Nye Storthingsemne fraa Telemarks Fylke.

Til den, som skreiv um detta i No 19, vil eg segja nokre Ord, At me endeleg lyt halda paa Rinde, det er eg og alle som eg hev høyrt samde med han um. Likeins at Bentsen burde verta vald. Av dei andre Storthingsemni, som er umtalte, vil Innsendaren, i No. 19 hava burt Sandland. Der held eg imot han. Eg trur at Sandland er med dei fyrste av vaare Storthingsemne her uppe. Han hev haldet seg meir roleg i dei seinare Aari, men at han held paa sine gamle Synsmaatar, i det heile daa, og fylgjer godt med Tidi, det veit eg. Og ikkje hev Sandland misst nokot av Folks Tillit i den Bygdi, han bur i. Han hev haldet fleire Fyredrag der, og Folk likar han svært godt. Han er likso hugvarm fyr Fridom og folkeleg Upplysning no som fyrr. Eg trur ikkje, me hev stødare og meir paalitande Karar aa senda paa Thinget enn Sandland. No hev han Røysterett, so ingen tarv vera rædd nokor Ugreida; det var Sjavvili av Inns. aa snitta Sandland fyr den Ugreida; den hadde han godt kunnat gløymt longe sidan.                                                  
 
C.