[Ein Kristiania-Brevskrivar]

Ein Kristiania-Brevskrivar til det svenske Aftonbaldet segjer um Hr. B. Bjørnson: Gjestingi hans her hev denne Gongen voret fylgd av mindre Vrøvl enn vanlegt, og det Stræv dei faae Venerne hans hadde med aa festa Gaum paa hans Person, hev ikkje boret Frukt.
           
Det fyrste er sannt. Han heldt denne Gongen det Fyredrag i Arbeidarsamfundet, som Godtfolk fyrr hev haldet fyr aa vera riksfaarlegt, og som han difyr hev voret meinkad i aa halda, og det Fyredrag var ikkje Vrøvl, endaa Morgenbladet Laurdagen i fyrre Vika vrøvlad mykje um det. Daa meir enn 1000 Menneskjur møtte fram til Fyredraget og var reint i Festjubel av Samhug og Medkjennsla med Talaren, segjer det seg sjølv, at Brevskrivaren ikkje er Medlem av Arbeidarsamfundet, elder, um han det er, hev setet heime den Sunndagskvelden, daa det galdt, og Hr. Bjørnson reiv Aalmenningen med seg slik, som han vel aldri fyrr i sitt Liv hev gjort det.