[Notisar]

Kristiania, den 23de Januar.
 
Embættsutnemning. Landsdomar Platou til Formann i andre Deildi af Kristiania Stiftsdomstol; H. Bugge til pers. Kapell. hjaa Presten i Vaage.
 
Avskil. Direktør ved Aas Landbrugsskule F. A. Dahl med Etterløn 4800 Kr.
 
Den danske Skalden, Dr. Schandorph, som i det seinste hev ført ein svær Strid med Carl Ploug um Politik og Skaldskap m. m., hev fengjet Diktarløn av Riksdagen 1000 Kr. um Aaret.
 
Paa Botnen av nokre Dammar i Nevadabergi i Nord-Amerika hev dei funnet ei Mengd runde Steinar, store paa Lag som Valneter; dei inneheld Magnetjarn. Naar ein straar deim paa eit Golv elder ei onnor Flata i ein Avstand av 2-3 Fot, tek dei strakst til aa rugga paa seg og samlar seg snart i ein Dunge. Ligg dei i Hop,og Ein legg den eine Steinen 3 1/ 2 Fot burt fraa dei hine, gjev han seg endaa paa Ferd, men lagd i 4 Fots Avstand vert han liggjande roleg.
 
Cand. theol. Bruuns Bok: Et Livsbillede af Dansken Biskop Grundtvig er no ferdug og ventast i Bokhandelen med det Fyrste.
 
Folkehøgskularne i Seljord, skriv Oddmund Vik til Fedrh., vart opnade med eit Folkemøte um Sundagskvelden den 5te Januar. So full som daa heve eg endaa aldri set den store Bjørge-Stova, der var vist yver dei 400. Maandagen var det ogso Møte med Fyredrag og Ordskifte. Det er hugsamt aa sjaa, korleids her stødt er komen ny Ungdom til. Ved Høgskulen fyr Gutar er det no aa rekna 42. Skulen vert halden paa Bjørge. Ved Gjentehøgskulen er det 28. Den vert halden eit Stykke ifraa den andre. Det tykkjest alt aa syna seg, at ein fyrst fær fram det rette Samspelet, naar ein slik heve Gutar og Gjentur til same Tid. Lesararne av Fedraheimen vil gleda seg ved aa høyra, at vel Helvti av Gutarne og alle Gjenturne skriv Norsk. Ein skal hava god Von um, at Skulen i Aar fær arbeide i Fred og ikkje som ifjor maa bruka Sverdet rett som det er. At ikkje Høgskulesaki er komi inn i Atterberingi som so mange spaadde fyrskuld dei harde Dystarne ifjor -, det syner dei mangmennte Møti baade her i Bygdi og andre Stader.
 
Den Gaava, som Kongen hev veitt til Domkyrkje-Arbeidet i Throndheim, 2000 Kr. aarleg, hev H. M. fyr detta Aaret aukat med 2000 Kr. Dronningi hev fyrr gjevet 1000 Kr. til eit Kristusbilæte i Marmor aat Høgaltaret.
 
Sparebanken i Aalesund hev ein Underbalance av 350,000 Kr. Dei arbeider paa aa faa
han i Gang att under eit nytt Styre.
 
Den svenske Riksdagen vart opnad fyrre Laurdagen. Trontalen inneheldt inkje nokot av Vigt, naar me undantek Spursmaalet um Herordningi. Um den skal framsetjast Forslag i öfverensstämmelse med de grunder, som riksdagens båda kamrar under föregående öfverläggningar godkänt. Skattesaki skal kvila, daa det er nedsett ei kgl. Nemnd til aa dryfta den. Tobakstollen vert fyreslegjen aukad. Til Formenn hev Kongen utnemnt Erkebisp Sundberg i fyrste og Greiv Posse i andre Kammeret, til Varaformenn Riksraad h. v. Ehrenheim og Grosserar Wick.
 
Von til betre Tider. Det vert meldt ifraa England, at Prisen paa Farty er i Stiging. Dette hev gjort, at ymse Skip i seinare Tid hev vortet kaupte.
 
Bonde P. Haltung i Ramnes (Vestfold) hev uppfunnet og fengjet Patentrett i 7 Aar paa ein Reknemaskin (Summeringsgreida); Maskinen, som vert rosad, kostar fraa 10 til 40 Krunur etter Finleik, Storleik og To.
 
Den danske Prest Malling Hansens Skrivekula vert rosad i det danske Dagbladet. Ein Time um Dagen gjenom ei Vika er Tid nog til aa læra aa bruka Kula, som skriv likso skjott som ein Snøggskrivar. Skrifti ser ut som Trykk, men det vert brukat berre Storbokstavar, som Folk kannhenda i Fyrstunne er nokot uvane med i samanhangande Skrift.
 
Tycho Brahe-Dagarne er desse: Jan. 1, 2, 4, 6, 11, 20; Febr. 11, 17,18; Marts 1, 4, 14, 15; April 10,17,18; Mai, 7, 8; Juni 6; Juli 17, 21; Aug. 20, 21; Septbr. 16, 18; Oktbr. 6; Novbr. 6, 18; Decbr. 6, 11, 18. Den, som er fødd paa ein av desse Dagar, liver ikkje lengje elder døyr i Armod, meinte Brahe, og det gjekk galet, um ein daa tok ut paa Langferd, gifte seg, kaupte Gard, osb. Eg, som skriv detta, er fødd 21de Juli og tykkjer det ikkje er uliklegt, at Brahe kann hava Rett, men eg trøystar meg med at 21 Juli ny Stil svarar mot 9de Juli gl. Stil som Tycho Brahe reknad etter.
 
Hertugen av Portland er nyleg daaen; han livde i dei siste Aari som Eremit, endaa han hadde flust med Pengar. Av Landeeigedomarne i Welbech, Northumberland, Caithness og Ayrshire hadde han ei Aarsinnkoma paa 2,450,000 Krunur, og av Kolgruvurne i Welbech fraa 180,000 til 1,800,000 Krunur. I London aatte han Hus til Verd 1,800,000 Krunur. Dessutan hadde han gode Verdepapir til 18 Mill. Kr., og daa han do, stod det inne hjaa Bankøren hans 2 Mill. Kr. i Pengar.
 
Luthersk Kirketidende tok ikkje upp Forsvarsbrevet fraa Fedraheimens Utgjevar. Det høyrer væl ikkje med til luthersk kirkelig Bladskikk, det og?
 
Frimurarlogen i Kaupenhamn hev teket den Raadgjerd aa grunnleggja eit stort Vaisenhus (Uppfostringshus fyr foreldrelause Born). Dei hev alt kaupt Tuft paa Nørrebro fyr 18000 Kr. og tingat seg Hjelp fraa Loger i Utlandet.
 
Ørebro Avis fortel, at Lærar Rahlson og Nemndemann Ersson den 13 Jan. hadde Audiens hjaa Kong Oskar og framviste 28 Listur med Underskrift af 1295 Mann umfram mange Arbeidarsamfund i Sødrmanland, Stockholm, Nordland, Østergotland, Smaaland, Blekinge og Skaane um aalmennpolitisk Røysterett. Kongen lovad, aa føre Saki fram i Riksraadet, men uttalad seg imot aa vidka Røysteretten i det Maal, som kravdest; han ottadest baade Revolution og Reaktion segjer Bladet.
 
Det nye Aaret hev teket til med mange Ulukkur. Den styggaste hendte burt i Skotland. Yver Tay-Elvi bygdest nyst ei Bru, som hev voret haldi fyr eit av dei største Ingeniørverk i vor Tid. Ho er 2 eng. Miler lang, ikring 1/ 3 norsk, og er so fin og let, at ho syner seg mest som ein tunn Traad. Ein Sunndag bles det ein heil Orkan (96 Fot i Sekundet). Eit Jarnvegstræn med ikring 80 Ferdafolk foor som vanlegt utyver Brui i Myrkningi. Ein ser eit Glimt og so inkje meir. Daa Trænet ikkje kom fram, forstod Folk snart, kvat som var hendt. Det synte seg, at eit langt Stykkje av Brui var sprengt fyre Trænet, og at det heile hadde gjenget i Elvi. Alle Vognerne er no funne av Dukkarar, derimot berre 29 Lik.
 
Retting.Skardrjupe