Utlandet

I Frankrike hev det høyrst ymse Spaadomar i det sidste. Sume hev meint, at Ministeriet Waddington snart var ferdugt, og at det skulde skipast eit nytt, under Freycinet elder einkvar annan, som gjekk lenger til Vinstre. Sume hev jamvel meint, at Grevy ogso snart vart ferdug, og at Gambetta vilde taka Tyglarne. Andre hev spaatt, at sjølve Republiken stod fyr Fall, og at han skulde verta avløyst av Socialisme og Kommunisme og Ustyr; og det var ikkje so ille endaa, meinte sume, for so var det Von um, at ei elder onnor sterk Hand kunde finna Tilføre til aa gripa frelsande inn. Men det ser ikkje ut til, at nokon av desssa Profetarne skal verta samspaadde, i fyrste Taket iminsto. I Regjeringi er det ingen Meiningsstrid, som hev nokot større paa seg, og um det enn kann verta nokot Umskifte i Mannskapet, vert iallfall Waddington og dei andre leidande Medlemer standande i sine Postar. Gambetta tykkjer nog, at Regjeringi ikkje hev gjort alt paa den allra rettaste Maaten, men han finn helder ikkje, at ho hev gjort seg skuldug i eigenlege Daudsynder og han ynskjer paa ingi Vis aa fella det noverande Ministerium, og endaa minder Riksformannen Grévy. Dei hev nyleg talast ved, Gambetta og Grévy, og det heitest, at dei hev vortet fullt einige.
           
Det ævelege orientalske Spursmaalet er det, som i dei sidste 8-14 Dagar hev voret mest paa Tal. Det vart ikkje grundigare ihelsleget paa Berlinstemna, enn at det hev gjenget att og spøkt rett som det hev voret i det sidste Aaret, og no hev det voret framme att livslivande, aa sjaa til daa. England hev jamt og samt onnat paa Turkiet, at det skulde gjera Aalvor av aa gjenomføra dei Umbøter, det so tidt og so høgtidleg hev lovat; men Turkiet hev stendigt havt nokot aa orsaka seg med fyr Augnebliket, men hev lovat godt ut likevel. Men etter det sidste Ministerskiftet vart det so synbert, at det gav Umbøterne ein god Dag, at England ikkje kunde halda seg rolegt lenger. Det let difyr sin Utsending i Konstantinopel gjera ei Ferd igjenom Litleasia og sjaa paa Stellet der, og deretter fekk han Order til aa skræma Sultanen med, at den engelske Floten skulde koma yver honom, um han ikkje batt seg til aa føra igjenom dei Umbøter, England kravde, og det rett snart, og gav Engelsmennerne Tilføre til aa sjaa etter, at so skjedde. Sultanen evad seg lenge, skuldad paa Pengeknipa og slikt, og lydde fulla ogso etter, um det var Raad og Hjelp aa faa hjaa Ryssland, men gav tilslutt etter i alt. Dermed hev daa England gjevet seg tilfreds fyr det fyrste. Dei andre Magter hev haldet seg utanfyr, og det er Von um, at Saki no kann verta greidd ved diplomatiske Tingingar. Mange hev elles meint, at heile Staaket var ei Tilstelling av Beaconsfield fyr aa styrkja si Stelling og hava nokot aa gjera Kapital av ved Aarsgildet i Guildhall.
           
Det hev klaarnat nokot millom Ryssland og Tydskland. Det ryske Keisaremne er no paa Vitjing i Berlin og Wien.
           
Den tydske Riksutsendingen i London, Shuvalov, hev teket Avskil. Daa detta kom paa just i verste Røra millom Turkiet og England, vart det teket fyr eit Teikn paa eit aalvorsleg Brot millom Ryssland og England.