Utlandet.

Det nye franske Riksraadet er det fyrste, som hev gjenget paa ein naturleg Maate fram or det republikanske Fleirtal i Riksthinget og Folket. Dermed er altso ein avgjord Siger vunnen fyr Republikanismen og likesom ei ny Æva innvigd. Det er difyr ikkje aa undrast paa, at Frankrikes frilyndte Menner sogodtsom med ei Røyst og utan Skilnad, anten dei stend lite lenger til høgre elder til vinstre, hev helsat Freycinets Riksraad med Samhug og Tillit; det einaste er, at det allra ytste Vinster sjølvsagt ikkje er fullnøgt. Men likeso stort som Nøgjet og Tilliti er paa den republikanske Sida, likeso stort er Misnøgjet og Mothugen paa andre Sida, den, som set si Von til, at Republiken skal køyra uti Uføret. Desse spaar naturlegvis no, som dei hev spaatt kvar Gong Fristyret hev gjort eit Stig fram, at no ber det utyver og utyver, til dess at det ber lukt uti Kommunisme og Styreløysa; og dertil hev dei freistat aa innbilla Utlandet, at Riksraadet var samansett av dei framfusaste Revanche-Politikerar og ikkje hadde Tanke fyr annat enn aa taka Hemn yver Tyskland so snart som moglegt; det var soleis ikkje tenkjande, at det kunde vinna nokor Tiltru hjaa Utlandet, og Frankriges Magtstelling i Europa vilde verta i Botn øydelagd, umframt det at ein kunde venta ein ulukkeleg Krig. Det var ogso likt til, at detta vart halvveges trutt paa sine Stader i Utlandet. Serleg var dei i Tyskland rædde fyr, at det skulde koma til eit Samband millom Frankrike og Ryssland. Men etter dei sidste Tidender synest all Otte i so Maate aa vera burtblaasen. Ved Nyaarsskiftet, daa Statsmennerne, som andre Folk, brukar aa senda Helsingar aat kvarandre, sende Bismarck igjenom Hohenlohe, den franske Riksutsendingen i Paris, ei venleg og tillitsfull Helsing til Freycinet og det viste seg ogso, at denne personleg stend paa den beste Fot med Hohenlohe. Dei Blad i baae Land, som helst meinest aa tala ut Meiningarne aat Regjeringarne, hev ogso vissat, at det er ingen Faare fyr Freden. Den nye franske Rettsministeren hev lovat, at han vil halda eit skarpt Auga med Domarstandet.
           
Dei sidste Tidender fraa Sudamerika sannprovar, at Chili hev funnet avgjort Yvertak paa sine sambundne Fiendar, Peru og Bolivia. Etter at Chilenarne hev gjort seg til Herrar paa Sjøen, hev dei teket paa Landskapet Tarapaca i sydre Peru og hervunnet det i Fyrsteluten av December.
           
I Kabul og derikring er Engelsmennerne fulltut Herrar. General Roberts hev lovat Grid og Gløymsla aat alle so nær som Fyregangsmennerne fyr Uppstandet.