Utlandet.

I Schweiz hev Jesuitarne ikkje Løyve til aa liva. Likevæl skal det vera 3 Jesuitfeder i Embætte som Klosterforstandarar i Rikssambandet. Sambandsraadet er i Gang med og undersøkja detta fyr aa faa dei gode Feder utviste. I Nordamerika hev det voret mykje Tale um aa velja U. Grant til Præsident paa nytt. No segjer ein Brevskrivar fraa Philadelphia til Times, at Republikanararne vil røysta paa Rikssekretæren Sherman, som er Sjæli i Hayes sin gode Finantspolitikk. Don Carlos hev sagt, at han ikkje vil uppgjeva dei Krav paa Kongestolen i Spania, som han hev skapt seg ved Sabelen sin. Andrassy, som enno stend ved Utriksstyret i Austrik-Ungarn, og Bismarck hev havt eit Møte i Gastein. Keisar Aleksander og Keisar Vilhelm skal møtast i Aleksandrovska nær Varskau, der Russekeisaren held store Hermynstringar yver Hestfolket, som gjorde sine Saker klent i Tyrkekrigen. Um desse Møti hev nokot storpolitisk Fyremaal, er uvisst; dei utlandske Blad gissar baade det eine og det andre; det er hellest kjennt nog, at Moltke i Generalstabsarkivet i Berlin hev liggjande fullt ferdig Hertogsplanen mot Russland. At Storfyrst-Tronfylgjaren si Vitjing i Stockholm ikkje hev nokot med Politikken aa gjera, kann ein taka fyr visst.