[Me fær i Aar]

Me fær i Aar fleire gode Nyaarsynskje enn nokotsinn, og me kann daa ikkje annat enn takka og ynskja hjarteleg godt Nyaar attende. Det hev voret ei Urid fyr Fedraheimen no eit Bil, og det var ikkje fritt me vart halvt- so trøytte av Arbeidet paa den Maaten; men det kann henda at slik ei Urid trongst, og at det no vil glida so mykje lettare. Dei Rædde er væl no fyr det meste gjengne sin Veg, og dei, som stend, hev væl lært aa skyna, at Fedrh. korkje er tenkt paa aa innføra ei ny Tru her paa Berget elder aa læra Folk upp til aa drepa Smaaborn men at Bladet no som fyrr heilt endefram arbeider med aa vekkja Folk upp til aandelegt Sjølvstende, aandeleg Fridom, aandelegt Mannsmod, korkje meir elder mindre, - og d e t kann væl ikkje vera galet, ikkje eingong her i Landet. Det maa vera paa Tidi her i Landet med, at Ordet vert fritt. Eit Folk veks seg aldri sterkt berre paa principlaust Smaakjekl um Ditt og Datt; men d a a kann det veksa, naar det vaagar ein ærleg og aalvorleg Strid fyr aa finna og klaara ut fyr seg det, som er det høgste av alt -: det Sanne.
           
Det er godt aa sjaa, at Folk held so aalvorleg fast paa si kristne Tru, at dei reint vert vonde, so snart dei trur, nokon vil faa henne fraa-dei-røvd. Det er godt, for daa kann me vita, at dei aldri kann koma til aa fara aalvorslaust og vyrdlaust fram i desse Ting, men vil taka alle desse Spursmaal med det djupe Aalvor og den Varsemd, som her er so storleg trengd. Det skal knapt nytta fyr Gapar og Laustenkjarar aa narra Folket upp i Rotrivar-Villskap; Folket vil i desse Spursmaal vega Tankarne grant, fyrr det tek dei upp elder forkastar dei. Og det vil alle, ukristne som kristne, vyrda Folket fyre. Ingenting er styggare og mindre vyrdande enn det aa skifta Tru etter som Vinden bles; det er ikkje Fridom, slikt, men Laushug og Vesalldom. Og det er likso ufritt aa slaa seg paa Vantrui fyr di at den og den kloke Mannen er vantru, som det er aa tru paa Kristendomen, fyrdi Presten og Futen segjer han er sann.
           
Det, det gjeld um, er: greid ut fyr deg sjølv di Tru og dine Tankar! Prøvd Aanderne, um dei er av Gud! Gjer som dei Beroensar: randsaka Skrifterne, um desse Ting hev seg soleids! Randsaka, les, lær og tenk; agta væl paa Viljen, at den held seg ærleg, so det er det Sanne, og ikkje Fusket, han søkjer; - paa det kann du arbeida deg upp til fri Mann, og paa det taper du aldri di Sjæl, so visst som Gud er ein Gud av Sanning.
           
- I det fyrste Nummeret, me gav ut av Fedrh. (i 1877), skreiv me eit Ord, me her vil taka upp att. Bonden, skriv me, skal ikkje tru paa det han les i Bladet, han skal tenkja yver det og læra seg til aa velja millom fleire meiningar. Endaa det me sjølv skriv, skal vera aa taka paa same Maaten. Me korkje er elder vil vera so vise, at me ikkje skulde kunna mistaka oss, og det i mange Maatar. Me minner um dette her, fyrdi me vil, at Folk skal merkja seg det, og lesa etter det. Det kann godt vera, at det kjem einkvar galen Tanke i Fedrh. som i eit annat Blad; men so skal du ikkje innbilla deg, at Bladstyret krev, at du skal tru paa denne Tanken! Det er ikkje som naar du sit i Kyrkja: at Presten krev Tru paa kvart Ordet han segjer; men det er som paa eit Diskussionsmøte, at kvart Ordet, som vert sagt, vert sagt fyr aa prøvast, og du hev same Retten til aa prøva det, du, som alle andre! - Dersom du minnest det, og les etter det, so vil du baade kunna lesa med større Ro og hava meir Gagn av det du les, - endaa naar du finn, at det er galet.
           
Og so i Veg att! Godt Nyaar, fyr deg og fyr oss alle!