[Notisar]

Kristiania, den 18de Novbr.
 
Tingval. I Tunsberg: Thingmann: Skipsreidar J. W. Harbitz (5 R. = samrøystes), Varamann: Skipsreidar J. H. Christiansen (5 R.) Harbitz hev voret vald til Varamann 2 Gonger fyrr. - I Kraakerøy: Thingmann: Yverrets-Sakførar L. A. N. Larsen- Naur (8 R. = samrøystes), Varamann Joh. K. Christie (7 R.). I Fredrikshald: Thingmann: Byfut J. L Rasch (5 R. = samrøystes), Varamann: Storhandlar Nils Anker (6 R.).
 
Ein Minnestein fyr Oberst Krebs vart reist paa Krist-Kyrkjegard i Kristiania den 17de av Offiserar i Heren. Det er ein Obelisk av polerad Granit; paa Framsida er innsett ein Potræt-Medaljong av Marmor (utførd av Bergslien), og paa Baksida stend: Til Helten ved Matrand fra en taknemlig Efterslægt.
 
Austanfyre Sol og vestanfyre Maane, eit Eventyr i Song ved Kristorer Janson, er utkomet og kostar 1 Kr.
 
Bjørnstjerne Bjørnson vart gildt fagnat i München. Dei gav paao Teatret En Fallit (som der gjeng makalaust godt; serleg er Skodespelaren Possart god som Advokat Berent), med sterkt Samtykke, og Bjørnson vart til Slutt framropt under stor Jubel. I Amerika hev Kristofer Janson det og gildt, ser det ut til av Bladi derifraa. Rart nok: alle vaare Storskaldar er no utanlands, so Norig i denne Stundi maa segjast aa vera reint diktarlaust.
 
I Danmark hev dei havt stor Minnefest fyr Adam Øhlenschlæger, 100-Aars-Dagen etter han var fødd. Prof. Rasmus Nielsen heldt Minnetalen. Paa alle større Teater vart det spelat Stykkje, som minnte um den store og folkjekjære Skalden.
 
Det er Von til, at Trelastprisarne vil stiga meir og meir, skriv ein Innsendar fraa S. Land til Gjøviks Blad. Fraa England høyrer me, at Kolprisarne og skal vera stigande.
 
Ein Handverksmann i Fredrikshald hev vortet Katolikk og hev sett den 8 Aars gamle Dotter si paa den katolske Skulen i Kristiania. Den katolske Kyrkjesamlingi i Fredrikshald skal telja 4 Medlemer.
 
Provst H. H. Irgens i Ullensvang skal ha søkt Avskil.