[Denne Gongen var Dølerne vakne.]

Denne Gongen var Dølerne vakne. Dei gjorde eit Thingval, som der var Meiningi, og god Meining i, og viste dermed, at dei no skynar sin Politik. Lat dei andre Fylki gjera det likso godt, so fær Landet endeleg eit Thing, som kann segjast aa repræsentera ein Folkevilje.
           
At Høgrebladi er so i Ulag yver detta Valet, viser at det er godt. Mest morosamt er det aa lesa Morgenbladet. Det preikar so vænt um Selvstændighed og um dei selvstændige Mænd av det gamle Gaardbrugerparti, at Ein kunde graata, - dersom Ein ikkje visste at det var Morgenbladet. Men Ein lærer med det same, kven det er Ein ikkje skal velja. Kvat tur det er fyr eit gamalt Gardbrukarparti, som Morgenbladet er so glad i? Er det Uelandspartiet? Elder Jaabæks- partiet? Korkje det eine elder det andre. Nei, det er desse besindige Mænd, som ikke vil være Stemmemaskiner for noget ( liberalt!) Parti, desse Høgrebønderne, og so desse prinsiplanse, styrelause Vinglingarne, som er ein Dag i Vest og ein Dag i Aust, og som helst røystar imot sitt eiget Parti fyr aa faa ord fyr aa vera sjølvstendige, - det er Folk fyr Morgenbladet, det. Men det er ikkje Folk fyr dei, som ærlegt vil Fridom og Folkeframgang.
           
Det er mest utrulegt, at Morgenbladet kann tala so aalvorlegt imot aa skapa Parti og vera partilydig, - endaa det just er Morgenbladsflokken, som til dessa hev havt den sterkaste Partifylking og den største Gaava til aa vera partilydige. Men det er naturlegt. Morgenbl. veit, at di ustødare Fylkingi er i Folkepartiet, di sterkkare vert Embættspartiet med dess faste Fylking, og so kann det, so litet det er, faa ikkje litet Magt. Men so mykje hev me daa væl no lært, at me ikkje lenger bit paa den Kroken.
           
Dei snakkar um, at Thingmennerne bør sætte Fædrelandets Vel over Partihensynene. Barnesnakk! Alle vil Fedrelandets Væl; Tingen er, at det er fleire Maatar aa vilja den Tingen paa, og den eine Maaten stend beint imot den andre; difyr vert her Parti. Her er t. D. tvo Maatar aa velja i: Embættsvelde elder Folkevelde. Alle, som tenkjer paa Politikken, vil Landsens Vælferd; men no finn den eine, at Landet maa vera best tent med, at Embættsveldet veks, men den andre finn, at Landet maa vera best tent med, at Folkeveldet veks. No er her i Landet eit Embættsparti og eit Folkeparti. Den, som daa trur, at Landet hev best av ei sterk Embættsmagt, han gjeng inn i Embættspartiet, som just vil ei sterkare Embættsmagt; den, som trur, at Folkeveldet vil tena landet best, gjeng inn i Folkepartiet, som nettup hev denne same Meining. Det vert soleids i det store og heile ingen Skilnad fyr ein Politiker paa Partifyremaalet og det store aalmenne Fyremaal; det vert ikkje Tale um at sætte Fædrelandets Vel høiere end Partihensynene; for Partiet vil just Fædrelandets Vel, og han vil Fædrelandets Vel just gjenom Partiet!
           
I alle Land, som eig politiskt Liv, syner detta seg gjenom ei fast, klaar og ærleg Partifylking. Berre her i Norig skal det vera paa ein annan Maate. Her skal det vera uærlegt og umannslegt aa høyra til eit Parti; her skal det vera det eine rette og moralske aa vera politisk principlaus! Det er halvt Barneskap og halvt Snerpeskap, og daa denne Læra vert forkynnt just av dei Folk, som sjølv driv mest paa med Partivæsen, so vert det etterpaa alt Hyklarskap. Me maa vera ferduge med den Leksa no.
           
Her er tvo Ting aa velja imillom her i Landet: Byraakrati elder Folkefridom; kvar Mann, som hev politisk Tanke, maa velja anten det eine elder det andre; men det han hev valt, det fær han vilja; og vil han det ærlegt, so tek han Plass millom dei, som vil det same! Men hev han teket Plass der, so fær han vera sovidt ærleg, at han ikkje rett som det er snur Odden imot sine eigne elder læt seg bruka av Motflokken; det er væl det minste, Ein kann krevja, og det maa han krevja av seg sjølv. Den som sviker sitt Parti, sviker si Sak.