[I 1879]

I 1879 hev 5914 Menneskjur faret til Amerika yver Kristiania, av deim 3,182 vaksne Menn, 1,640 vaksne Kvinnur og 1,032 Born. 784 var likevel Svenskar. 2190 reiste paa Billettar, bitalde i Amerika. I same Aaret er ikring 1700 reiste yver Trondheim; alt i alt hev venteleg ein 9-10,000 faret or Landet. Dette er ei drjug Aarelating fyr eit so litet Land som Norig. Det svarar til 150,000 farne fraa England og 1,600,000 fraa heile Europa. Amerikanararne reknar, at Landet deira vinn 1000 Dollars fyr kvar innflutt. Norig hev altso i 1879 misst og Amerika vunnet 9-10 Mill. Doll. (ikring 30 Mill. Kronur). Slikt Tap kvart Aar kann Ein ikkje vera likenøgd med, men maa sjaa aa finna Boteraad. Det, som dreg Folk til Amerika, er dei betre Pengetiderne, den større Voni um aa koma seg upp i eit Land, der Dugleiken er det einaste, som gjeld, der alle er med i Landsstyret o. s. b., og der Ein ikkje treng aa standa med Hatten i Haandi og segja De til Ein, som hev han paa Hovudet og segjer Du. At det er so, kann Ein baade høyra og sjaa; det er nettupp dei med mest Framferd, Framsyn og Arbeidshug og Dugleik, som fær or Landet. Dette er nokot, som burde vega tungt, naar det nyeRøysterettsforslaget skal avgjerast, daa ein kann binda Tusund til Landet ved aa gjeva deim nye Hugmaal. Det er aldri so galet, det ikkje er godt fyr nokot, sagde Mannen, Kjerringi gapte Kjeften or Led.