Seld til den Vonde.

[Del 8 av x. Fyrste delen.]
 
(Ved Forf. til Av laak Ætt og Ein Fritenkjar.)
                                     
II.
                                     
2.
                         
(Framhald.)
           
Men dess meir han skjemdest, dess meir lagde han seg etter aa visa, at han likevæl var Kar. Naar han no var ute, brydde han seg ikkje lenger um aa slaast med Smaagutar; han prøvdest med Vaksne. Og det hende, at denne 14 Aars Guten lagde 17-18-Aaringar i Marki. Han var sjølv stor som ein Gut paa 16 og hadde ei Magt, so det stod Ord av honom. Og kunde han slaast som ein Kar, so kunde han og vera Kar i andre Maatar. Det hende at han kom full heim. Og ein god Dag fekk Moer Judith høyra, at Gutungen var trulovad! Det var ei Gjentetaus av dei, han i sine fyrste Gateaar hadde leikat Kjærast med, som han no hadde fest; for det høyrdest so karslegt ut aa hava ei Gjenta! Moer Judith lo ikkje lenger. Ho hadde ein forfælande Hug til aa dengja den lange Framslengsungen upp berre ho hadde voret sterk nok. Men kunde ho ikkje bruka Paaken, so brukad ho Munnen dess meir. Og ho kunde bruka Munnen. Baard fekk høyra so mykje vondt og styggt, at han tok til aa finna det reint ukoselegt heime. Men endaa verre gjekk det, daa han ein Laurdagskveld paa vanleg Kars Vis vilde gjesta si Festemøy. Han kom ruslande helder kaut, med Luva paa tri Haar og ei halv Flaska paa Lumma; - for her skulde dei sjaa Guten! Men so fekk Faer aat Gjenta, ein skikkeleg Timremann, fat i Fyren, og no vankad det slik Juling og slik Kjeft, at Baard aldri i sine Livedagar hadde voret ute fyr slikt. No fekk han vita, kor mykje han var vyrd av skikkelegt Folk. Alle dei verste Utnamn, som til var, fekk han, og det, som beit mest, var, at han vart kallad ein Filleprins, ein Gateslusk og ein Legda-Omagje, som laag og livde paa annat Folks Pung og ikkje dugde til nokon Verdsens Ting, utan til aa laupa galen og gjera seg til Narr og til eit Spektakel fyr heile Byen! Den Kvelden vart Baard mjuk. Forslegjen og skamfull smøygde han seg heim og gløymde baade Gjenta si og Karsskapen. No vilde han herifraa! Slikt vilde ikkje han finna seg i. Til Sjøs vilde han, og naar han so var utlærd, so vilde han til Moer si, faa Pengar av henne, kaupa seg Farty, og koma heim att som Storkar, og so skulde nok den Skarven av ein Timremann faa trega, at han hadde lagt seg ut med Prinsen! Dagen etter heldt han seg inne. Og ein Maanad etter foor han avstad med eit Farty, som skulde til Engeland. Den, som var glad, var Moer Judith.
           
Men den, som ikkje var glad, var Gjenta hans. Ho sat heime paa eit Loft og greet, og reiv seg i Augo med Fyrklædet sitt, so ho trutnad reint upp. Ho heldt av Baard so mykje som ei 16 Aars Gatetaus kann gjera; men no foor han, og kor mangt kunde ikkje venda seg, fyrr han kom att! Ho hadde sannt aa segja lite Tru paa, at ho kunde bia honom upp. No kom baade Peter Larsson og Jens Nilsson og fridde, det visste ho; og ho kjende det paa seg, at ho knapt kom til aa gjera lengje Motstand . . . Men korkje Peter Larsson elder Jens Nilsson var paa lang Leid so fagre elder so staute som Baard Baardsson! Difyr greet Gjenta, og greet som ho skulde havt Betaling.
 
                                   
3.
           
Moer Judith hadde ikkje fortalt Baard, kor Moer hans var, fyrdi ho ikkje visste det. Ho visste i Grunnen ingen Ting um Gunhild, annat enn det, at ein Kveld seint hadde ho komet og bedet um Hus Skippar Erik hadde styrt henne hit, sagde ho -, og so hadde ho fenget eit litet Hol uppaa Loftet aa bu i, og der var Baard tilkomen. Strakst etter var ho reist att med Skippar Erik -, og hadde gjevet Judith Pengar til aa fo- stra Guten. Ho vilde ut i Verdi, hadde ho sagt, og daa Moer Judith spurde henne, um ho ikkje fann det audslegt aa fara slik paa Langferd, ung og aaleine som ho var, so hadde ho sett upp ein forunderleg Smil og sagt, at h o greidde seg nok for Gamle Erik var ein ærleg Handelsmann, lagde ho til. Judith tenkte ho meinte Skipparen og sagde ikkje vidare til det. Sidan hadde ho korkje høyrt elder spurt til Gunhild.
           
Men heim til Heimbygdi, til Futen Niels Pedersøn, kom det einkvar Gongen Fraasegner, som gjorde, at Gamlen kvitnad i Hausen svært fort. Det var sagt, at Gunhild var komi til Hovudstaden, og der hadde ho teket seg so reint ille upp. Og Gamlen kunde ikkje annat enn syrgja yver detta, - endaa han ikkje lenger heldt henne fyr Dotter. Ho skulde ha gjevet seg i Lag med Komediantar, vart det fortalt, gjorde Kunster paa Teater-Tilet saman med desse Folk, som i denne Tid visst baade var og iallfall galdt fyr det villaste og mest forsvorne Herk, Landet aatte. Og ho gjorde sine Kunster godt, ja var ei med dei fremste! Vart altso væl umtykt, - serleg, sagdest det, av visse Rikingar, som brydde seg mindre um Pengar enn um glade Dagar, og som ikkje hadde Ord fyr aa vera heilage. Kor mykje som no var sannt av alt detta var vandt aa vita; men Futen, som kjende Ætti, kunde nok tenkja seg, at Gjenta hadde funnet paa slikt, og han trudde alt. Daa han nokre faae Aar etter døydde, vart det baade sagt og trutt rundt heile Bygdi, at det nok var Tankarne paa detta, som hadde brotet den sterke Mannen ned.
 
                                   
4.
 
Men det er vist: gode 3 Aar etter at Baard var utreist, kom det ein Dag ei framand, bleik, staseleg Dame til Moer Judith, som ho ikkje kjende, men som var Gunhild. So, som ho hadde forandrat seg, var utrulegt. Ho var meir utvaksi og fyllig, men samstundes meir folnad; Aasyni var syrgjeleg bleik, og det hadde gravet seg Gaarur paa Panne og kring Munn, so ho saag mest gamall ut. Men Augo var stirande og harde og synte mykje av det kvite; naar ho slog dei braadt upp, saag dei sjuke ut. I heile si Framferd hadde ho fenget ei forunderleg, mest uhyggjeleg Uro; ho sat sjeldan lengje still, men flaug rett som det var upp og gjekk, gjekk og dreiv med nervøse, hastande Rørslur, og so var det som ho kvakk att, stansad, sette seg og saag seg ikring med skræmde, utrygge Augnekast. Moer Judith tenkte med seg: ho der hev havt nok av Verdi.
           
Det var Son sin, ho vilde finna. Daa ho høyrde, at han var ute, vart ho som fraa seg av Uro; men so kunde Judith fortelja, at ho hadde Helsing ifraa honom, og at han snart var ventande. Det hjelpte. Ho spurde ut all Ting um honom, og iser um han hadde teket seg godt upp. Judith svarad, at han hadde voret som Folk flest i den Alderen, men altid nokot meir livleg; for det var Eld i den Guten, sagde ho. Gunhild sukkad tungt, og daa ho høyrde, at han var fagrare og stautare enn dei fleste andre, sukkad ho endaa tyngre. Ho gav Moer Judith Pengar og bad henne senda Bod, so snart ho høyrde nokot ifraa honom; sjølv vilde ho bu der og der. So gjekk ho, men kom att og spurde um fleire Ting; gjekk endeleg fyrr godt, men kom att um Kvelden. Og daa var ho endaa meir uroleg og saag endaa sjukare ut. Moer Judith tenkte med seg: ho hev havt meir enn nok av Verdi.
           
Ho var overlag fint klædd og syntest hava mange Pengar. Ho hadde voret gift med ein rik tysk Adelsmann, sagde ho; men no var han daaen, og no var ho aaleine att. Um ho hadde havt det godt? Aa nei. Godt ? ho lo stillt og sjukt, liksom Tanken fall henne framand. Men ho hadde daa voret rik? og ikkje havt Naud paa nokon Ting, men fenget alt det ho vilde? Ja visst . . . Den sjuke Laatten kom att. Han hev voret ein ærleg Handelsmann. Kven? Den Vonde, veit eg -! Judith kom meir og meir til den Trui, at den fine Fruva nok ikkje var heilt upp klok.                           
 
( Meir.)