"Norsk Videnskab."

(Innsendt.)
 
Under denne Yverskrifti hev ein Innsendar med Merket N i ”Oplandenes Avis” No 137 skrivet eit litet Stykke, som i visse Maatar er so merkelegt, at eg vil svara paa det. Det er eit syrgjelegt Utslag av det Fusk, som me finn i Tankelivet paa so mange Kantar.
           
Innsendaren klagar fyrst fyr di ”alt, hvad der skriver sig fra et Hjem inden Landets Grændser, det duer lidet eller intet, men har det kun et Anstrøg eller Stempel af at være svensk eller dansk, ja saa lader det sig sees paa, men bedre er det, om det er tysk, fransk eller sydeuropæisk.” Det er myket sant i detta, dessverre, men so segjer han, at no hev me fenget ein sjølvstendig norsk Vitenskap, ”idet nemlig et par lærde Mænd har begyndt med at eftervise, at alt, hvad vi hidtil har antaget for norsk eller nordisk, det har sin Oprindelse i sydligere Lande hos andre Nationer. - - - Det er Professor S. Bugge og Dr. theol. Bang, som har opfundet eller opdaget den hæderlige Livsopgave at vise Verden, hvor skindfattige vi er paa alt, hvad der skulde skrive sig fra Aand, som vi er det i materiel Henseende. - - Ja, ja, det er en eiendommelig norsk Videnskab det, at ville afklæde os rent de Pjalter, vi hidtil har været levnet at træde frem i” o. s. b. – Det er vel sjeldan det finst nokot, som er so reint urimelegt, at det inkje er idet minste eit litet Syn av Sanning i det, og slik er det her og. Eg maa segja, at eg samstavar kleint med dei norske Vitenskapsmennerne, som hev lagt slik forunderleg Elsk paa vaar Vanmagtstid og liksom finn ei Gleda i aa draga fram alt det forargelege i den Tidi og tegja ned det, som kunne vera til Trøyst og Gaman, til aa driva igjenom ein Politik, som vilde draga oss upp i den gamle Uføra att. Dei Formerne, som det gamle norske Folkelivet hadde skapt, stivnad etter kvart til, og so rotnad dei burt, so naar me ser attende paa Norig i det femtande og sekstande Aarhundrad, so ser me mest berre desse morknande Leivningarne, som paa alle Stader breider seg ut yver Folkelivet og løyner det burt. Eg likar inkje dei, som gjer det til ei Uppgaava aa rota upp i detta, inkje til aa leita upp det nye Livet, som brydder upp under alt Rasket, men helder, ser det ut fyr, til aa syna oss all Vesaldomen, so me skal missa Trui til oss sjølve – syna osshalveSanningi. Men eg vil inkje klandra dei for hardt. Kannhenda hev dei ei betre Meining, enn ein skulde tru, og kor som er, dei gjer ei Gjerning, som trengst den og. Tordyvelen, som rotar i Mykkahaugen, hev si Gjerning i Guds store Hage likso visst som Lerka, som syng høgt mot Sol paa ein vaarlang Dag. Me vil hava full og klaar Kjennskap til Soga vaar, og det vilde vera Synd, um vaare gjævaste Soge-Menner skulde øyda upp Tidi si paa detta historiske Nattmanns-Arbeidet. Og Landet hev Æra av desse Nattmennerne; dei er namnspurde Karar, som inkje set Ljoset sitt under ei Skjeppa, og um dei gjorde det, so stend det slik Sur-Gufs av dei og Gjerefaret deira, at det kjennest lang Veg. Dei tvingar oss til aa sjaa det, som me helst vilde gløyma, og det hev me godt av, so me inkje skal taka oss for store Tankar og lata vera aa stræva trutt.
           
Men ein slik Nattmann er inkje Professor Sophus Bugge; eg kjenner inkje hans politiske Meiningar, so nær som at eg veit han inkje er Maalmann. Men han er heiltut ein Vitenskapsmann, og ein av dei største i vaar Tid, baade heime og ute. Han gjer det, som ein rett Vitenskapsmann skal gjera, og naar han finn Sanningi, so dreg han ho fram og spyrr inkje etter, um han sjølv elder me andre likar ho elder inkje. Det, som er so ulidande med denne N, er at han vil hava det til, at denne nye Uppdagingi av Bang og Bugge endeleg skal vera gjord av vond Vilje, og det allerverste er, at det ser ut til, at han vil døyva ned Sanningi, naar ho kjem paa Tverke med vaare nationale Innbillingar elder med vaare uppgjorde Meiningar. Sanningi skal inkje retta seg etter vaar National-Kjensla, men National-Kjensla vaar skal retta seg etter Sanningi. ”Døyr Kjeringi av Sanning, so lat ho døy.”
           
Ein kann tidt sjaa Folk velja elder vanska Sanningi, ettersom dei tykkjer ho høver til deira Bruk. Naar gamle Grundtvig skriv um Gudesegnerne vaare og skal tyda dei, bryr han seg inkje altid um aa finna ut kvat Forfederne vaare meinte med desse Segnerne, men han brukar dei stundom berre som ei Akadoning (Vehikel) til aa fragta fram sitt eiget Livssyn paa, og er like sæl um hans Tyding er den historisk rette. Einkvar Segni, som inkje læt seg bruka til slik Akadoning, spottar han og flirer han aat, so det er etter mi Meining usømeleg fyr ein slik Mann.
           
Naar Folk snakkar um Darvinismen, høyrer ein stødt, at dei tyner han av, inkje fyr di at dei trur, at ein med vitenskaplege Grunnar kann prova, at han er falsk, elder fyr di han inkje høver med Bibelen, men reint ut fyr di han inkje høver med det aristokratiske Storlæte deira, som tykkjer det er ei Skam, at inkje Menneskja skal vera av eit finare Leir enn Dyri. 1 )
 
Jamleg kann ein høyra, naar ein snakkar um Religionen, at Folk segjer: Um Kristendomen inkje er Sanning, vil me endaa halda oss til den, fyr di det er den einaste Læra, som kann gjeva oss Trøyst. Detta er den same Fusketanken. Me skal halda oss til Kristendomen, fyr di me trur han ersann, inkje fyr di me hev Gagn av det. Eg fyr min Part vil segja, at trudde eg Kristendomen var Lygn, vilde eg helder tru paa den vesle Brøkdeil av Sanning, som Mannen kann finna ut av sin eigen Forstand, enn paa eit heilt Paradis av Fusk og Innbilling. Den, som eingong hev havt ei Kjenning av, kvat det vil segja, at ”Sanningi skal frigjera” oss, vil aldri byggja upp heile si Livsgjerning paa Fals og Fusk, og allerminst bruka Kristendomen til ei Vogga til aa byssa seg inn i aandeleg Svevn med.
 
 
Tenk, um me skulde byggja upp vaart nationale Liv paa ei Innbilling, slik som N vil! um me skulde læra upp Bondegutar og Bondegjentur paa nokot, som me daskad oss upp til aa tru paa sjølve, eit ”fromt” Bedrag! So skulde me verta fælt so fint rustade til aa verja dei ”evige Sandheder” mot den ”moderne Vantro” o. s. b.
           
Kjære N! Du er ein god Mann; men skal eg døma etter Ordi dine, daa er du ein Tull. Det var liti Æra fyr oss, um me voks oss store paa Fusk, og so ein framand Vitenskapsmann kom og reiv ned heile Hytta yver Hovudet paa oss, for eingong vilde no Sanningi koma upp, kor som er. Er det daa inkje myket betre, at det er ein Nordmann, som set oss paa rett Veg, so me slepp den Skammi aa faa oss ei ”Lektion av andre”?
           
For Sanningi hadde eingong komet upp, anten no elder seinare. Eg sjølv er inkje vidare godt lærd. Men eg hev endaa havt ein Mistanke um, at det inkje kunne hanga rett ihop, at Forfederne vaare eingong kvad Visur, som høvde til eit høgt Kultur-Stig, og so baketter seig ned til eit villt Viking-Liv med harde Kjenslur og Blodhemn. Det vilde inkje høva med den nyare historiske Forskning slikt. Eg var viss um, at Danskarne tok i Mist, naar dei meinte, at desse Visurne vart til i den eldre Jarnalderen, som hadde Hovudsætet sitt i Danmark, og at i den yngre Jarnalderen, Vikingtidi, gjekk det til Atters med Kulturen. Paa denne Maaten fekk Danskarne eignat til seg heile den eldre Edda, so Nordmennerne kunne sleikja seg um Munnen etter den, og detta var ei Læra, som var so lagleg fyr Folk, som litet brydde seg um Sanningi, men helder um det, som kunde høva til det danske Storlætet. No er Saki greid: Visurne vart til i Vikingtidi, som me kann skyna av mange andre Ting og; no kann ein lett forstaa og, korleids desse Visurne synest vera so langt framum si Tid; dei er diktad av Hordar og Ryger, som hadde faret paa Irland og hine Vesterlandi; Norig fær Æra av desse Kvadi. Um Uppdagingi hans Bugge hadde ”afklædt oss de Pjalter, vi hidtil har været levnet at træde frem i,” skulde eg endaa takkat han. Men no gjev han oss endaa større æra enn fyrr. N. skulde vel aldri vera missnøgd paa Normannskapens Vegne som han segjer, fyr di Bugge tek Fille-Hamen av den uhistoriske danske Draumen um ein gamall Gullalder?
           
Vaare gamle Kvæde er elles like nationale mest, endaa um dei hev teket Emnet fraa kristne Kvæde. Den Aand, som raader og styrer Emnet, er national, og hev voret fælt sterk, naar ingen fyrr no hev merkat, at Byggjefanget var innført. Um eg set upp eit Hus i norsk Stil, vil so N segja, at Huset er unorskt, fyr di eg hev kaupt Timbret fraa eit svenskt Sagbruk?
 
 
1 ) Soframt Farisæarne i vaar Tid vil sjaa, kvat ein sannings-søkjande Mann segjer, so kan dei sjaa etter i ”Salomos Prædiker” 3 Kap., Slutten. Der stend det (etter den danske Bibel-Umskrifti): ”Thi hvad som hændes Menneskens Børn, det hændes og Dyrerne, og eens hændes dem begge; som disse døe, saa døe og hine, og de have alle eens Aand, og Mennesket haver ingen Ypperlighed fremfor et andet Dyr, thi det er alt Forfængelighed. De fare alle til eet Sted, de bleve alle af Støv, og de komme alle til Støv igjen. Hvo fornemmer, at Menneskens Børns Aand, den farer høit op, og Dyrs Aand, at den farer ned under Jorden?” Eg vonar, at Salomo inkje hev Rett i detta, men det er ærleg og motig Tale.