[Nye Thingval.]

Nye Thingval. Til Thingmenn fraa Nørdre Bergens Fylke vart den 26de August uppattvalde Bonde og Fanejunker A. O. Tonning med 63 og Prest Jakob Sverdrup med 56 Røyster. Dessutan valdest Yverrettssakførar Livius Smitt med 35, Klokkar K. R. Kirkhorn med 35 og Klokkar Edv. Liljedal med 26 Røyster. Varathingmenn vart Yverrettssakførar Otto Blehr, Bønderne S. Bugge, Anders Ous, K. Vefring og Lensmann Andresen. Blehr fekk 23 Røyster. Som Ein ser, hev det voret litet Samhelde millom Valmennerne um dei 3 siste Thingmenn og 1ste Varamann. Men Nørdre Bergen er og eit av dei minnst framkomne Fylke. Hr. Smitt er vist full Høgremann, Hr. Sverdrup er, som me veit, heil Vinstremann, dei 3 andre er norske Bønder, og baade Hr. Tonning og Hr. Kirkhorn er jamvæl kjende fraa Thinget fyrr som Vinstremenn. Hr. Smitt, som er Systersonen hans Joh. Sverdrup og Syskenbarnet hans Jak. Sverdrup, segjest aa vilja røysta fyr Riksraadsaki; kannhenda han, som ein vitug Mann, og hjelper fram Saki um Røysterettsutvidking etter Skatte- elder Censusforslagi. Ein fær vona det beste, endaa Verksemdi hans som Bladmann (Nordre Bergenhus Amtstidende) tykkjest vitna um, at han ikkje er heilt fri fyr aa vera Fanatiker i Politikken. Hr. Ellingsen hev faret ei rein Skeivferd, underlegt nog i eit Fylke, som set Hr. Tonning ein Fagna Mann hellest, men ikkje eigenleg stor i Politikken upp som sin fyrste Mann. Fraa Sydre Bergens Fylke kjem paa Thinget til Aars som uppattvalde idag: Haugland (75), Skaar (74), Konow (53), Løberg (48) og Juel (43 Røyster). 1ste Varamann vart Bonde Hans Saakvitne (35 Røyster); dei andre er. Riisnæs, Lensmann G. Gerhardsen, Folkehøgskulelærar J. Helleland og Lærar O. Kindem. Valet paa Thingmenn reint Vinstreval, 1ste Varamann høyrer og til Vinstre.