"Paa Bondebarnets Bokmaal."

[Del 1 av 2.]
 
(G.)
           
I eit Tillegsblad til No. 1 av denne Tidsskrifti segjer Høyem:
           
Norsk skuleboksamlag er no i stand, om det æn er lite og veikt. Tak for samsyne og velkomne i lage! Eg våger soleids å sende ut no 1 av dette månadskrifte. Berre no dei fleste lagsmenner kunde finne seg tilfreds med det i det, som mest våtter, so vilde eg vera mykje glad. At alle i eit og alt skulde samstava med meg, er meire, æn eg våger å vone; serleg vil dette vera vonlaust med ordbrigdom og stavsetningen. Det ser eg best av alle dei brevom, som lagsmenner har skreve åt meg i denne tiden; for some bed om Aasens, some om ei ændå elder staving, som bed meg stava beint etter uttalen, some bed meg halda fram, slik som eg i dei førre bokom mine har børja, some bed meg råde meg sjølv i den saken. Greidt er det soleids, at ikkje alle kan få den ting heilt etter ønskje; og derfor bed eg, at folk må sjå på slikt med frilynd hug. Det vil falle meg lettast, om eg fik legge stavemåten noko næmare uttalen; for eg tykkjer ikkje om å henge på bokmåle slike bokstavar, som folkemunnen longo sidan har dømd av med live; men eg veit au, at mange ser slik mon i å få dem med; derfor har eg her vald den midvegen å taka med daudbokstavarne, når dei fins i ordrotom, t. d. den daude d-en. Men for å syne, at han ikkje er med i uttalen, har eg på oldnorsk og islendsk måte set ein styng igjenom han. I ordendom har eg skote ut nokre daude bokstavar, som berre tene til å ala fram ein stiv og uheimleg uttale; og just dette er eg tilråd av folk, som både er sakkunnige og har mykje å segje i målreisningen vår. Dette rød eg om her, forat ingen skal tru, eg står åleine om denne stavemåten. Det er mi meining, at des næmare stavsetjingja kjem den uttalen, som fleirtale av folke vårt har, des fleire vil det bli, som våge seg til å skrive det, og desfleire vil det sjølvsagt au koma, som med gaman og gagn kan lesa det. Og dette augnamerkje må vi ikkje sleppe av syne, når vi leg iveg med å taka op eit nyt bokmål, alraminst når det gjeld bøker, som er mynta so avgjort på mangmannen som bøkerne, skuleboksamlage har i tankom å arbeide for.
           
Latinske bokstavar bruker eg av den grun, at eg vil gjera det eg kan for å få berre eit slags prentebokstavar, liksom det no alt er ålment hjå os au å bruke berre eit slag til skrivning. Det er då berre tysk og dansk mål, som ænno sumle med både slagom i bokom.
           
Først kjem eg no med L. Kr. Müllers store bibelsaga etter seminarstyrar Tangs ovgode omarbeiding. Dei småvink, som fins på bladfoten, er alle av store, namngjetne menner; men likevel er det altid so, at det kan vera eit og anna i dem, som ikkje ein og kvar har same meiningja om. I det heile er eg viss på, at vinka er kjærkomne for dem, som bokja er mynta på.
           
Eg kjenner godt, at det er eit vigtugt arbeid, eg her tek åt med, og veit, at det vil gjeve meg stort stræv og mykje ihug, gruver au for, at det kan gå meg over evne. Men, sjå, vi vante slike bøker på vårt mål; og derfor gjeld det om, at kvar kaster den mandomen, han har, på verke og liter på, at Gud vil signe arbeide.
           
Det var meg kjært å sjå, at tanken fik medhald hjå somange, at lage kunde ganga iveg. Og ikkje ser det ut for, at vi vil vante gauve saker å prente, når bibelsaga er utkome. Ein namngjeten man har alt no varsla meg om, at han har ei uprenta skulebok å byde lage. - -
                                                           
Meir.