Utlandet.

I Frankrike gjekk Gamle-Aaret ut med eit Riksraadsskifte. Thinget gav Regjeringi heile tvo Tillitsuttal: eitt fyrst i Møtet etter Uppmaning av henne sjølv, og eitt seinare, idi at Thinget, daa ytste Vinstre ved Lockroy gjorde ein Tilspurnad um Amnestien, (mot berre 55 R.) tokved eit Uttal um, at Thinget godkjennde den Maaten, Regjeringi hadde sett Amnesti-Logi i Verk paa. Men det var likevel ikkje nog til aa halda Waddingtons Riksraad paa Krakkarne; for det hadde inkje nokot fast Yvertal i Thinget aa stydja seg paa; det Fleirtalet, som hadde røystat fyr Regjeringi, kunde ved næste Høve rynja sund. Einaste Raadi til aa faa ei Regjering, som kunde rekna paa viss Studnad i Thinget, var aa taka Medlemerne utor det meir framskridne Vinstre. Heile Raadet gav inn Avskilssøknad den 21de December, men det nye vart ikkje tilskipat fyrr den 29de. Grévy vende seg fyrst til Freycinet og bad honom skipa det nye Ministerium, men han sagde nei. So bad han Waddington aa faa sett ihop att det gamle, men denne bad honom venda seg til Léon Say, Finansministeren i det gamle Raadet. Det gjekk ikkje helder. Endeleg vart det nye Riksraad skipat soleids: Freycinet Formann og Utriksminister, Lepére Innriksminister, Cazot Rettsminister, Magnin Finansminister, Farre Herminister, Jauréguiberry Floteminister, Ferry Skuleminister, Varroy Arbeidsminister, Tirard Handelsminister, Cochery Minister fyr Post- og Telegrafstell. Dei avgjengne Riksraadsmedlemer: Waddington, Finansministeren Léon Say, Herministeren Gresley og Rettsministeren Le Royer, som alt fyrr var avgjengen, høyrde til Centrum; det nye Raadet er samansett berre av Folk av Union rêpublicaine og det hovsame Vinstre. Thinget kjem saman att den 14de Januar.
 
Den britiske Yvergeneral i Afghanistan, Roberts, hev sendt den indiske Regjeringi ei Fraasegn um alt, som hev hendt i og ved Kabul etter Usigeren den 14de December, daa han vart nøydd til aa draga seg inn i Lægret ved Shirpur. Av denne Tidendi viser det seg, at Føraren fyr Rørsla er Hovdingen Mohamed Jan. Konorne aat Emiren Jakub Khan, som no er halden fast i India, og allramest Vermoder hans, Kona aat Yahia Khan, dei styd honom paa det beste. Mohamed Jan er ein dugleg Herførar og uppglødd av Ihuge fyr Islamstrui. Han hev lagt sine Raader sløgt og ført deim igjenom med Klokskap og Heppa. Tidi etter den 14de gjekk med Smaaslaasting og Skov fraa ymse Sida, medan Engelsmennerne laag og ventad paa Hjelp og styrkte Festningsverki ved Shirpur. Etter Telegramm fraa Roberts tok Afghaningarne den 23de um Morgonen til aa ganga paa fraa tri Leider. Roberts tok til Motvern og gjekk paa Fiendens Flankar med Kanonar og Hestfolk. Fienden flydde, Engelsmennerne sigrad heilt, men Herføraren aat Afghaningarne slapp undan. Roberts skulde hersetja Kabul den 24de elder 25de. General Gough for avstad fraa Jadalah den 18de December med 1400 Mann og 4 Kanonar; han meinte, han skulde naa Kabul den 25de, og det hev visstnog ogso lukkast. Med den Styrkjingi trur Roberts at han skal kunna halda Hovudstaden.
           
Austrike. Folkethinget tok den 20de ved Herlogi i det Skap, ho var framlagd av Regjeringi med 223 R. mot 105, altso med meir enn 2/ 3 Yvertal.
           
Gamle-Aaret gjekk ikkje til Kvila utan aa leggja ein ny Kongsmordfreistnad til dei mange, som dei tvo sidste Aari hev havt aa visa fram, og som hev gjort so myket til aa fylla Segli aat den Reaktionen, som me saag fyrste Uppkastet aat ifyrraars. Den 30de um Ettermiddagen, som Kongen og Dronningi av Spania kom køyrande heimatt fraa ei Lystferd, løyste ein Unggut paa 19 Aar 2 Pistolskot paa deim. Ingen vart raakad, Guten vart sett, og seinare er eit Par til, som er misstenkte, sette fast.