"Sverdrup er Bondens verste Fiend!"

segjer Morgenbladet. Og den vesle Drabanten aat Mgbl., Aftenposten, tek det uppatt, og endaa mindre Drabantar fortel det same baade paa Folkemøte og paa Prent, so no maa Landet vita det. Men det skal vera løglegt aa lyfta paa Loket og sjaa, kvat det i Grunnen er dei kokar paa i denne politiske Grutkjelen sin.
           
Grunnlogi, segjer Mgbl., legg Tyngdi av den politiske Magt i Henderne aat Gardbrukararne. Men Politikken aat Sverdrup stemner mot aalmenn Røysterett, og daa vil Magti koma i andre Hender, aat Husmannsflokken og Dagarbeidar-Mugen. Paa Folkemøti heiter det: No hev me Gardbrukarar Magti, og no lyt me halda paa ho; men daa Sverdrup vil, at andre og skal vera med i Magti, so er han ein Bondefiend, ja den verste Fienden, Gardbrukararne hev.
           
Her møter me fyr det fyrste det gamle Slaget i Bordet: So og so vart det stellt i 1814, og so skal det æveleg vera! Kor er det Raad, at Folk i Aalvor kann tenkja slik? Kor kann Folk med Upplysning halda Mannslivet fyr ein stillstandande Damm, naar det daa er umistakande fyr kvar, som hev Augo, at Livet er ein Straum, som aldri kviler, og at alle Tilskipingar i dei menneskelege Samfund stødt lyt brigdast og betrast, dersom dei til kvar Tid skal kunna høva med Kravi um Rett og god Skikk i det folkelege Samliv? - Aldri i Verdi fannst det eit Logverk, som kunde høva aat alle Tider, og den norske Grunnlogi gjer ikkje nokot Undantak i so Maate; det hev me fyr lengje sidan set.
           
Fyr det andre: kven er desse Stillstandsfolk, som er so vare um Retten aat Gardmennerne? Mengdi av dei er Folk, som eig Pengar, elder hev funnet Hamn i eit tryggt og rolegt Embætte, elder sit paa ein Storgard, elder paa annan Maate er komne paa grøn Kvist. Det er ikkje Mengdi av vanlege Gardbrukarar elder Bønder. Det er lett aa skyna men ikkje menneskelegt -, at dei, som er komne godt uppi det, helst vil hava alting som det er og serleg vil halda nede alle dei, som er nede, so dei sjølve kann faa sitja trygge paa Tuva si; men naar dei gjer detta i Namnet aat Gardmennerne, so er det den reine Humbug.
           
Kvat bryr væl Mgbl. og Storfolket i Grunnen seg um, at Bønderne hev Magti? Nei, utanfyr Valtidi hev nok Ingen set det Morgenbladet, som me kjenner, strida fyr Bondemagt. Me veit altfor godt, kvat det Bladet er Talsmann fyre: Regjerings-, Embætts- og Pengevelde, - Grosserararne i Byane og Embættsmennerne paa Landet. Berre naar Valtidi kjem, so gjer det seg fint fyr Gardmennerne og prøver aa sjaa bondevenlegt ut. Det er ein Humbug, som er mest for grov til aa kallast so.
           
- No hev de Magti, og no lyt de passa paa ho, segjer Morgenbladet til Gardmennerne. Det er ein blodig Spott yver Bonden. I ei Tid, som ikkje vil vita av nokot Standsvelde, i ei Tid, daa det gjeng som Eld og Glod gjenom dei laagare Samfundslag, at dei vil hemna seg paa sine nedtrykkjarar og arbeida seg sjølve upp i Jamhøgd med dei høge, - trur du, at i ei slik Tid ein Mann av dei Magthavande vil stiga fram og segja: no hev me Magti, og no vil me halda paa ho, so ingen annan skal faa nokot med oss! Nei: ein klok Mann fortel ikkje det, at han hev Magti, i ei Tid, daa det just gjeld fyr Uretten, at ein einskild Mann elder eit einskilt Stand herskar yver dei andre. Det er faarlegt aa segja slikt høgt; difyr tigjer Morgenbladspartiet um den Ting no um Dagen og talar aldri um, at det sjølv vil vera Herre i Huset. Derimot trur Mgbl., at det skal kunna narra Bonden til aa skjemma seg ut med slik sjølv-sjuk og rangvis Politikk, ja at det paa den Maaten skal vinna honom fyr seg og faa honom til aa hjelpa Stormannspartiet til Takk fyr den Smeiking han fær i Mgbl. Dersom no Bonden gjorde det; dersom han steig upp og sagde: eg hev Magti, og eg aaleine vil hava Magti! og han daa paa den Grunnen slog Lag med Morgenbladspartiet og hjelpte det fram, - so vilde fyr det fyrste alle andre Samfundslag reisa seg mot Bonden, og fyr det andre vilde Morgenbladet taka Hjelp av honom, til det kjende seg sterkt nok, og so senda honom paa Dør. So stod Bonden der, som Allemanns Narr og Ingenmanns Ven. Den, som liver berre fyr sin eigen Munn, so gjeng det baade fyr Katt og Hund, segjer eit godt norskt Ordtøke. So dum trur altso Mgbl. Bonden er, at det vaagar aa bjoda honom ei slik Fella. Grovare Spott er det vandt aa tenkja upp.
           
Men endaa hev me nok ikkje naatt Botnen. Det verste er att.
           
Naar Mgbl. vaagar aa koma med slikt til Bonden, at han skal driva sin Politikk einast med den Tanken aa eigna til seg heile Magti sjølv og vera like sæl um dei andre, - so gjeng det altso ut ifraa den Trui, at Bonden ligg nede i den same politiske Moralen som det sjølv, nemleg at eit einskilt Stand skal vera Herre i Landet og det andre Folket berre vera ein lydig Tenar, som skal lita seg med den Retten, Husbond av sin Godvilja gjev honom. Mgbl. trur med andre Ord, at Bonden i sin Politikk er driven av den same raae Sjølvsykja og den same Vant paa Syn fyr Rett og Rettferd, som Morgenbladet sjølv hev gjort seg so syrgjeleg namnspurt ved. Hald fast paa Magti sjølv, lat ingen annan faa nokot med deg. Kor god Rett han enn kunde hava! Det er den gamle politiske Neverettsmoralen, som Mgbl. her med lyft Panne forkynner, og som det utan Skam prøver aa faa gjort til Grunnlag fyr heile vaart politiske Liv. Nei, gode Morgenblad, hald du paa den Moralen fyr din eigen Part, men kom ikkje aa skulda Gardmennerne fyr aa hava det paa den Maaten! Dei hev fyr lang Tid sidan synt, at dei ligg langt framum deg i politisk Moral, og um no du held dei fyr aldri so faavise, so er dei daa likevæl for kloke til aa meina som du, at Livet er ei æveleg Traakking paa same Flekken istadenfyr Framgang!
           
Gardmennerne er ikkje so rædde fyr Magti si. Dei veit, at berre den tarvelegaste politiske Rettferd i vaar Tid krev, at dei, som er med og ber Samfundsbyrderne, og so fær sin Part av Samfundsrettarne, og dei finn difyr, at Sverdrup hev Rett, naar han arbeider fyr ei høveleg Vidking av Røysteretten. Dei veit, at Aatferdi aat Morgenbladspartiet: hald fast paa Magti fyr deg sjølv! - ikkje aaleine er ein barbarisk Urett mot Folket, men at slik Aatferd tilmed maa føra Samfundet ut i Ulukka; for Kravet fraa dei utestengde Samfundslag etter full Mannsrett er ein Straum, som aldri i Lengdi kann stengjast ute, fyr di det hev Sanning i seg og er rettferdugt. Vil Ein prøva aa stengja, so bryt Straumen seg sjølv Veg; me kann her berre tenkja paa Myrmannsgreida, Det einaste kloke og rette er det, som Gardmennerne med Sverdrup i Fyreenden hev arbeidt fyre: aa halda Veg open fyr Elvi, so ho smaatt og jamt slepp fram og fær det Romet ho hev Rett til i Samfundslivet. Gardmennerne veit, at dei byggjer Lukka si paa Sand, naar dei byggjer ho paa Urett imot Arbeidaren, Handverkaren, Husmannen, Skulelæraren; men det vil vera Lukka og Æra deira baade i Samtid og Ettertid, um dei med Frihug og rettvis Politikk kann faa lyfta alle arbeidande Lag i Samfundet upp i Krinsen av frie og upplyste Menn. Kom ikkje med det Kaldpratet um, at Mengdi av Folket er umyndig og fyrst lyt faa politisk Uppfostring. Gardmennerne kann Soga si um, korleids dei sjølve hev fenget si politiske Uppfostring. Det er ingen annan enn Røysteretten sjølv, som hev lært dei upp; dei veit, at Røysteretten baade er ei stor og rettvis Gaava til Mannen, og dertil den beste Læremeisteren til aa læra Mannen aa bruka Gaava. Og fara varleg fram, det tarv ikkje Gardmannen læra; det hev han i Naturen sin.
           
- Difyr, gode Morgenblad, segjer Bonden, krjup inn i Hiet ditt att og tak Visdomen din i deg; preika so lengje du vil fyr dine eigne Menn, at me hev Magti og me vil hava Magti! Men kom ikkje og hæd oss Bønder med din eigen Politikk. Me vil halda paa det Rette og fylgja Tidi, som ikkje lærer politisk Sjølvnytte, men som lærer, at Magt og Mannsrett er ein Aalmanngode, som bør spreidast i vidare og vidare Krinsar; me vil hava Fridomen, Sjølvstendet og Upplysningi inn i kvar Bu og kvar Kraa, baade i By og paa Land, - og just difyr held me Johan Sverdrup fyr den gjævaste Føraren vaar, fyrdi han stødt og fast og med klaart praktisk Syn arbeider fram mot det, som er det gode og rettferduge. Det, du skjeller paa honom fyre, er just det, som me elskar og ærar honom fyre; - Farvæl!
           
- Eg hev lagt desse Ordi i Bondens Munn. Elder kanskje han ikkje eig nok av Frihug og Syn paa Tidi til aa kjennast med dei -?
                                                                       
ss.