Censur!

[Del 1 av 2.]
 
(G.)
           
Ein Tysker, Professor Hellenbach, hev skrivet ei Bok um Folks Fordomar. Han kjem der fram med ymse Tankar, som iallfall er nye fyr oss, me, som so sjeldan fær vita, kvat hi Verdi arbeider med; - og sume av Tankarne hans er reint ut sagt fæle. Han talar t. D. um Hjelperaader mot for sterk Veksing av Folkemengdi. Og millom dei nemner han Barnemord. Elder han talar um Sjukdom og Daude, og finn, at det er barbariskt aa lata Helsottingar liggja og pinast, naar me hev Raader til aa faa dei ut or Verdi paa ein lett og lempeleg Maate. Det er Tankar, som kann faa Blodet til aa kolna i deg, og Ein skulde aldri tru, at slikt kunde koma fram i vaare Tider og vaare Heimar.
           
No eit Bil sidan skreiv Dr. Brandes i Dagbl. ei Melding um denne Boki. Han lagde fram sumt av Innhaldet i henne, derimillom det, som her er fortalt, og sagde hellest, at han fann Boki tankevekkjande og væl verd aa lesa. Dagbladet tok inn denne Meldingi. Det kunde kvitta meg eit, kvat Dr. Brandes meinte; men eg totte her som hellest, at det var forvitnelegt aa faa vita um, kvat Folk i andre Land hadde fyr seg. Eg er ikkje det Grand glad i dei Bladi, som ligg her og vil dylja burt fyr oss det, som er uppe hjaa andre Folk, elder som iallfall aldri kann fortelja oss um slikt utan aa blanda sin eigen Kritikk og sine eigne uppøste Kjenslur inn i det, so det vert reint forvrengt og falskt. Eg hev ikkje Raad til aa halda utanlandske Tidsskrifter; men vita um det, som rører seg derute, det vil eg; no hev me ikkje her i Landet nokot Tidsskrift fyr utanlandsk Literatur og Filosofi; og um me fekk eit, so vilde nok visse Folk snart slaa det ihel; altso er det dei vanlege Avisbladi og serleg Dagbladi, som her maa hjelpa baade meg og andre. Men det er berre eit av dei, som hev Dugleik og Mod til aa gjera det, og det er Dagbladet. Av dei andre lærer Ein visst ikkje stort i den Vegen. Difyr kjende eg meg takksam mot Dagbladet fyr Stykket um Hellenbach som fyr mangt annat. Ikkje fyr det: Dr. Brandes kunde gjerna latet voret aa rosa Boki. Men kvat skilde det meg? Stykket var skrivet so, at eg kjende meg stød paa, at Hellenbachs Tankar ikkje var forvrengde, og det var dei, som eg vilde vita um; for dei var merkjelege. Det, at slike Tankar kjem upp, er ei historisk Tilburd, som er mykje meir aalvorsleg og innhaldstung enn baade Sulukrigen og den russiske Ekspedition i Turkestan, og Ein skal leggja væl Merke til slikt, for det er i alle Tilfelle lærerikt. Altso syntest eg det var rett gjort av Dagbladet aa taka inn Stykket.
           
Og endaa hadde Dagbl. Grunnar nok til ikkje aa gjera det. Men um det hadde voret klokt og stengt Stykket ute, so vilde eg ha talat som so til det gode Blad og den Talen kann her gjerna gjelda andre -:
           
Kor tek du Retten ifraa til aa dylja burt slike Ting fyr meg? Skal eg liva i Faakunna um slikt, fyrdi eg ikkje hev Raad til aa fylgja med i Utlandsliteraturen? Elder kanskje du trur, eg ikkje hev godt av aa vita sovoret? Kanskje du trur, at det er berre dei Herrar Dagbladsstyrarar og slike Folk, som kann bera slik Kunnskap? Daa vil eg segja deg, at korkje du elder nokon annan hev Rett til aa halda oss andre nede i Faakunna. Me vil fylgja med; me vil høyra, kvat Storheimen derute tenkjer paa og arbeider med; me krev det av deg som vaar endeframme Rett, at du skal fortelja oss det du veit um Livet derute; so sannt me er Folk, vil me hava Kunnskap um Tidi vaar, og du tarv aldri tru, at me ikkje skal kunna tola slik Kunnskap likso godt som du.
           
Og dersom Dagbl. hadde svarat som visse andre Blad -, at vanlegt Folk hev for litet Kritikk til aa kunna lesa slikt utan Skade, so vilde eg ha sagt, som sannt er, at ingen er meir kritisk mot alt nytt, enn just Lægfolket, og at ein i alle Tilfelle lyt vaaga seg ut i Vatnet, fyrr Ein kann læra aa symja!
 
 
Men daa eg hadde leset Stykket um Hellenbach, ynskte eg sterkt, at nokon vilde koma med klaare Grunnar og slaa ihel dei fæle Tankarne hans. Det er naturlegt, at Ein gjerna vil kjenna til alt, som soleids kjem upp; men det er likso naturlegt, at naar det kjem nokot, som Ein ikkje likar, so vil Ein hava Grunnar i mot det, og kann Ein ikkje finna fullgode Grunnar sjølv, so vil Ein gjerna sjaa dei framsette av andre. Men aa skriva um slike Spursmaal er ikkje so lett, naar Ein skal skriva so der er Tak i det; Prof. Hellenbach er ein lærd Mann, og mot Lærdom maa Ein kjempa med Lærdom, iallfall med Kjennskap til Saki, og med klaar, visshøv Logikk. Rett som det var, og fyrr Ein i Grunnen kunde vona det, kom det Motartiklar i Morgenbladet og Fædrelandet. I Mgbl. skriv Pastor M. Færden 1) , og i Fædrl. Bladstyret sjølv. Men Grunnarne? Mot-Provi? Det, som skulde slaa dei Hellenbachske Tankarne eingong fyr alle ihel -? Ja, av dei kom det nok mindre. Det, som kom, var umpass av same Slaget som det me er vane med aa faa fraa den Kanten i alle større Spursmaal: Deklamation, Lyrik, Skrik, - men ikkje Grunnar.
           
- - Er det ikkje fælt, kjære Medkristne? er det ikkje syrgjelegt? Slikt kann den Mannen skriva! Og slikt kann det Bladet prenta! Der kann de sjaa, kor det ber av med dei liberale! Er det ikkje fælt? Jau visst var det fælt; det visste me fyrr, det; men Grunnarne-?
           
Ikkje Tale um slikt. Ikkje Tanke um aa taka fyr seg Saki, ikkje Tanke um aa undervisa Folk, rettleida dei, læra dei aa forstaa, at so og so maa det vera; nei! berre Skrik; berre Skrik og Jammer. Og freistar dei ein Gang paa aa føra eit Prov, - so kann du vera stød paa, at dei gjeng ut fraa Forutsetningar, som Modstandaren just hev reist Spursmaal um, elder som han kanskje reint ut negtar. Den, som vert klok av slikt, han maa vera - snild ialfall!
           
Fælt? ja visst er det fælt. Det er so det rys i deg! Men er det det, som det kjem an paa? Er her ikkje mange fæle Ting i Verdi, som er like sanne fyr det? Lat oss berre tenkja paa ein slik Ting som den, at me skal døy! Tenk deg livande inn i det; set deg din eigen Daude klaart fyr Augo, - og seg meg so, um du ikkje finn Tanken fæl? um ikkje heile din Natur, alt det beste og sterkaste i deg, rører seg upp ved slik ein Tanke? Og like godt er det sannt, at du skal døy. Det er nok dessverre ikkje det, det spyrst um, naar ei Sak skal avgjerast, um me finn henne fæl elder hyggjeleg; djupare, djupare maa det gravast, vil Ein finna fram til fast Grunn!
           
- Prof. Hellenbach veit og um det, at Folk i denne Tid vil finna Tankarne hans fæle. Men det er just det, som Mannen kallar Fordom! Det, det her galdt um, var altso just aa visa mannen, at vaar sterke Mothug mot Tankarne hans hadde Grunnar aa byggja paa og altso ikkje var Fordom elder ei grunnlaus Vanemeining. Hadde Pastor Færden og Fædrel. komet med slike Grunnar, so hadde dei gjort nokot til Gagns. No er me like kloke. No stend Hellenbachs Fordomar der, og me lyt endaa til spyrja oss sjølve, um det ikkje er rimelegt, at Færden og Fædrl. hadde lagt sine Grunnar fram om de haft någon! Og so fær me leita etter Grunnarne andre Stader.
           
- Eg undrast paa, naar vaare kloke Menn i Mgbl. og Fædrl. vil læra seg til aa skyna detta. Enno er det ikkje faarlegt. Enno hev dei i alle sovorne Spursmaal ei slik Magt med oss, at dei kann skræma oss med Skrik; enno kann dei styra oss gjenom Kjensla og Vanen, so me ikkje gjeng stort lenger med Tanken vaar enn me veit me hev Lov av dei. Men det kann koma ein Dag, at Folk ikkje lenger vil lata seg styra etter Kjensla. Det kan koma ein Dag, daa Folk vil segja: me trur dei best, som hev best Grunnar! Og daa kunde det koma ille med, at dei kloke Menn i Mgbl. og Fædrl. hev øvt seg so lite upp i den Kunst aa verja ei Sak med gjenomførd Logikk. Elder trur ikkje De det, mine Herrar -?
 
 
Eg skulde hellest ikkje ha sagt so mykje um, at Teologarne tok til Deklamationen i eit Tilfelle som detta; for det kunde iallfall vera naturlegt. Men her kjem ein annan Ting til, som ikkje kann orsakast, og det er den, at desse Folk meir og meir likefram tek til aa krevja Censur.
           
Fædrel. finn, at no kann Ein sjaa, kvat Ytringsfridomen er fyr ein Ting! Og det hev aat V. G., fyrdi detta Bladet hev talat um Ytringsfrihedens hellige Salt, eit Uttrykk, som Fædrel. altso ikkje synest vilja godkjenna. Eg veit ikkje av, at eg nokon Gong fyrr hev set Ytringsfridomen so endefram paateken, og me bør visst væl agta oss fyr aa lata slike Ytringar sleppa aatalslaust igjenom. Dei kunde veksa.
           
Etter Norigs Grunnlog er Ordet fritt her i Landet. Men at Ordet er fritt vil segja, at alle Tankar hev Rett til, ja skal, koma fram, baade naar dei er range og naar dei er rette. Fædrel. vil nok og hava Ordet fritt, men Maate paa alt! ikkje so fritt, at range Tankar skal faa Lov til aa forkynnast; ikkje so fritt, at Folk skal faa høyra meir enn dei hev godt av! Det er ein fin Tanke, det, - plent den same Tanken, som i gamle Dagar laag til Grunn fyr Censuren.
           
Censuren var ikkje so galen som Folk trur! Censuren var bygd paa den fagre Tanken, at berre det Gode, Sanne og Rette skulde fram, men det Vonde, Falske og Range skulde kvævast i sjølve Fødsla. Det er berre ein einaste liten Ting, som her kjem i Vegen, og det er Maaten aa gjenomføra Tanken paa. Kven skal avgjera, kvat som er rett og rangt? Gode Menn, naturlegvis. Men kven skal velja desse gode Mennerne? Dei Styrande, kann du vita. Men dei Styrande hev paa Fyrehand sine Meiningar um, kvat som er rett og rangt, og dei gjeng ut ifraa, at just det, som dei sjølve trur paa, er rett, og just det, som dei sjølve er rædde elder hatar, det er det range og vonde. Altso vil dei velja Menn, som hev same Trui som dei sjølve, og altso vil det verta dei Styrande, som tilslutt kjem til aa avgjera kvat Folk skal lesa, tenkja og tru. Og i same Stundi viser det seg, at Censuren er den styggaste og ugudelegaste Aandstrældomen, som nokon tankesjuk Tyran kann finna paa. Og det Folket, som liver under Censur, vil vera det, som hev minst Von um aa finna fram til det Sanne og Gode.
           
Det veit alle! Men naar det so vert Aalvor av Ytringsfridomen; naar det viser seg, at range, ja fæle Tankar paa den Maaten kann koma fram, - daa støkk Fædrelandet og tenkjer som so, at er Fridomen slik, so er det visst best aa vera Fridomen fyrutan.
           
No høver det so ille, at det frie Ord er uppsett som Grunnlog her i Landet. Og Folk hev fenget so vidt Smak paa Ytringsfridomen, at det er lite Von fyr Fædrel. um aa faa Censuren logleg innattførd. Men so prøver det privat. Alle Blad, som vaagar aa prenta range Tankar og alle nye Tankar er i Grunnen range vert sette i Svarteboki. Ikkje so, at Fædrel. med klaare Grunnar viser, at desse Bladi fer med galne Tankar; for gjorde Fædrel. det, so gjorde det nokot til Gagns; - men so, at det paa Censor-Vis dømer, at desse Bladi ikkje maa prentast, iallfall ikkje lesast, og det kjem ut paa eit. Og no vil det hava alle andre Blad med seg til aa hjelpa seg i detta. Verdens Gang og Fedraheimen fær Skjend, fyrdi dei forsvarar den frie Diskussion og altso ikkje kann vera med paa aa fordøma Dagbl.; Norge fær Skjend, fyrdi det held seg utanfyr Striden og ikkje kjem Fædrel. til Hjelp; - privat Censur yver heile Lina! Range Tankar maa ikkje koma paa Prent; non imprimantur! Og Fædrel. kjenner seg altso so sterkt i Sadlen, at det alt vaagar endefram aa uttala seg mot Ytringsfridomen.
           
Men som væl er, so stend Ytringsfridomen logfest i sjølve Norigs Rikes Grunnlog. Og Tanken um det frie Ord er so fastvaksen i Folk, ligg so sterkt i Lufti, hev vortet alle tenkjande Menn so gjæv, at ikkje all Verdens Bakstrævar-Ræddhug lenger kann faa Livet av honom. Fædrel. kann skræma oss paa alle dei Maatar dei vil, det kann jaga Tingarar fraa vaare Fridomsblad i Tylvtetal, ja det kann elta Livet av desse Bladi, um Lukka er god; men det kann ikkje lenger faa frilynde Menn til aa tru paa Censuren elder til aa fornegta det frie Ord. Snarare skal me vona, at den frie Diskussionen fyrst no heretter vil vakna og gjera seg til ei Magt i Landet. Og me skal sjaa, at det vil forløysa og frigjera Aandslivet vaart forunderlegt, ja styrkja vaar Vilje, vaart Mod, vaar heile personlege og folkelege Karakter. Den frie Diskussionen er fyr Aandslivet det same som Sol og fri Luft er fyr Blomen. Det Aandslivet, me no hev, minner i mangt um Grasvokster i ein Kjellar. Det er bleikt, forkrøkt, vass-sjukt, merglaust; det hev gjort oss fælne, rædde fyr alt som rører seg, rædde fyr aa sjaa vaare eigne Tankar i Augo, rædde fyr aa høyra eit hardt Ord. Den frie Diskussionen skal styrkja oss, læra oss aa reisa Rygg, læra oss aa tru som Menn, tenkja som Menn og tala som Menn, læra oss aa slutta oss so fast um vaare Meiningar, at me ikkje lenger fæler fyre, at nokon skal røva dei fraa oss berre ved aa segja eit kvasst Ord! Ingen Ting er so naudtrengd her i Landet no som det aa arbeida fyr full og gjenomførd aandeleg Fridom.
           
- At Ordet er fritt vil segja, at range Tankar ikkje skal verta liggjande nedstengde og nedkvævde, etande um seg som ein løynleg Sjukdom, men at dei skal fritt fram, i fullt Dagsljos, og verta undersøkte og dermed avtynte. Naar ein usann Tanke kjem upp, so vil ikkje ein aandsfri Mann verta rædd og gjeva seg til aa skrika og ropa paa Censur og Gewalt, nei; han vil sjaa Tanken rolegt i Augo, prøva Tanken rolegt fraa alle Sidur, og so, naar han hev fenget full Greida, so vil han med klaare, rolege Grunnar taka den galne Tanken av Dage, og det so, at han ikkje eingong kann spøkja meir.
           
- Hadde Færden og Fædrel. gjort det med Hellenbachs Tankar, so hadde dei gjort nokot til Gagns! Og so hadde me voret ferduge med den Styggedomen ein Gong fyr alle. Daa kunde Prof. Hellenbach (og Dr. Brandes?) sidan ha preikat so lengje dei vilde; me hadde havt vaare klaare Grunnar, og so hadde me voret trygge. Range Tankar er aldri faarlege, berre dei kjem fram i Dagen og under ærleg Dryfting; - men no? No, daa me ser at Presten og Fædrel. ikkje hev stort annat aa svara med enn rædde Skrik og Rop paa Censur -?
           
No kann range Tankar verta faarlege!
                                                           
( Meir.)
 
1) Vil Hr. Pastoren hava innført den Skikken aa ikkje vyrda Folks Anonymitet, - so gjerna fyr meg. G.