[Ein Tydskar Løwenfeld]

Ein Tydskar Løwenfeld, hev umskrivet P. A. Munchs Avhandling um det pavelege Arkiv paa Tydsk og sendt Umskrifti til eit Tidsskrift med den Merknaden at ho er umsett fraa Dansk, liksom han i eit Fyreord talar um den danske Utgaava. Vaare Heimedanskar vil vera norske, maavita, og difyr fann dei, at Løwenfeld hadde faret galet aat og skreiv til honom um detta. Paa Brevet hev han svarat, at Misstaket ikkje kjem av Slurv elder politisk Fordom, men at han no ser, at han hev byggt paa ein falsk Analogi, meddi han hev yverført fransk- belgiske Samhøve paa norsk- danske. I alle dei Bøker, han hadde teket paa Raad, fann han uppgjevet segjer han -, at det er eit norsk Tungemaal, men at Bokmaalet i Norig er dansk; attaat di hev han lært seg detta Maalet av ein dansk Grammatik, ved Umskrifti brukat Helms danske Ordbok og tenkt som so: Ei fransk Bok, som kjem ut i Brüssel, umskriv eg fraa Fransk, ei dansk Bok, som kjem ut i Kristiania, maa eg altso umskriva fraa Dansk. Den godlynde Tydskaren bed Nordmennerne tusund Gongjer orsaka honom Misstaket hev han rettat i alle Seravtrykki. Me vil vera av dei fyrste til aa gjeva honom Avløysing.