Seld til den Vonde.

[Del 14 av x. Fyrste delen.]
 
(Ved Forf. til Av laak Ætt og Ein Fritenkjar.)
                                                 
II.
                         
11.
             
(Framhald.)
 
Gakk til Presten, til den unge Presten, hadde Moeri sagt. Her var ikkje annat aa gjera. Baard gjekk.
           
Han kjende seg ikkje sjølv; han var vorten ein annan. Detta aa vera seld, aa ikkje eiga seg sjølv, vera utan Rett og utan Vilje liksom ein Ting, so naar Eigaren kom, so laut Ein fylgja, liksom Sauden, som gjeng paa Vollen og et grønt Gras og er glad, og so kjem Slagtaren -! Men Slagtaren, det var den Vonde, han, som av all si fordømde Sjæl hatad baade Gud og Mann, og hadde sitt Liv i aa gjera vondt og si Gleda og Hugsvaling i aa sjaa Folk pinast. Um ei liti Stund vilde Jordi klovna og lange kvasse Klør vilde koma krøkjande . . .
           
Baard flaug gjenom Stormen som ein skræmd, vengskoten Fugl. Og han kom stupande inn paa Prestekontoret med Augo i Haargarden og gapande Munn, som gjeispad og kavad etter Luft og Ljod -: frels meg, Prest! Presten skvatt upp; Mannen maatte vera galen. Men so kom han etter, at det var Baard, Son aat den bleike Fruva. Og han nikkad lett, liksom til seg sjølv, og tenkte med seg: endeleg kjem han.
           
Han fekk Baard so vidt til Ro, at han kunde tala. Og so tok han til aa fortelja. Men det eg her fortel, sagde han, maa Ingen vita? Det du skriftar fyr meg, sagde Presten, fær Ingen vita utan Gud. Um det so var det verste av alt? Ja, um det var verre enn det verste. -
           
Og Baard fortalde. Men med ein Gong sprang han upp. Her er ikkje Tid til langt Drøs; seg meg, Prest, kann du mana den Vonde?
           
Du veit ikkje kvat du snakkar no, sagde Presten. Jau dessverre! svarad Baard. Idag, i denne Kveld kjem han og vil hava meg; for han eig meg, han hev kaupt meg . . . Hev d u, som er so ung -? Ikkje eg, men andre! andre hev selt meg! Andre -? Kven andre kunde selja deg? spurde Presten forbinad. Baard leetst ikkje høyra.
           
No vil eg spyrja deg, heldt han fram, gjeld den Handelen? Hadde andre Rett til aa gjera slikt med meg? Retten skal me ikkje tala um, sagde Presten. Men um Handelen gjeld, det stend paa, kven desse andre var -? Det var . . . men er det visst, at Ingen fær vita det? Tvilar du -? Aa nei, det er sannt... Ja, det var . . . det var Moer mi. - -
           
Presten kvakk. Var slikt Raad? Kunde eit Kvende koma so langt ned? Kunde ei Moer selja sitt eiget Barn? Stod det ikkje skrivet, at det er Uraad, at ei Moer kann forgløyma Barnet sitt? - I Sanning, Mannshjartat var ein sæl og forskræmeleg Ting, fullt av stygge Gaatur og Løyndomar, mett med ugudelege Hugdrag og djevelske Lyster; men slikt hadde han endaa ikkje tenkt. Fortel, sagde han til Baard. Er detta sannt, so maa det vera ei syrgjeleg Soga. Fortel alt, og gjev deg Tid; um den Vonde kjem, so kjem han aldri utan ved Midnott.
           
Baard vart rolegare og tok til aa fortelja. Han fortalde alt det, han hadde høyrt av Moer si, og so fortalde han um seg sjølv. Og som han sat der og fortalde, minntest han fleire Ting, snart eit og snart annat, som han sjølv hadde røynt, og som han no forstod maatte ha voret Minningar og Aatvaring um det, han hadde i Vente; det var mest Draumar og slikt. Fyrr hadde han ikkje lagt Merke til dei; no fortalde han dei i stor Rædsla, og dei vaks og vart reint forunderlege, tekne paa denne nye Maaten. Og Presten trudde meir og meir paa det han fortalde, og myrknad meir og meir ikring sine harde Augo. Make til fælt hadde han aldri spurt.
 
No veit du alt, Prest! ropad Baard, seg meg no fyr Guds Skuld, um ein slik Handel kann gjelda? Presten tagde ei Stund. So svarad han: Ja.
 
Baard hadde nok tenkt so sjølv, og likevæl var det fælt aa høyra det stadfest av ein Mann, som visste det. Nei, nei, klagad han, det er ikkje Raad! slikt kann Vaarherre ikkje tillate.
 
Du vil væl ikkje meistra Gud? spurde Presten. Vil d u segja til Gud: det og det er rett og det hev du Lov til, men det og det maa du ikkje gjera? Vil Krukka læra Pottemakaren? vil Skapningen skriva Skaparen Logjer? - Baard kjende seg skamfull; nei, nei, ikkje so, sagde han, men eg forstend ikkje
           
Forstend! forstend! hermde Presten i heilag Harm. So du vil forstaa Guds Tankar? du vil gjera deg vis yver Guds Raader? Du, Makken i Moldi, du Krek, som ikkje er verd, at Herren skal treda deg med sin Hæl, du rotne Kar, fullt av Synd og Ufysedom, du som i kvar einaste Stund av ditt Liv hev fortent Helvite tusund Gonger med dine stygge Synder, - du vil gjera deg vis yver den Heilage i Himmelen, du vil forstaa hans Vilje? I Sanning, um Djevelen stod fram i denne Stundi og tok deg livs livande, du hadde fortent det!
           
Baard vart rædd. Slikt hadde han ikkje tenkt seg. So myndig Tale hadde han aldri høyrt. Eg meinte det ikkje so, sagde han spakt; men det var berre det: um ei Moer kunde hava Rett til . . .
 
Du skal æra Faer din og Moer di! sagde Presten, og ikkje hev du Lov til aa døma deira Gjerningar, kor underlege du enn kann synast dei er. So lengje eit Barn er i Moers Liv, so er det ein Del av henne, og ho kann gjera med det som ho vil, - Barnet hev ingen Rett til aa klaga.
           
Baard tagde.
           
Du negtar aa godkjenna, det Moder di hev gjort? heldt Presten fram. Likso godt kunde du negta aa godkjenna, at ho hev fenget og født deg; for det gjorde ho og utan aa spyrja deg! Og likso godt kunde du negta aa godkjenna sjølve Arvesyndi. Agta deg, Gut! og tenk deg um! Alt det du fær i Arv av dine Foreldre, skal du taka imot som det kom ifraa Gud, taka det som ei Guds Gaava elder ein Guds Straffedom, Synd, Sjukdom, Daude, alt maa du taka, og klagar du, so gjer du Upprør imot Gud, som hev skapt deg! Kvart Barn, som vert født, er født i Synd og Guds Unaade, som Djevelens Barn og Eignalut; og ingen kann klaga, fyr di han vert fordømd, men maa prisa Guds Visdom og Rettferd i sjølve Helvite; for Helvite er vaar rette Arv, og der høyrer me av Naturen heime. Men den, som vert frelst, han vert frelst av Guds ufortente Naade og ved eit Under, som er yver all Forstand, so sjølve Æva ikkje vert for lang til retteleg aa takka Gud fyr slik ein uforskyld Velgjerning; men den, som gjeng til Helvite, maa segja: visseleg nyt eg no min Rett og det eg hev fortent; men Guds Rettvisa og Heilagdom er utan Ende!
           
Baard seig meir og meir ihop. Detta hadde han aldri visst.
           
Og du, heldt Presten fram, maa meir enn andre tigja og bøygja deg fyr Guds Rettferd, du som i all di Tid hev livt i Synd og Ukjurskap og Rett gjort deg fyre med aa vera Guds Vilje imot! Ver viss paa det: daa Gud gav Moer di Magt til aa gjera denne Gjerningen mot deg, daa saag han fyreaat, at du vilde verta slik ein ugudeleg Mann, som vilde fortena verre Ufred enn dei fleste, og daa gjorde han deg berre din Rett, daa han leet deg gjeva den Vonde i Vald.
 
No vaagad Baard eit Spursmaal: Men hadde eg vortet betre upplærd og ikkje set berre vondt fyre meg -?
 
Gud saag, at du vilde verta ein ugudeleg Mann, difyr gav han deg og i vonde Hender! sagde Presten. Og det gjorde han av sin Naade! Hadde du voret fostrad millom gode Folk, so hadde du havt dess større Skuld aa bera. I Sanning: du hev meir Grunn til aa takka enn til aa klaga!
           
Men...Kona mi? kvat vondt hev ho gjort, at ho skal koma ut i slik Ulukka?
           
Um ho hev gjort nokot serskilt vondt, kann me ikkje vita; men det veit me, at hev Gud sendt henne detta, so hev han set, at ho trong um det til sin Sjælebate.
           
No visste ikkje Baard meir. Han var hjelpelaus. Skal eg altso fara til Helvite i Nott? spurde han jammerfullt.
           
Presten tagde og saag paa honom, og daa han tottest sjaa, at den unge Mannen var mykt, sagde han:
           
Um du foor til Helvite, so hadde du Ingenting aa segja. Men liksom det hellest er Guds Vilje, at so mange som mogleg riv seg ut or Saatans Klør og narrar den Vonde fyr Sjæli si, soleids maa det og fyr deg vera rett aa prøva aa finna Frelse, endaa um den Vonde hev sterkare Rett paa deg enn paa dei fleste andre. Men skal du frelsast, maa du fyrst bøygja deg aalvorslegt i ditt Hjarta fyr Gud og gjeva deg heilt ut i hans Vald . . .
           
Ja, ja! eg vil! eg vil!
           
Bøygja deg fyr Gud og vedkjennast, at kvat han enn vil gjera, so er han den rettvise og heilage, men du er Syndaren, som ingen annan Ting fortener enn Helvite . . .
           
Ja, ja -!
           
Han er den, som hev all Retten og all Magti i Himmelen og paa Jordi, so at um du var den største Helgen, og han vilde fordøma deg, so gjorde han berre Rett i det, og du hadde inkje annat aa gjera enn aa bøygja deg og prisa hans Namn, men skjemmast yver din eigen Armodsdom, at du mot honom var mindre og mindre verd enn det armaste Kreket er mod Leviatan.
           
Ja . . .
           
Og du maa beda um Naade fyr alle dine Synder, men serleg fyr den, som er den verste av alle, at du hev tenkt trassige Tankar mot Gud skjølv og prøvt aa vilja forstaa og døma hans høge Tankar og Raad, og hans vise Vilje. . .
           
Eg bed! eg bed . . .
                                                                       
( Meir.)