Høgskuleferdi til Danmark.

[Del 3 av 4. Fyrste delen.]
 
(Framhald.)
 
Maandagen var me paa den høgste Tinden dei aatte paa Mors Salgjerhøi, som visseleg maatte segjast aa vera stor millom sine eigne. Kl. 2 køyrde me gjenom Æreporten, som var baade væn og national, inn paa Tunet hjaa han Jens Bok. For ei Mengd med Folk og Vogner! Me vart bedne inn og millom annat trakterade med Gamalt-Øl. Det var sterkt og liktest Hardanger-Ølet hjaa oss. Fyrst naar det var aarsgamalt, hadde det rette Smaken, sagde dei. So skulde me til Fjells, men so mange Fjellfolk heve eg endaa aldri set paa eingong, - um Lag 1000 tenkjer eg. Fyrst gjekk Ein og bar Danebrog, som hadde Ordi Og Maalet er Danmarks Frelse! i den kvite Krossen. Deretter bar ein annan dei tri Nordiske Flaggi saman, men Danebrog var imillom. Ja detta er Meining i, tenkte eg, Danskarne veit aa halda paa Æra si. Paa Salgjerhøi var Flagg uppsette. Me saag mykje godt vidt yver Mors, Ty og Limfjorden. Men det var mykje det same uppatt, so Augat snart vart trøytt. Her kunde ein segja fyr Vissa, at ein saag Kyrkjur so mange som tjuge og visst fleire og. Eg laut hugsa dei Ordi, ein Prest hadde sagt til meg um Fyremiddagen, daa me og stod paa ein høg Stad: Her ser De vaar Soga! Kjempehaugarne syner den gamle Tidi, alle desse Kyrkjurne Millomaldren, og Samningshuset med Ansgars-Kyrkja ved Sida den nye Tidi. Flaggi veiftad yver den store Folkemengdi, og ein Prest helsad oss Norske med ein Tale. So sette me oss ned i Bakken, som hallad bratt ned til Limfjorden. Det gjorde godt aa sitja der og sjaa utyver; - me var daa betre no enn Harald hardraade, som foor paa desse Staderne mest som ein Tjuv. So var det Talar og Song. Ein ung Jute hugsar eg so vel, han heitte Jens Mortensen og var Høgskulelærar, trur eg. Han fortalde slik ei fager Soga, som han utlagde um Danmark og Sud-Jutarne. Det var ingen Vande aa skyna hans Jutske Maal. Eg tykte det var fint og. I Grammatikken skil Jute-Maalet seg ikkje so reint mykje fraa det Danske Bokmaalet; det er Klangen og alle desse halve Ljodarne, Jutarne legg kring um, som gjerer største Brigdet. Det var korkje Snjostorm elder Toka, som jagad oss fraa Salgjerhøi, men Regnet. Eg lyt fortelja nokot, som hende i Løda hans Jens Bok. Me var inne og skulde taka til Nista vaar. So var det ein lang Jute, som fleire Gonger denne Dagen hadde voret til og bedet Maalstræveren tala. No kom han atter, og Maalstræveren sagde daa, han skulde tala fyrste Garden me kom til. Juten er ikkje nøgd med detta; han er komen 1 Mil fyr aa høyra Maalstræveren; mange av hans Landsbyfolk er komne paa same Maaten, og no skal dei heimatter. So lyt daa Maalstræveren upp aa ei Vogn der i Løda og tala nokot. Han lovar aa fortelja i Noreg, at Jutarne køyrer 1 Mil fyr aa høyra den Norske Maalstræveren, - og naar han no her fortel detta, so fer han etter Lovnaden sin. Sidan steig den lange Juten upp aa Vogni og talad mykje godt um Norske Greidur. Eg vart forbinad paa, kor godt han kjende Grunnlogi vaar.
           
Sidan køyrde me fraa Gard til Gard, og alle Stader hadde dei Danebrog. Smaagutarne hadde samnat seg kring Flaggstengerne. Det same vilde dei visst gjera hjaa oss, naar me berre fekk Flagg paa Haugen ved Huset. Klipgaard laag ned i ein Dal. I Hagen der var det Meiningi aa halda Møte. Talarstolen var uppsett paa den fine runde Vollen, som laag so lognt umkrinsad av store Lauvtre. Elles vart ikkje Maten fyr Kroppen gløymd helder; for Matbordi stod og lokkad vel gode til det. Naar me hadde fenget Metten vaar, tok me paa aa syngja og stevjast der inn millom Skogen, og Danskarne hadde stort Gaman av detta; det var eit Ljom fraa dei Norske Fjelli. Det var reint illa, at det kom slikt eit Regn denne Kveldne, so me ikkje kunde vera i Hagen. Me maatte halda til i Løda paa Garden, men den rømde bra mange og. I Løda gjekk det baade varmt og morosamt fyr seg til langt ut paa Notti. Mange talad og mykje godt vart sagt. Ein ung Dansk Prest, Thomsen heitte han, fortalde fint og livande det Norske Eventyret um Dumme Menn og Troll til Kjerringar og sagde mykje godt um det. Visst alle saman vart meir tanketrøytte enn fotetrøytte av denne Fjellferdi; for det var so mykje aa høyra.
           
Tysdag var sidste Dagen vaar paa Mors. Det var daa Fest i det store Samningshuset tett med Galtrup Høgskule. Huset er kostat upp av Bønderne der ikring, og er so stort, at det rømer ein 1100 Mann. Der held dei kristelege, folkelege og politiske Møte. Dei byggjer ikkje med slikt Einsyn, som naar dei hjaa oss set upp desse Bønehusi. Denne Gongen var det berre innbedne Folk; utan hadde det vortet for mange. Det skulde vera paa Lag 500. Skjotarlaget var fyrst og fremst, og so Skjotar-Gjenturne. For dei hadde den Visi, at naar ein Gut var Skjotar, so var Gjenturne i Heimen hans Skjotar-Gjentur, d. v. s. dei var sjølv-sagde til aa vera med paa Skjotar-Festar og so. Smaafolket (Husmannsfolket) var ikkje gløymt, daa mange av deim var innbedne til Festen. Denne byrjad Kl. 2 med det, at Skjotararne med det Danske Merkjet i Bredden marserad framum Samningshuset. Sidan synte dei sin Dugleik baade ute og inne; dei sprang, dei hoppad, fiktad og synte mange gode Idtrottar. Dei var svært godt upptamde, tykte eg, og aatte ein Stødleik, som ein nok ikkje altid finn paa vaare Eksermoar. Etter detta tok Dansen til, og ein kann vita, at dei Norske Gjenturne inkje hadde mykje imot aa taka ein Sving med dei Danske Gutarne, naar dei var slike Karar, som dei no hadde synt. Gleda var aa lesa i alle Andlit; det einaste, som var i Vegen, var, at det vart helder trongt, for alle vilde dansa: me med dei Danske og Danskarne med dei Norske. Ein Samanstøyt og tvo hadde likevæl ingenting aa segja; det høyrde med til Dansen. Midt under alt maatte me til med Kjeringi med Staven. Men so kjem det beste; ein av dei høgste Danske Gutar hev Danmarks Merkje, tek ei Norsk Gjenta ved Sida, kvar finn seg ein Make, og so gjeng dei fram tvo og tvo, so heile Mengdi kjem med i Rekkja; Musikken spelar upp til
Den Gang jeg drog afsted,
min Pige vilde med,
heile Flokken syng med, Tongar og Ord gjer Lufti sterk og varm, det ljosnar baade ute og inne, Augat ser fram gjenom Tidi og øygnar Sud-Jutland vunnet og Noreg løyst or all framand Trældom. Den eine Songen etter den andre kvelvde seg ut yver Laget. Aldri heve eg set so uppkveikte Folk som no, og Gjenturne var fælaste av alle. Sidan um Kvelden vart det Tale paa Tale baade av Danske og Norske, og denne Gongen var Punsen attaat. Millom Talararne var ein rett og slett Bonde og ein Husmann av same Slaget; Husmannen tykte eg mest talad gildast av alle, som her bar fram Ordet til dei kjære Norske Gjester. Men so Farvel med so mange tusund Takk. Me skulde helsa og helsa, hugsa og hugsa!
           
Det var saart no aa taka fraa dei kjærlege gode Folki paa Mors; me hadde vortet so vel fagnade hjaa deim og hadde havt det so godt. Um Fyremiddagarne hadde me jamleg voret ikring paa Vitjing og daa mest hjaa Smaafolk. Det hadde voret so sælt aa sjaa, kor venlege dei var, og kor dei livde med i det tenkjande Mannsliv, endaa dei berre var Smaafolk.
           
Daa me um Onsdagsmorgonen køyrde til Sundet millom Mors og Ty, var det tokutt og raatt. Men Folk hadde Flaggi uppe; dei nikkad til Velfar gjenom Vindaugo; sume kom ut og helsad, og sidan stod dei og saag etter oss.
                                                           
Meir.