[Bjørnstjerne Bjørnson]

Bjørnstjerne Bjørnson heldt det lengje utsette Fyredraget um Kongedømet og Fristaten i Arbeidarsamfundet sin Sunndag Kl. 6. Salen hev Rom fyr vel 1000 Menneskjur, men var heilt full. Jamvel Medlemer av Samfundet maatte avvisast. Daa Hr Bjørnson viste seg, braut det fram ein Jubelstorm, som ingen kunde standa imot; dei song: Ja, vi elsker dette Landet, og ropad Hurra. Talen tok gode halvannan Time, men det fannst ikkje den Menneskja i Salen, som ikkje heile Tidi lydde paa Talaren med stort Gaum og spende si Aandskraft til det ytste fyr ikkje aa missa eit einaste Ord. Rett som det var, heldt Jubelen paa aa fossa fram paa nytt, men Talaren bad Folk halda seg rolege, og det lukkadest til dess Talaren var ferdug; daa klappad dei og song, kann Ein vita, og det saag ut til, at Folk hadde vandt med aa skiljast fraa Talaren: han laut ender og Gong fram til Talarstolen fyr aa visa seg fyr Forsamlingi. Det var likvel ikkje Vener alle, som var tilstades, men ærleg Framferd er no eingong so, at ho krev Vyrdnad, og so kunde dei etter Maaten faae, som hadde mot Fyredraget, vita, at dei vilde koma so reint i Mindretal, at det ikkje vilde løna seg aa gjeva nokot Misshag til kjende. Bjørnson reiste Maandag Morgonen heim til Gausdal.