Rispur.

Ordleikur. Eg vilde hit til deg um Maandagen
                        aa høyra med deg um Tysdagjen,
                        um eg kunde faa deg um Onsdagen
                        til aa arbeida fyr meg um Torsdagen;
                        det er so rart med det um Fredagen,
                        ein hev mykje gjera um Laurdagen,
                        naar Ein vil til Kyrkje um Sundagen.
                       
 
Dæ er lite fyri            men æ dæ krokutt
aa spika Tyri,            og kvisteknokutt,
naar dæ æ greit;       daa æ dæ leit!
                                   
 
Gaatur. Hot æ dæ, som ser baade Land og Strond, og hev kji anten Vit hell Aand, men naar dæ kjem fram, kann dæ baade tala og svara? (Eit Brev.)
                                   
Hot æ dæ, som æ yvi Forstanden? Hatten.
                       
Tvo møttest paa ein Veg. Goddag, Son min! sa den eine. Ja, eg er nok Son din, men du er ikkje Faer min, svarad Guten. Kor heng det ihop? Guten møtte Moer si.
                                   
 
Ein pietistisk Prest var i eit Brudlaup. Det vart svært stilt, daa han var der; serleg var det stuslegt ved Middagsbordet; Ingen sagde eit Ord. Best som det er retter Brudgomen seg upp og segjer: Kanskje Presten synest me talar for mykje verdslegt -?