Frua og Frøken.

Det var nyst umtalat i eit Blad, at der paa ein Stad skulde hava voret ei Fyremæling um, at me no skulde bruka desse Nemningarne, Frua og Frøken, um Kvende av Bondestand so vel som um andre. Her i Bladet stod det og nylege eit Ord um det same, og detta Stykket kann eg no i ymse Maatar godt samtykkjast med; men so vilde eg daa gjerna, at der skulde vera sagt nokot meir um denne Saki.
           
Um Ordet Fru (elder Frua) er no ikkje so myket aa segja; for det er so gamalt kjennt i Landet, at endaa gamle Snorre nemner det i Innleidingi til si Kongesoga (Ynglinga Saga 13 Kap.); men Snorre veit og aa fortelja, at det gamle norske Ordet var Frøya (Freyja), og at detta er Upphavet til Ordet Husfrøya, som sidan heve voret brukat um kvar Kona, som heve Hus elder Bustad. Det er soleides det same som Husmoder elder den som raader fyre Hushaldet.
           
Ordet Frøken heve derimot ingen Grunn i vaart Maal. Tydskarne hava eingong havt eit Kjælenamn Fräuchen (d. e. Litle-Fru); men dette Ordet synest no vera reint avlagt, og i Staden fyre det bruka Tydskarne eit annat Ord Fräulein. Derimot heve detta Frøken-Namnet hengt seg fast i Danmark og Sverige. I lange Tider var det no so, at det var berre hjaa visse Embættesfolk, at Tittelen Frue og Frøken var i Bruk; men fyrr nokre Aar sidan hadde dei i Danmark funnet ut, at fleire Kvende burde njota den same Æra, og fyrst og fremst dei, som gjorde Tenesta ved Theatret. No er det jamnan so, at naar ein slik Stortanke kjem upp i Kjøbenhavn, so kjem han og til oss, maa vita; og soleides vart det ikkje lenge, fyrr ein saag paa Theater-Plakaten, at alle vaare Madamer og Jomfruer hadde berre med eit Pennedrag vordet umskapade til Fruer og Frøken. Og naar desse Folki hadde fenget slik ei stor Uppreisning, so var det ventande, at fleire med vilde hava same Retten.
           
Men kvat Vinning det no skal vera aa setja Frøken i Staden fyre Jomfru, det er nokot, som er vandt aa skyna. Vistnog er det so, at Ordet Jomfru er nokot avskapat i Formi; men so heve det daa altid ein god og gamall Grunn. Etter vaare gamle Kongesogor er det likt til, at det fyrst heve voret so tilstemnt, at Ordet Fru skulde gjelda fyr alle Hovdinge-Døtter baade gifte og ugifte, lika eins som det franske Dame og det engelske Lady; men med Tidi heve daa Folk viljat hava ein Skilnad imillom gifte og ugifte, og daa vardt det her likasom i Tydskland, at den ugifte Fru vardt kallad Jungfru (d. e. Ungfru). I Soga um Kong Haakon den gamle (kors 1263) sjaa me, at Nemningarne Fru og Jungfru paa den Tid var i fullt Bruk, og serlege verd Kongsdotteri Kristin fleire Gonger nemnd som Jungfru. Nokor Tid seinare vardt det skrivet Jomfru, so som i Brevom fraa Biskop Haakon i Bergen (umkring Aaret 1338); og denne Formi Jomfru heve sidan haldet seg her likasom i Danmark, medan Svenskarne hava haldet paa den gamle Formi: Jungfru. Men anten ein no vil segja Jomfru elder Jungfru elder Ungfru, so heve daa dette Namnet eit vyrdelegt Upphav, og det er og paa ein Maate helgat, med di at me i vaaar Barnelærdom hava lært aa nemna Jomfru Maria, som og er kallad vaar Fru, so at Fru og Jomfru i dette Tilfellet gjelda likt; og denne Sedvanen er gamall og likaso væl norsk som dansk. Og i Samhøve dermed er ogso Ordet Jomfru vyrdt som eit Heiders-Namn, medan derimot det heimlause Frøken-Namnet heve ein framand Klang og dermed liksom tyder paa, at det er nokot, som ikkje høyrer Landet til.
           
Elles kann eg no ikkje sjaa, at det just no skulde vera slik Torv og Trong til aa merkja Folk med slike Titlar, som dei ikkje era vane til, og som dei fleste vist aldri skøyta nokot um. Eg tenkjer, at det vist er mangei vyrdande Kona, som helst vil vera fri fyr Frue-Titelen, og mangei vitug Gjenta, som aldri heve nokon Hug til aa heita Frøken. Der er talat um ei Tiljamning imillom dei ymse Greiner af Folket, so at alle skulde verda meir jamlike og laga seg etter same Mynstri. Dette kunde altsaman vera godt og vel, naar berre denne Tiljamningi gjekk ut paa nokot, som var heimhøvelegt og landsfolkelegt elder nationalt, som dei kallar det. Men naar alt gjeng berre ut paa aa skapa seg til etter dei rikaste og stoltaste Folk i andre Land, og naar all ny Tilskipnad skal draga med seg ei Rekkja av framande og heimlause Ord og Nemningar, so tykkjer eg ikkje, at slik Tiljamning kann vera til nokot Æra fyre Landsens Folk. Men dette er no ein Ting, som der vilde vera mangt og myket aa segja um.