Eit Par Ord um Folkehøgskulen.

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Slutten.)
           
Ljoset og det Sanne skal me søkja og fylgja, fyrdi det i seg sjølv eig Kraft og Liv, og Myrkret og Lygni skal me hata og motarbeida fyr Skuld den Jammer og Naud, det hev skapt i Verdi. Er Meiningi den, at Sveinarne skal veksa i Utvikling og ikkje standa i same Skora jamt, so maa dei lærast upp til aa fylgja sitt eiget Samvit, ikkje til aa herma etter den og den elder sverja til Magisterens Ord. Daa fyrst vert det og det rette Samarbeid og den rette Vyrdnad millom Lærarar og Sveinar, naar Tankarne og Meiningarne fraa alle Kantar vert upplyste og prøvde, men ikkje med det, at Sveinarne lærer seg til aa taka sine Meiningar, ja tilmed ofta Ord og Ordelag, paa Borg hjaa den og den Mannen, - han kann hellest vera so hæv som han vil.
           
Dei Menn, som vil arbeida med sann Nytte i Folkehøgskulen, maa ikkje einast vera kunnskapsrike og tolerante, men det maa attaat vera greide, opne og karakterstøde Folk. Høgskulelæraren er i minste Mon Lærar berre i sine visse Timar; han maa vera Lærar i all si Ferd, so Sveinarne fær full Vyrdnad fyr den Lærdomen og dei Livstankarne, han forkynner. Ikkje kvar politisk og livfull Natur er dermed lagad til det Yrkje. Just fyrdi Folkehøgskulen vert driven med so stor Fridom i alle ytre Former, krev han utbledde og framifraa Folk. Dei unge Menn, som slær inn paa denne Vegen, gagnar ikkje altid Saki so mykje som dei trur. Dei hev Eld og Vilje nok; men det som vantar, er Stoff, klaart Syn, Ro. Dei kann hava nok med aa aga upp seg sjølve, um dei ikkje skal prøva aa rettleida andre. Ja endaa slike Fag som Skriving og Rekning krev i denne Skulen Lærarar, som Gutarne likar og hev Vyrdnad fyre. Paa andre Skular kann Ein truga seg fram: vil du ikkje vera med i eit og alt og gjera som du skal, so Mars ut! Men Folkehøgskulen maa taka det fraa den godslege og lempelege Sida, serleg under dei Vilkori han hev hjaa oss. Og daa gjeld det, at Læraren endaa i dei minste Fag hev Gutarne fullt med seg. Som det no er, gjeng det stundom mindre godt. Desse uvande Fagi vert oftast slengde til ein elder annan ung Lærar, Seminarist hell sovoret, og han, som er van med Eksisen paa andre Skular, vil og gjerna taka det paa Ekser-Vis, og det er ikkje sagt, at tjugeaars Gutar altid hev Hug til aa lata seg segja fyre av ein Jamnaldring. Difyr stend Folkehøgskularne og gjerna attende i dei praktiske Fag, og det er ikkje godt, - kor sannt det enn kann vera, at den aandelege Vekkjing maa vera det fyrste.
           
Det er eit gjengs Klagemaal mot Skularne vaare, at Lærdomen deira ikkje duger fyr Livet, fyr det daglege praktiske Liv. Det same vert sagt og kann au segjast um Folkehøgskulen, alt um det er paa ein annan Maate. Gutarne vert her førde inn i ein Draum- elder Diktheim med store Ideal fyr Augo; detta kann vera godt i seg sjølv; for Ungdom utan Idealitet er med det vonlausaste me veit. Men det usunne er, at alle Gutarne, som i Hug og To langtifraa ikkje kann vera likaeins laga, og helder ikkje like langt framme i Gaavur og Utvikling, skal melta same Kosten. So stort Lag vert det endeleg ikkje lagt paa det: ver i Sanningi, ver det, som du hev Natur og Hug til, og gjer berre ikkje det, som er stygt og vondt. Men Fyremaalet synest vera, um det ikkje just vert sagt: vert fyrst og fremst Folkehøgskulelærar, Storthingsmann, hell Talar, Diktar, hell Redaktør. Diskussionsmøti med dei haandskrivne Bladi paa Vers og Prosa kann koma til aa føra vidare i same Leidi. Gutarne kjem lett inn paa ein Uveg med Hallingkast og Bukkesprang einast fyr aa vinna Kjyt og Ros, og fær so ein eit Klapp og eit godt Ord som gaaverik og kvik Gut, so fell detta ofta i altfor god Jord. Guten gjeng fraa den Dagen av som Kulten, og det hev baade han og dei andre ofte vondt av. Hugheil og i stor Tru til seg sjølv gjeng han so ut i Livet og tek det som eit Dikt, som han kann bøygja og laga etter eiget Tykkje. Men aa taka Livet som det er og bøygja seg sjølv etter det, - det veit han ikkje av, fyrr han hev smellt Hovudet nokre Vendur mot Veggen.
           
Etter Namnet skulde Folkehøgskulen hava sitt største og rette Yrkje i det folkelege, humaneUpplysningsarbeidet og soleids ikkje hava Religionen som visst Fag. Religionsundervisningi heve og bør hava si beste Stydd i Heimen og i Kyrkja. Um vaart Kall og Arbeid i denne Verdi er det, Folkehøgskulen skal gjeva oss Rettleiding, alt um Kristendomens Grunntankar maa vera liksom Traaden gjenom det heile. Difyr skulde Gutarne minst av alt kastast inn i nokon kyrkjeleg Strid, som dei hev lite Vit paa aa greida seg igjenom. Naar Skulen gjev rikare og sunnare Folkeupplysning, so hev han gjort det han skal gjera til Framhjelp av sunnare Kristenliv; det er i Skodda og Graaver, den sure Pietismen gror, ikkje i klaar Dag. Alt Braaket og Glamen, Folkehøgskulen no um Dagen stend i, slapp han og lempelegare ifraa daa. Folkehøgskulen og Prestarne, som no alt i eit ligg i Luggen paa kvarandre, kom daa til aa arbeida meir kvar fyr seg, og kvar fyr sitt. Daa kunde me og faa meir Rom og Ro til aa sjaa, kven som hadde Sanningi paa si Sida, istadenfyr no ser me berre som ein Røyk, ein Eim yver det heile. Og Krafterne tærest burt i ein Strid, som ingenstad fører.
           
I Politikken skulde heile Krafti leggjast paa aa gjeva Gutarne Upplysning um Samfundsskikken som han er og som han hev vakset fram. Gutarne skulde ikkje paa Skulen faa ferduge politiske Uppfatninger liksom til gjevande eller lærast upp til aa døma so friskt og fljott um alt det, som kanskje fell inn under Lærarens Kritikk og Dom; dei skulde førast so langt fram, at dei fekk sjaa Samanhengen i den politiske Striden, dei djupe historiske Grunnarne paa baae Sidur, og so kunde dei gjera seg upp ei Meining sjølve. Ein skulde ikkje vera so rædd fyr annat enn at dei i det store og heile valde det rette og valde dei galet fyr ei Stund, so hev Sanningi ei Magt i seg sjølv, som dreg paa Leid att -; men iallfall vart dei ikkje paa den Maaten so lett til umyndige Ettersnakkarar, som berre kann ei lærd Leksa, men som hev vandt med aa arbeida seg upp til eit personlegt Standpunkt.
           
Folkehøgskulen er meint paa aa vera ein national Skule, og det maa han vera, um han vil vinna nokon full Livsrett. Det er daa sjølvsagt, at Gutarne paa denne Skulen maa faa full Greida paa Maalsaki, daa den her i Landet er liksom den faste Malm og Merg i det nationale Arbeid. Modersmaalet er no og den Grunnen, som Folkehøgskulen i seg sjølv kviler paa. Men i denne Vegen vert det visst enno lite gjort paa den norske Folkehøgskulen. Det er ikkje nok, at Gutarne lærer aa skriva Landsmaale; mest galdt det um, at Talen vart lagd nærare til det norske. Folkehøgskulens Arbeid i Maalsaki gjeng ikkje den rake Vegen, men helder litt paa tverke. Det livande Ordet, som han legg slikt Lag paa, er ikkje Maalet hennar Mor, men Stjukmor sitt Maal, innmengt med Framandord og framande Tankar i Hopetal. Gjenom Fyredragi syg Gutarne so i seg alt dette Framande, at naar dei skal skriva paa norsk, so tenkjer dei unorskt, og daa det vert verre enn vondt. Folkehøgskulen er enno ikkje komen stort lenger i dette Stykket enn fleire av vaare andre Skular. Ein kann segja, at Folkemaalet enno er lite dyrkat, at Ein kann ikkje venta meir av Høgskulen. Nokot er der i det. Men skal me vinna nokon Veg, maa her arbeidast, og litt lenger kunde væl Folkehøgskulen vera komen, um han hadde lagt Aalvor i Arbeidet. Lærararne hev nettupp det beste Tak til aa segja seg inn i Maalet; for Gutarne, som dei samlar ikring seg rundt or Bygderne, kunde her vera deira Lærarar.
           
Dette, som her er sagt, høver ikkje alt like mykje paa alle Høgskularne. Eg kjenner litt til Lærararne ved dei beste; men ingen Skule stend fyr meg so høgt og med slik ei Framtid som Christofer Bruuns. I eit og alt er eg slett ikkje samd med Bruun; men eg trur no helder ikkje han er av dei som vil, at Gutarne i eit og alt meiner som han sjølv. Men um Bruun i sumt kann hava nokot aa læra av dei andre, so tor eg likevæl trygt setja hans Skule upp som Mynster i Reinleik og Sanning.
           
Meiningi med dette er ikkje aa ropa nokot Varsku mot Folkehøgskulen; tvertimod, det er mitt varme Ynskje, at Ungdomen vil krulla seg tjukkt kring den. Det skal Folkehøgskulen prisast fyre, at han meir enn nokon annan Skule vekkjer ei Kunnskapstrang, ei Lengting etter aa gjera nokot godt og fagert, og eit Mod, som fyr aa naa sitt Maal fyrr brest hell det bognar. Mykje av det Livet, som nører seg rundt i Bygderne, hev me den aa takka fyre. Og Høgskulelærararne hev ofrat seg fyr Tanken sin som faae og hev gjenget til Arbeidet sitt med ei Tru, ei Von og eit Mod større kanskje hell nokon annan. Difyr skal dei hava Takk og Vyrdnad av alle sanningskjære Folk, og det, dei enno hev aa læra, maa retta seg etterkvart.
                                                           
G. E.