[Notisar]

Kristiania, den 9de Januar.
 
Storthingsmann A. G. Egge i Lier hev voret Medlem av Kommunestyret i 28 Aar ogOrdførar i 23. Han hev no gjenget av, og i Staden hans er vald Hr. Hans Helgerud. Etter Valet den 19de Decbr. gjorde Kommunestyret ein Fest fyr Hr Egge og takkad honom fyr hans Verksemd.
 
Storthingsmann Nils Thune do den 30de Decbr., 44 Aar gl.; han hev i mange Aar voret sjukleg av Asthma, og Sjukdomen tok meir og meir til. Den Avfarne var ein framdjerv og dugande Mann, som vil verta saknad baade i Thinget, Fylket og Bygdi (Vang, Valdris); han leiver etter seg Husfru og fleire Born.
 
Skog-Nemndi, som no er ferdug med Arbeidet sitt, fyreslær Kulturplikt i Naaleskog paa private Eigedomar fyr aa hindra Øydeleggjing av Skogen d. v. s.: Eigaren kann hogga so mykje han vil, men han hev aa syrgja fyr, at det veks Skog uppatt paa nytt. Ei Nemnd skal verta sett i kvart Herad til aa føra Uppsyn med detta og draga deim, som ikkje uppfyller si Kulturplikt, til Andsvar. Det minste, som maa vera att etter Hogstr, er 40 friske og fræføre Tre paa Hektaren (10 Maal), og dei maa i ei Høgd av 4 Meter fraa Marki halda 18 Centimeter (7 Tumar) i Tvermaal, - elder og friske og voksterføre Ungtre av 20 Centimeters Høgd i eit Tal, som svarar til 300 paa Hektaren. Ungtre av 1 meters Høgd vert reknad fyr 2 og av 4 Meters Høgd fyr 4 Tre paa 20 Centimeter. Dessutan skal Staten ha Rett til aa leggja under seg, der det trengst, Verndskog, som kann hemja Storm, Sandfok elder Skridur.
 
Toll-Innkomurne var i 1879 Kr. 15,419,000, i 1878: Kr. 17,400,000, i 1877: 18,500,000. Det gjeng nedyver, som Ein ser.
 
I Verdens Gang upplyser ein Innsendar, at D.Hrr. Schjørn, Selboe og Hovind den 11te Decbr. vart valde inn i Skeidsmo Skulenemnd, og at den 30de Decbr. vart Schjørn, Selboe og O. Sørum uppsette som gode Menn aa velja imillom til Fredsdomar. Desse Menn vart, som Ein veit, kastad ut or Heradsstyret nyst fyre Joli, og naar dei likvel fekk Fleirtalet av Røysterne til dei nemnde Tillidspostar, var Grunnen den, at Ordføraren, Hr. Schjørn, sette seg ut yver Formannskapslogi § 36, som segjer, at naar Ordføraren samankallar Formanns- elder Repræsentantmøte, skal han udtrykkelig angive hvilke Gjenstandeder skal behandles i Mødet. Det ser ikkje ut til, at Innsendaren vil ha Vali kollstøytte, men det og nytt Val er daa det einaste rette, naar det, som er haldet, er komet i Stand paa logstridig Maate. Held Folk seg ikkje strengt til Logi ved offenlege Val, saa Farvel Sjølvstyre!
 
Husflitsutstilling. I Kristiania Arbeidarsamfund vil dei i Marknadsvika halda ei Utstilling av Husflits- og Fristundsarbeid. Listur til aa skriva seg inn fyr dei Ting, som anten er upparbeidde elder kann verta upparbeidde til den Tid, er nedlagde i Lesesalen og Restaurationen. Dei, som vil vera med, maa skriva seg innan 15de Jan. 1880.
 
Jolekvelden var heile Kongehuset samlat hjaa Kongen og Dronningi. Kongen gav Dronningi Portrætet sitt i Olje, Krunprinsen gav Kongen Bysta si av Bilæthoggar Nyström -, Prinsessa Eugenie gav Dronningi Portrætet sitt i Olje. Andre Jolegaavur var: fraa Kongen til Dronningi eit Hovudskart av Opalar, innfatat i Brillantar; fraa Krunprinsen til Dronningi: eit fornt Gullkjede med vedhengd Kross av store Ametystar og ei forn Sylv-Sylgja med kvite og grøne Steinar; fraa Krunprinsessa av Danmark til Dronningi: ein Taburett med Gullbrodering paa Purpursilke; fraa Kongen og Dronningi til Krunprinsen: eit Skaap av Eiketre, og til Prins Karl: Werners Maalarstykkje Bisp Brask tek Avskil med Domkyrkja i Linkøping.
 
Efter Fædrel. hev Kyrkje-Dept. utarbeidt eit Forslag til Umskipning av dei geistlige Domstolar. Det gjeng mill. A. ut paa, at Prestar skal tilsetjast Høgsteretten i geistlege Saker, liksom Tilfellet er med Militære i militære Saker. Men Høgsteretten vil ikkje vita av nokot Brigde, og Forslaget er difyr burtlagt. Derav kann Ein sjaa, at Høgsteretten ikkje er berre Domstol, men og hev loghindrande Magt.
 
Um Aas Landbruksskule hev Landbruks-Direktør Smitt skrivet ei Bok (prentad som Manuskrift), stor 25 Ark.
 
I Grekland hev dei endeleg fengjet Fat paa Røvarhovdingen Spanos, som hev fleire Mord paa seg, enn det er Dagar i Aaret; fyr nokre Aar sidan slo han ihel heile 40 Menn og Kvinnur av ein Karavane paa ein Dag; han er alt dømd til aa døy.