["Frue og Frøyken".]

Frue og Frøyken. I dei trykte Forhandingarne fraa Fylkesthinget fyr Romerike i Aaret 1879 er innteket denne Raadgjerdi: Fylkesthings-Forhandlingarne slær fast Titlarne Fru og Frøyken um Bondekonur og Bondegjentur. Sume Blad gjer Narr av detta. Me finn derimot Raadgjerdi aa vera baade rimeleg, tidmaatig og naudsynleg. Skilsmaalet millom dei ymse Stand maa minkast og tilslutt kverva, dersom den rette Tenkjemaaten skal vinna Inngang, og endaa at Ordet Frøyken er eit tysk Ord, som me gjerna hadde seet umbytt med eit norsk, skal me gjera vaart beste med aa bruka det. Ei Tid og det er ikkje lengje sidan helder var det berre dei høgste Embættsmenn, som fekk kalla Konurne og Døtterne sine Fruer og Frøykner; andre Kauringar og Halvkauringar, Kondititionerade, som dei kallad seg og vel enno kallar seg, fekk nøgja seg med Ordi Madam og Jomfru, medan Bonde-Konur og Døtter ikkje hadde Rett til nokon Titel. No er Konur og Døtter aat smaae Embættsmenn, Kaupmenn og Handverkarar i Byarne komne upp i Jamhøgd med dei hine, og det stend berre att aa gjera seg til fast Regel aa kalla alle gifte Konur Fruer og alle ugifte Frøykner, so vil Brigdet vera fullført paa ei 20-30 Aar og Landet ikkje ha andre Kvinnur enn Fruer og Frøykner. I Tydskland heiter kvar einaste gift Kona Frau; det kjem av eit gamall-germanisk Ord Frauja, som tyder Herre, og i Hunkynsformi Herskarinna; vaart Frøya er ei Form av det same Ord, og Fräuchen (Frøyken) er berre Diminutivformi. Fru og Frøyken er difyr vyrdsame Titlar, som Konurne gjerna vil hava, men som den eine skikkelege Kvinna hev likso god Rett til aa bera som den andre. Det, at dei vert kallad soleids, vil gjeva deim ei Maning til aa bera Titelen med Æra: det er tvillaust, at det vil lyfta Kvinnurne eit Stig, og difyr er det Mun i denne Raadgjerdi. Det er sume, som finn Hugnad i, at Folk paa Landsbygderne segjer Du til kvarandre, gjeng i Bygdebunad og hjelper seg utan Titlar. Men dei som tenkjer so, gjer seg skylduge i eit Misstak; det er ved aa fylgja Aalmannvegen Ein kjem skjotast fram, og det ligg Kultur i slike Smaating: Romeriksfylkesthinget fortener difyr Takk fyr den Raadgjerd, det hev teket.
                                                                       
H.