[Foldalen]

Foldalen (Øysterdalen Brev). Korleis Rjupa fer, det er ikkje godt aa vita, det er ikkje mange, som kann verta klok paa den Megga. So tunnt det var med Rjupa her i Sumar og Haust, so er det no so tjukt, at det yrer av ho i alle Fjell. Men det er ikkje so mykje av Dal- hell Li-rjupa, det er meste Skard-rjupe 1) (hell Fjellrjupe), men so er no ho au dygtig stor iaar. Men er det tjukt med Rjupe, so er det fulla tjukt med Skyttarar au skal eg tru. Det er nokk folksamt inni Fjellom allstad no eit Bil hev voret; det er mest som um Sumaren, so no er det ikkje Mange som staakar heimeleis, fyst dei kann paa nokon Maate sleppe av. Hev dei ikkje Byrse, brukar dei Snarur, ber med seg Buskar og Tre langt upp paa snaue Fjellet, ser du, sovidt dei kann hava noko setje Snarunne sine i. Er det no noko te Skyttar, so kann dei knabba so imillom ei og tvo Tylvter um Dagen. For naar ein fær 24 Rjupur med 12 Skot paa ein Dag, daa kann Ein ikkje klaga. Og Prisen au var utruleg eit Bil her, det var innmot ei Mark Rjupa, men no paa det siste heve han komet neatt te 12 Skilling 2) . For dei maa finna paa noko berga seg med Foldølanne au. Det var no denna Gruva, dei hadde noko Fortenst av fyrr, men no hev det vore reint stillt der au, aa kalla; endaa det no i det siste er sjaaande Von te, at dei kann faa leggje i Veg meg vonom større Sendingar av Svovelkis-sand te Tyskland. Og det vilde verta stor Hjølp fyr Bygdi. For Foldølen treng Pengar han au, for flust og grepa vil han hava Stelle sitt, med Mat-ambo og Greidur, ja Borddukar og Sylvty og dilikt liksom i Byen, berre den eine hævare hell den andre. Og so store Haugar med Kaffe; for aa stelle gildt te Fremmindfolk og so gange i Gardom og sjaa, korleis andre au heve det, um han so fyr det maa setja seg i Skuld og Gjeld, jau det likar Foldølen, men so mykje anna veit eg ikkje stort, um han heve Vit paa hell. Riksgreiur (Politik) og Maalsak, det læt han helst andre syte fyr. Hellest so heve dei no tenkt paa aa riva ned Kyrkja si, um dei kunde faa Hjelp berre te aa reisa ho uppatte. Og um no ikkje Foldølen er den, som er for kjær etter Kyrkja, so var det væl lell; for styggare Hus er daa vandt aa sjaa; ho ser ut som ein gamal Laave, ja det var med Naud eg vilde hava ho te Laave au, eg. For paa ein Laave der plar det daa jamnast vera ein Mun varmare hell ute, men i Foldalskyrkja, Kar, fyrst det heve vore Godver ute eit Bil, so slær Kalden seg aat Kyrkja (og so er det jamnast, naar det er Presthelg her), og naar du læt upp Kyrkjedyri daa, so slær Kallgusten mot deg so stinn og stram, at det er ikkje for mange, som vert huga te stige inn; det er ikkje Under daa, at dei heller likar aa sitja burti Kottom med Kortleiken og hava det godt og varmt. For heve du ikkje ein god Nudd hell Hundskinnspels og so Storstyvlar hell Finnskot og Raggar paa Fotom, daa maa du berre vaaga paa Von og Helse, skal du herde deg inne eit lite Bil, naar det er millom 30 og 40 Gradar innanstokkes. Aa ja, det plar ikkje vera fleire, hell du fullgodt kann reikna dei hell, einkvar Kroken berre her og der burti Room, sit og hukrar og frys og trampar med Fotom so nær som paa Offerdagom, daa alle skal aat Kyrkja, allvisst Ungdomen; for daa er det Mønstringsdagen liksom, for daa fær Gjentunne au syne seg fram. Men hellest er det ikkje so stor Skilnad lell, skal eg tru; for naar dei tek aat med Salmon og skal syngje, so høyrest det ikkje annsleis, hell som naar Spurvungarne sit og pistrar uppi Buskom.
 
t.
           
1) hell Ska-rjupe, som Foldølen gjer det til, dei kallar ho so, for aa faa gjort ho te eit Skadyr, for daa gjeng ho utum Lova; daa kann dei tyne ho, naar dei vil.
2) Men det er lell ikkje, som det var her eit Aaret; daa vart det selt Rjupe fraa Foldalen fyr 3 Tusund Dalar. Men ifjor var det aldri Rjupe sjaaande.