[Notisar]

Kristiania, den 28de Marts 1879.
 
Embættes-Utnemningar 22 Marts: Øverst C. K. Gill, som hev voret Chef fyr norske Jægerkorps, sidan Hjort vart avsett, til Chef fyr 2dre Akershuske Brigade; Kapell. i Gloppen J. L. Rynning til Sokneprest i Bjugn, Prest i Sandøy J. A. V. Sandberg til Prest i Eivindvik, Kand. M. V. Eckhoff til Stiftskapellan (Bergen); Kand. P. V. Barth til Bureauchef i Post-Dept.; Kandidaterne A. Augestad og O. N. Engh til Distriktslækjarar i Tinn og Lenvik.
 
Avskil: Øvsteløytnant C. C. Bassøe med Etterløn Kr. 4000 og Rett til aa bera Mundur, Prestarne i Stange og Orkedalen A. T. Bull og A. L. Bull med Etterløner Kr. 2800 og Kr. 3000 og Korpslækjar J. G. Gløersen med Etterløn Kr. 2000.
 
Nye Uppfinningar. Serulles hev framstellt Vanillin, Grunn-Emnet i den fine Vanilje, af Havre. Og dei franske Kemikarar Savigny og Colline au framsteller ein heil Rad av dei fagraste Fargar av Kaal; dei kallar det nye Farge-Emnet Cauline, av caulis dvs. Kaal. Av Raudkaal tek dei det Indre og Bladtrevlarne, skjer i Smaastykkje og legg i kokheitt Vatn, 3 Pottur paa 3 Skaalpund Kaal-Emne, Uppkoket stend i eit Jamdøger: so perser dei Bladi, slær Extrakten (Ordraget) upp i det attverande Vatnet og fær Viol- blaatt; det er Cauline; til Caulinen set dei Baryt (2 Gramm paa 500 Gramm Cauline). Nedslaget er ljos grøn Baryt- Cauline, som kann brukast til Maaling. Likeins fær dei Grønblaatt ved aa tilsetja Calcium-Chlorur og litet Baryt, Ultramarin- blaatt ved aa tilsetja Zink-Chlorur og Soda og Violett ved aa tilsetja Tinn-Chlorur.
 
Skalden A. Munch hev i Mgbl. skrivet nokre Vers mot Flagforslaget; han upplyser, at han i 1838 skreiv eit Dikt fyr det same Flag.
 
Morgenbladet hev innteket eit Dikt fraa Provst Landstad um Flaget; heile Flaget, ikkje berre Unionsmerkjet, kallast Kongegave, og Norig segjest vera Brudgomen, den Sterke, som hev Sverik til Brud og verjer henne mot aa røvast burt! M. B. Landstad er kjend som ein Heidersmann; han hev utan Tvil skrivet i god Tru, utan Sjølvkritik, og difyr voret nokot vanheppen i Bilætet sitt. Men det er illt, at vaare beste Menn ikkje skal sjaa klaarare i slike Saker.