"Fraa By og Bygd"

hev sagt oss Farvæl. Det hev haldet trufast ut i tie Aar, gjenom mange Umskiftingar. og iser gjenom mange myrke Dagar, og dei, som hev fylgt det, vil finna det saart aa skiljast, liksom det i det Heile er eit Tap fyr Striden vaar, at det gjeng inn. Det er ein god og trufast Stridsmann mindre. Men det var væl so: det fekk for litet Hjelp, vart standande altfor aaleine og daa maa det beste Tiltak dovna og døy. Det hadde dessutan, som alle Maalblad, forlitet Raad og forlitet Rom til aa slaa seg ut.
           
Me kann kor som er ikkje segja annat enn Tak fyr væl gjort, og ynskja, at alle maatte halda likso trufast ut som Bergensmennerne hev gjort. Og me fær oss ikkje til aa tru annat, enn at Fraa By og Bygd vil livna til att. Eit slikt Tidsskrift trengst, og det meir enn væl, helst naar det vart nokot større, so det kunde gjeva meir Lesnad. Og det stend os gode og framdjerve Menn attum her, at dei visst ikkje vil hiksta lengje paa aa leggja ut, so snart dei ser Von til Byr og Sigle-Ver.
           
Det hev det ikkje gjort no helder. Vestmannalaget vil vera med i Arbeidet no som fyrr, um enn paa ein annan og ein god - Maate. Det vil bruka dei Pengarne, det kann raada yver, til Premiar fyr gode Smaabøker - liksom no med Austlids Abc -, og dermed kann vet koma til aa gjeva stort Gagn. Me ynskjer Vestmannalaget Lukka til dette nye Tiltaket, som visseleg er fullt høvande til Tidkravi.