[Um fri Tenkjing og "Fritenkjing"]

Um fri Tenkjing og Fritenkjing skriv ein Innsendar, som ikkje er Fritenkjar: Det var eit vaaglegt Verk aa reisa Kravet um fri Diskussion. Men væl var det, um Diskussionen kunde koma og klaara litt upp i all denne Tankeskodda. Dessverre er det mange som inkje kann skilja millom fri Tenkjing og Fritenkjing dvs. Gudsfornegting, og som trur, at den som vaagar aa kny um nokon Ting av det, som Folk fraa gamalt er vane med aa tru, han fornegtar Gud. Dei sansar ikkje, kor mykje dei sjølve i Livet fornegtar av det, dei i Læra trur paa, - og det skulde væl væra det verste av alt: aa liva beint imot det Ein sjølv trur. Fekk kvar Mann meir fritt til aa velja, vilde dei, som valde Trui, koma til aa tru meir i Sanning og Aalvor; men dei, som ikkje trudde, vilde meir kasta Hamen og syna seg som dei var. Det er det personlege Andsvar, som er Grunnen i det me kallar fri Tenkjing, og er det so, daa kann eg ikkje sjaa nokot so fælt i det. Kristendomen krev paa sin Maate det same.
 
Fedraheimens Program. Det hev komet fram eit og annat her i Bladet i seinare Tid, som synest visa, at sume Folk vil hava Fedraheimen til aa vera eit Maalstrævblad, som inkje skal skriva um stort annat, enn um sjølve Maalsaki. Eit slikt Maalblad vilde i denne Tid mest vera verre enn ingenting. Me vilde ikkje hava det. Eit Maalblad, som mol og rødde jamt og samt um Maalsaki og Maalet og inkje um annat, vilde skræma oss reint ifraa seg. Nei; me vil hava eit Maalblad, som er ægte norskt baade i Hug og Ham, men som just difyr kann tala um alle Ting og alle Tankar som er framme, utan aa gjera Programbrot. Me maa hava eit Maalblad, som kann syna oss, korleids Kulturtankarne ser ut, naar dei vert tenkte og framsette paa norskt. Maalbladi maa inkje gjeva Motstrævaranne Vatn paa Kverni, naar dei segjer, at Maalsaki vil stengja oss ute fraa hi Verdi; dei maa helder vera som ei einaste Motsegn mot slik Tale. Maalbladi maa som alle rette Folkeblad arbeida fyr aa stydja alle sanne Framgangstankar i Folket, inkje berre Maaltanken. Dei maa helder inkje, daa dei stend paa kristeleg Grunn, vera rædde fyr aa segja Sanningi, anten ho no er tung elder lett aa høyra, - Det er likt til, at det er her, Fedrah. hev forbrotet seg; han hev sagt beint fram, at me hev Ting hjaa oss, som inkje er betre enn dei, som vilde fylgja av visse nyare Tankar (t. D. Hellenbachs). Han hev inkje takkat Gud fyrdi me var betre enn andre Folk! Eg trur, at det, han her hev sagt, er nokot som me lyt finna oss i aa høyra, og som me kanskje kunde hava godt av. Fedrah. hev lovat, at han vil arbeida fyr sann folkeleg Fridom, og det hev han til dessa gjort. Det skal han hava Takk fyre, og eg kan inkje sjaa, at han hev gjort nokot Programbrot. 1) For der høyrer meir til sann folkeleg Fridom en Maalsaki, endaa den hjaa oss maa vera Grunnlaget. Maalmennerne maa inkje gjera seg til Papegøyer, som stend i Bur og inkje kann segja meir enn ein Setning: Me vil ha norskt Maal!
           
Tromøy, 19 Jan. 1880.
                                               
Andr. Hansson.
 
1)