[Thingvalet.]

Thingval. Til Thingmann fraa Moss og Drøbak valdest sin Laurdag Yvertollar O. Helliesen (fraa Drøbak), 61 Aar gamal, Bakstrævar, Bror aat Riksraad Helliesen. Han fekk dei 3 Valmannsrøysterne fraa Drøbak, og var dermed vald, endaa Mossingarne (4 Valmenn) ikkje vilde ha honom; den eine av deim, Peterson, kunde ikkje kvæma seg til aa røysta paa Mossingarne sin Kandidat, Sakførar Bredal, som sjølv var Valmann. Til Varamann valdest Politimeistar Sandberg (5 R.). Maandag valdest i Flekkefjord til Thingmann: Styraren av Brennevinssamlaget Elias Didriksen, Thingmann fraa Byen 1871 - 76, men ikkje i det sidste Triaar (2 R). Til Varamann: Handelsborgar H. S. Jakobsen. Hr. Didriksen høyrer til Millompartiet. I Breidvik var Val Onsdag. Prest Bergersen hadde, som me fyrr hev upplyst, fraabedet seg Uppattval. Til Thingmann valdest Skipsreidar Mats Helland (3 R.), til Varamann Byfut M. V. Holby (2 R.). Hr Helland er visst ein av dei, som vil stogga Framtidsferdi. - I Dramn vart Torsdag valde til Thingmenn: Bang med 9 av 11 R., Thingmann 1877-79, og Grosserar, Cand. jur. L. A. Solberg, ny (6 R.). Til Varamenn: Sakførar O. A. Rolfsen (6 R). og Dispachør A. E. Hangeland (9 R.) Baae Dramns-Thingmennerne er Atterhaldsmenn. Hr. Solberg skal hellest vera ein dugande Mann.