Utlandet.

England. Føraren fyr den liberale Fylking i det engelske Underhus, Lord Hartington, hev uttalat seg um dei politiske Spursmaal baade i Liverpool og i London. Han steller seg ein god Deil mindre skarpt imot Regjeringi, enn Gladstone gjer. Dei økonomiske Vandemaal, som England fyr Tidi arbeider under, var det ikkje Raad aa gjeva Regjeringi heile Skuldi fyr, sagde han. Dei kom seg av Orsaker, som ingi Regjering kunde vera Herre yver; men Ministeriet hadde likevel ved si Aatferd i Utrikspolitikken gjort den aalmenne Tillit mindre. Hartington gjekk serleg i London næmare inn paa den utrikske Politik. Rumænia, Serbia og Grekland, som var duglege nog til aa styra seg sjølve, hadde England staggat i deira Framvokster, i Staden fyr at det skulde gjort alt til aa uppmoda deim. Han var imot ei blandad Hersetning av Austrumelia, som hev voret mykje paa Tal, og han vonad, at dei engelske Tropper aldri skulde verta med paa nokot so skjemmelegt som det aa med Magt tvinga paa eit Folk ei Styregjerd, som det ikkje vilde hava. Ei Samfesting av Bulgaria og Austrumelia maatte vera iverksetjande paa fredleg Maate, soleids som Moldau og Valakiet ein Gong i Tidi hadde vortet samfeste. Motstandet mot Regjeringi hev i den sidste Tid vunnet i Magt, mest fyr Skuld det økonomiske Vandemaal, men ogso fyr Skuld Beaconsfields Utrikspolitik, trass i det at han synest hava gjort England til Heimsens fyrste Stormagt. Korkje den afghanske Krig elder Zulukrigen hev fraa fyrste voret so avgjort med dei engelske Vaapn i Zululandet, so det jamvel er stor Faare fyr dei europæiske Nybygder i Sudafrika, um ikkje Hjelpi fraa Heimlandet kjem rett snart og det tek alltid ei Tid -, so er det større Von til, at Misnøgjet skal veksa, enn at det skal minka.