Utlandet.

Formennerne fyr dei franske Thing er attvalde, Gambetta fyr Folkethinget og Martel fyr Senatet. Det hev voret Undring yver, at Gambetta ikkje vart vald med kvalificerat Fleirtal. Folkethinget hev no 530 Medlemer, men Gambetta fekk berre 259 Røyster, mot at han fyrre Gongen vart vald med 314. No var det 308 ialt, som røystad, og etterdi at heile Høgre heldt seg ifraa, maa det ytste Vinstre og sume av hans eigi Fylking, Union républicaine, ha røystat imot honom. Dei er misnøgde med honom, fyrdi han, endaa han er Førar fyr Fleirtalet og held sterkt paa det parlamentariske System, hev trutt seg sjølv aa vera yver det, so han ikkje hadde nokon Skyldnad til aa skipa eit Ministerium, men helder til aa spara seg, til dess han fann Tidi lagleg fyr seg.
           
Den 16de Januar las Freycinet upp fyr baade Thing ei Kunngjerd fraa Ministeriet um, korleids det er meint paa aa styra. Det vil halda fram med den same vislege og hovsame Politiken, som det fyrre Riksraadet fylgde. Ministerskiftet tyder berre, at Frankrike no kann tryggt skrida fram med dei naudsynlege Umbøter Stig fyr Stig. Det nye Riksraadet vil søkja Senatet sitt Samtykkje til Skulelogjerne, som Folkethinget alt hev teket ved, og leggja fram Logforslag um Prentefridom (men ikkje ubunden) og Samlingsrett. Riksraadet vil leggja Vinn paa aa faa fullført dei store aalmenne Arbeid, som er fyresette. Tollgreidorne vil verta tekne fram til Dryfting, og Regjeringi vil i den Saki halda seg paa ein Standpunkt, som høver Tidi. Regjeringi vil beda Thingi onna seg med Herlogerne. Etterdi Riksinnkomorne hev gjevet Yverlaup, kann Regjeringi fyreslaa Nedsetning i Skattarne. Landslogerne vil ho freista aa setja i Verk med Hovsemd, utan Mannemun, og i frilyndt Aand. Ho vil fyre alt stræva til aa gjeva Landet tvo gode Ting, som er umissande: Fred og Ro. Utan aa gjeva upp nokot av vaar Fastleik, vil me vera forsonlege, for me me vil ikkje stengja nokon ute, men føra alle saman og grunnleggja ein Republik, som alle Fransmenn lite um Senn kann samlast i. Uttalet vart motteket med større Samtykkje i Folkethinget enn i Senatet. Bladi aat Union républicaine segjer seg vera fullnøgde med Kunngjerdi. Vinstre Centrum og ytste Vinstre er misnøgde, fyrdi Amnestispursmaalet ikkje er umtalat; for Centrum ynskte, at Riksraadet skulde sagt fraa, at det Spursmaalet no var endeleg løyst, og ytste Vinstre ætlar ikkje sleppa sitt Krav paa aalmenneleg Gløyming.