[Stavanger]

Stavanger (Brev). Arbeidsfolket i Stavanger hev havt det vondt i desse laake Tider. Dei gjeng i store Flokkar utan Arbeid og mest utan Mat. No i fyrre Vika flokkad dei seg ihop og gjekk til Byfuten og Amtmannen og bad dei bruka ei Raad til at skaffe Arbeid, daa dette ikkje kunne haldest ut lenger. Det ser hellest ut til, at Hjelpi no kjem fraa ein annan Kant. Det hev frametter Vetren voret ymse Merkje til, at Sildi stod under Land, og no skal ho vera komi so langt inn, at Garnfisket er i full Gang. I Kvitsøy skal Mengdi av Baatar liggja fullastade, daa der ikke er komne Uppkauparar nok, og likaeins i Tananger skal der vera mange Baatar.
           
Trast fyre Jol vart det innvigt ei ny liti Kjyrkja elder Kapell attmed Tananger, det vert andre Annekset til Sola og fær 6 Prestur um Aaret.
           
Paa den nye Eksermoen paa Madla held dei no paa aa byggja Brakkur. Det er Mandomsverk, denne Bygnaden, og syner, at um Soldaten tidt kann hava Grunn til aa klaga yver Husrom under Eksisen, er det ikkje med Landsstjorni sin bedste Vilje; det hender jamvel, at um Staten bevilgar Pengar kann dei øydast upp utan aa gjera den Nytten Ein tenkte. Soleids kan Ein hava Grunn til aa tvila um Gagnet av dei Pengarne, som er brukte til Utveiting af den nye Moen, og naar det gjeng ymist med eit so beintfram Arbeid som aa grava Veitur, so kann Ein ikkje undrast, um det gjeng av og til med annat, som kann vera mindre greidt. Nyleg er der i Sandal i Madla funnet ein uskadd Flintkniv. Folk segjer, at slike Saker ikkje fyrr er funne so nær Stavanger.