[Um Egteskapsspursmaalet]

Um Egteskapsspursmaalet skriv ein Innsendar til oss: ”Dei skraalar so høgt no um Dagen um Retten aatKvinna, og mykje av det, som vert sagt, er visst sannt. Men eg trur, at me hjaa oss, i mang ei Bondebygd, kunde trengja likso væl aa verja Mannen mot skarve Kvinnfolk, - alt um eg ikkje her just tenkjer paa Hjelp av Logi. Det maa koma paa ei onnor Vis.
           
Her paa Haustparten var eg paa Visning i Heimbygdi mi og raakad der ein gamall Kjenning, som var aat aa verta burtsliten elder koma paa berran Botn, som dei segjer. So snakkad eg med andre Kjenningar um detta, og meinte me burde berga Garden hans og kjøpa’n ihop, so han ikkje skulde verta seld fyr ein Skampris. Me var samde um, at det ingen Faare var med den Handelen til den Pris me snakkad um. Men det var raadlaust aa faa det avgjort med same, det visste eg fyrr. Dei maatte ”umraa seg” fyrst, kann du vita. Men det eg ikkje visste fyrr, det var, at kvar ein av desse Mennerne sidan orsakad seg med, at dei – fekk ikkje Lov fyr Kjeringi. Og ein av dei var ingen ringare Kar enn sjølve Lensmannen. Dei fekk ikkje Lov fyr Kjeringi! Det Harmelegaste var, at dei saagde det utan aa raudna. Det var ikkje Skam eingong.
           
Sidan hev eg tenkt meir yver detta Kvinnfolkstyret. Eg trur det kjem mykje av den unaturlege Skikken paa Bondebygdi, at Kjeringi ofta er eldre enn Mannen. Fleire av dei, eg her hev fortalt um, hadde soleids eldre Kjeringar.
           
Fyr denne Uskikken veit eg ei Raad, som visst skulde visa seg aa vera god. Og det var, um me fekk ei Log, som sagde, at det inkje skulde vera Betaling fyr Brudvigjing, so snart Brudgomen var yngre. Daa skulde me snart faa høyra, kor umoralsk slik Gifting var!                              
 
XI.