[Fraa Follen]

Fraa Follen skriv Bjug til Fedrh.: No heve Bjug voret uppmed Follen eit Bil au, men det er stussleg Greie, her hev vore no; de er heiltupp ei Kallegheit aa tenkje paa, og de sille daa likvæl vera eit kristent Land. Men er det rett slikt daa, som her gjeng te, at Folk berre tist tenkje paa aa drepa kvarandre ihel? Ikkje so eg vil nemne nokon med Namn, var det so likt seg; for daa vart det væl nokon-kvar. Men eg spyr berre, um det skal vera rett slikt, naar Kjeringanne tek aat aa slaast soBloe renn, so dei vert liggjande baade 8 og 10Dagar, ja heile Maanen med. No hev Bjug reistvidt, voret baade i Hallingdal og andre Staer og høyrt og sett mang ei underleg Greie, baade i Kjeftbruket og hellest, som eg ikkje her vil skrive um,men det segjer eg plent, at slik Uliklegheit, det hev eg kje sett fyrr, for det er heiltupp ei Syn.
           
So snaale som Kvinnfolki kann vera, fysste dei er blie og lagar seg visklege og folkelege, so vilde eg daa heller sjaa ein Ulvehop hell eg vilde sjaa eit Kvinnfolk sinna; for ein Ulvehop kann eg skræme, men ho kann eg ikkje skræme hell. Eg vert lei eg og tek heller daa te Skogs og sit og sullar med Geitanne uppi Bergeskortunne, det er moroar det. For um Ein er Kar aldri so mykje, so slepp Ein dei ikkje likvæl, skal eg tru; dei er aldri rædde for aa leggje ihop med dei teshell, for Karanne kann ikkje slaast her, aa kalle daa, naar dei ikkje er drukne, men naar Kvendi daa er slike, so veit du dei vert Ivigangsmennar straks, og dei vert navngjetne Avrekskjempur.
           
Eg tykkjer mang ein Gong det er stygt, naar Karfolk slæst, men jamen er det styggare naar det er Kvendfolk, soleis som det er Skikkjen her uppmed Follen, naar det er noko Morolag, Brulaup hell sovoret. For dei er so mykje meir vyrdlause dei, fyst dei legg i Veg. For um ein Kar no skapar seg te, so vert han daa aldri i Verdi so forverkeleg stygg og fæl aa sjaa te, som eit Kvend- folk, fysst dei grustar seg upp; for det er ikkje likt med nokon Ting. Fysste Haarlokkanne dansar som Ormar utyver Herdanne og det frøyner i Nasanne og gneistar og Augunne liksom dei vilde brenne seg upp, daa tykkjer eg heiltupp det er fælt og ei kallegSyn; og er det noko daa, so er det meir ein Bustdyvel hell eit Menneskje. Men so sianetter, daa tenkjer eg det, ve sjave meg: Tru eg var ein Teiknare, tenkjer eg, og tru eg hadde Papir, so vilde eg skildre dei av paa Papire, og so vilde eg sende Papire til Fedraheimen, og daa sille han trykkje det og sende det ut att, og daa sille alle Folk plent faa sjaa, kossi dei va laga her uppmæ Follen au.
           
Det er kaldt so langt aust og upp i Landet, og det er kaldt Blo au i Austlendingen; det er kanskje hoste kaldt au sum Gong, og daa er det væl betre aa faa friske paa det litt einkvar Gongen, enn at det reint skulde stivne. Men no er det so goeaa gjera nokon Ting, fo r Ein fær ikkje snutt segikring hell røyvt paa seg det Grand, fyrr det straks kjem baade Skrivar og Fut, og daa plagar det jamnast vera Slutt paa Moroi.