Bjugs stykkje

i no. 62 om Sogestilen og Kvendelage har eg lese og vart noko klumsa, då eg fek sjå alt det, som står der; for ikkje anna æn eg kan sjå, er det urimeleg vandt å koma seg ifra den tanken, at Bjug læt den eine setningen slå hin i hel. Først segjer han, som sant er, at det er fåe, som skriv på måle og ænda fåare, som har noko lag på å få det til. Han går så vidt, at han segjer, vi ingen sogestil har; ingen har norskt lag til å skrive forteljingar ændå. Nå! lat dette gå, skjønt eg trur, at Bjug dømer for hardt. Deretter kjem B. med di, at John Lie skreiv Knut Trondson på dansk, fordi at han au fan den norske målvegen altfor urudd for seg. Må eg så spørje: Korleids skal vi på det vise få tak i norsk sogestil, når dei bondefødde bokskrivararne skal halda seg til dansken, test den norske målvegen er brøyt for dem? Kven skal d å brøyte? Og, trur B., at John Lie & Komp. har det likeins, som soldaten vilde ha det: gå i vatne først då, når han kunde sømje? Og, lærer alle Lierne våre å sømje av di, at dei står og ser på, at andre kan det? Dette tykkjes B. å tru; for han ser det som ei avgjort sak, at John Lie kjem-att; og han segjer, at han hev god von om J. L., først han fer til å skrive sogor på norsk.
           
B. segjer os, at det er 2 ting, som merkjer ut den norske stilen: Djervskap og Finleik. Eg trudde greidskap, klårleike og reinleike au måtte få vera med. B. segjer deretter, at det er nok av djervskap i dei norske målførom, og at det er likeins med det gamalnorske stilelage au; men han fin, at liksom dette vanter noko på finleiken, soleids har det seg au med dem, som no til dags vil take etter hit lage; og vil dei so fara etter det fine, so ber det av borti det sukkersøte. Nå! so langt var vi komne, at vi hadde høyrt, ingen kunde skrive norsk; her var berre djervskap, men ingen finleike. Skulde vi so vone, at Telemarkja låg i Noreg, når det stups heiter: Men i Telemarkjen er det både djervskap og finleike i måle naturlegvis. Der skriv soleids folk fullbuen norsk stil; og dit skulde de reise alle sammen, då alvist Høyem og Trøndarne! Men haldt! det kjem noko i vegen att: det er ikkje gutarne i Telemarkjen, som Høyem og Trøndarne bedes heim åt; for dei fer og flakke og kjem heimatt med utskjemd målsans og danskande tunge; det er berre åt Telemarksgjentom, vi blir heimbedne; for dei kan det formfagraste og mønsterbeste av norsk stil; men sjå: atter ein stop! Telemarksgjenta har ikkje ændå tekje åt å skrive noko; hjå henne er ingen sogastil å få lære, då berre stevstilen har ho tame i. Stevstilen al ære og vyrdnad! Og stor tak åt dem, som gjorde og som gjøymde steva våre! Men er det dette stilslage, Bjug trur, vi no skal legge os etter? Og gjek han u t ifråa å tala um denne bristen hjå os? Eller var det sogastilen, han sakna og bad os arbeida os in i? Ja, sogastilen var det; og det kjem B. ihug til slut att. Han kjem au med dømeslik telemarkisk mønsterstil; han gjev honom ændå d e t vitnemåle, at han er so god, som han kan verte! Ændå fær vi høyre, at den gjenta, som har skreve denne mønsterfortelnaden, ikkje har skreve på måle sit før. Denne gjenta vere ære og stor tak for tiltake sit; og, til di, at ho aldri har skreve på måle før og ingen skulegang (å snakke om) har haft, so er ho framifrå. Men eg trur, det hadde vore ei langt betre tenest synt denne gjenten, om ho hadde fåt koma fram med denne kjærleiksforteljingen sin og fåt sin ros for den, utan at Bjug hadde ropa målbrigda hennar ut som eit non plus ultra; for med di vil ho freistas til å tru, at ho er eit vidunderbarn, ein deus ex machina, og står i våde for å bli ein harddomar over ein og kvar. Serleg tykkjer eg, at det var i utrongsmål å ropa meg, stakkeren, ut av flokken og med namnsnemnning brennemerkje meg. Kva ska slikt vera godt for? Kjem slikt av kjærleike til person og sams fedralendsk sak?
           
Det er flås å segja, at ein stilstub er heilt upp norsk og so god, som han kan verte, når han på eit par venningar i eit lite blad treng å bruke blei for vart, skjønt Aasen segjer, at vart er almindeligt over lande. (Eg brukar berre præsens av hit orde, då vert ikkje er almindeligt). Og likso kanskje, bejønda, begav, prøve, Selskap blei forfælte, fela (dvs. vante), lettsindig, fatte seg, bare (dvs. berre), vandre, foreldre si, forlove, skjikkelege o. s. b.!
           
Eg hadde nære sagt, eg ikkje ser noko overlag, korkje i ord, venningar eller stil, ser heller ein noko urein norsk; og difor hadde eg venta, at namne mit i dette samhøve hadde sloppe det sparke, det fek. Gjenta likevel, som sagt, al ære! Ho må ikkje finne seg såra det slag av di, eg her fan grun til å segje.
           
Nidaros, 15de oktbr. 1879.
                                               
Ærbødigst
                                                 
O. Høyem.