa det betre.
           
Naa ja! Ære vere alle sanne og ærlege Martyrar! - Men den ægte Martyrkransen vinn Ein ikkje paa den Maaten.
           
Dessutan: denne realistiske Tidi hev liten Sans fyr Martyrar. Det hev voret drivet for mykje Koketteri med desse Ting, dessverre. Og ingenting er lettare aa kokettera med helder.
           
Me finn ogso, at det aa jaga etter Martyrskap er - fælande lite moralskt. Det vil ingen skikkeleg Mann gjera det, naar han ikkje ser seg nøydd til. Krev Saki det; er Tidi inne; gjeld det aa vaaga eit Aalvors-Tak, - so maa det gjerast, endaa um Ein skulde koma i Skade fyr aa sjaa ut som Martyr. Men eg skal ikkje egla meg ut med Folk, naar eg sjølv finn, at det ikkje gjeld paa, - berre fyr aa faa Martyrkransen!
 
 
Nei, segjer Bruun; det er ikkje so meint. Men Tilstanden i Landet krev, at Folk talar ærlegt ut. Lufti vert ikkje sunn fyrr.
           
Lat so vera. Men Lufti vert ikkje sunnare, um me fær nokot meir Forfylgjing. Og det var det einaste, som kunde vinnast, um Ein kom med slike Tankar i Utid (dvs. naar andre Tankar og annat Arbeid samlad og burde samla Folks Kraft).
           
Me skal av all Magt arbeida fyr aa faa sunnare og friare Luft i Landet. Men vil me utretta nokon Ting med dette Arbeidet, - so skal me samla det um slike Tankar, som er uppe. I annat Tilfelle ser me berre Kjekl og Forfylgjing - ikkje Forhandling.
           
- Hellest vil eg minna um, at det er lengje no sidan i Sumar. I Sumar laag Fristatstanken nede. No er eg sjølv paa Veg til aa tru, at han snart kjem upp att. Der hev hendt eit og annat no, og det hev gjort, at Folk i Dag visst tenkjer meir paa slike Ting, enn dei gjorde i Sumar. Og so snart den Tidi kjem, at me kann faa ein skikkeleg Diskussion i Gang um Fristaten Diskussion, ikkje berre Forfylgjing, for den er til Skade fyr alle, ikkje minst fyr Folket og Lufti -, so skal vist ikkje eg vera den siste til aa ropa med Bruun paa fri Forhandling!
 
 
Ingen vil forsvara det umoralske, og alraminst det modlause. Var det so, som Bruun trur, at Fristatsmennerne vaare tagde, fyrdi dei ikkje hadde Mod til aa tala, so vilde eg fyr min Part bruka endaa sterkare Ord um dei enn Bruun hev gjort.
           
Men det er ikkje so. Det kann ikkje vera so, og me hev ingen Rett til aa tru, at det er so.
           
Ein Mann som Bjørnson, f. Ex.! Kvat bryr han seg um ein Salve meir elder mindre fraa Morgenbladet? Aldri det grand.
           
Det er Dagbladet, som hev gjort det, segjer Bruun. Dersom Bjørnson hev tagt, fyrdi dei Liberale bad, so hev han væl ikkje gjort det, fyrdi han var rædd, men fyrdi han fann, at dei Liberale hadde Rett, naar dei sagde, at det var andre Saker, som burde samla Folks Kraft no.
           
Og endaa hev Bjørnson ikkje tagt. Han hev skrivet Kongen, som kvar og ein utan Bruun daa hev funnet var eit sterkt Innlegg mot Kongedømet. Og han hev skrivet Bladstykkje, som hev voret so fæle, at Aftenbladet og andre skikkelege Folk hev korsat seg og bedet Bjørnsons Venner um aa halda litt Styr paa denne Berserken. Og no sist heldt han eit Fyredrag i Arbeidarsamfundet, som var so sterkt, at det høyrdest langt inn i Sverig.
           
Aa nei. Det er sannt som Bruun segjer: her er ikkje fælt mykje Mod her i Landet. Men at nokon fyr sin eigen Part skulde vera rædd fyr aa vera Republikanar -! So jammerlege er me daa væl ikkje. Eg gjeng i slike Ting ut ifraa meg sjølv; for eg er ingen modig Mann. Andre Folk maa vera minst likso modige som eg. Men eg vilde aldri i Verdi vera rædd fyr aa heita Republikanar, og det yver alt Landet. Me skal ikkje gjera oss verre enn me er helder. Naar eg i denne Sak hev skrivet imot Bruun, so er det fyrdi eg hev reint andre Tankar og Inntrykk av Fristatsmennerne enn han, og fyrdi eg nok hev litegrand andre Meiningar um den politiske Moralen og, - men ikkje fyrdi at eg vil forsvara den moralske Modløysa. Der den finnst, skal ho dømast, og det so sterkt som Maalet eig Ord til.
           
Hermed segjer og Bruun Takk fyr denne Gongen.
 
1) Stykkje I stod i No 71 fyr ifjor. Eg maa beda um Orsaking, fyrdi dette kjem so seint; det er leidt, men eg kunde ikkje faa det til fyrr. Og det vert ikkje rart i Dag helder, dessverre.             G.
2) Bruun er ikkje eingong fullnøgd med Kongen; det spyrst, um det er eit fullt og greidt og endeframt Innlegg fyr Republikken, segjer han.
3) Den Fremgangsmaade vore Republikanere her har valgt, er visselig baade fornuftig og rigtig. Ogsaa moralskt seet er det vistnok et Gode, at de store Forandringer i Statslivet ikke kommer for braadt.