Notisar

Kristiania, den 18de Februar 1879.
 
 
Heimgifti til Prinsesse Thyra. Det danske Folkething skal ikkje vilja gjeva Penger til Thyra, medmindre Regjeringi kann framleggja fullgildt Prov fyr, at Pragfredens Art. V ikkje er stroken og Stellingi til Tydskland vortet vandare ved hennar Giftarmaal. Det vil fulla verta vandt aa sannprova nokot um detta.
 
Selskapet fyr Civilisation av Afrika heldt nyleg Møte. Formann Kongen av Belgia. Stanley var tilstads. Han skal føra ein ny Ekspediton til det indre Afrika.
 
Mormonar. I 1878 hev faret til Utah 443 Menneskjur fraa Danmark, 235 fraa Sverik og 49 fraa Norig.
 
Ein ukjend Mann hev i Kaupenhamn gjevet 50000 Krunur til 13 milde Stiftingar, nedlagt Pengarne hjaa Magistraten og gjevet seg paa Reis atter. 2 gamle Damur skal faa Renturne. Det hev ikkje voret Raad til aa faa vita, kven han er.
 
Realistisk Dikting. Victor Hugo vil um nokre Dagar utgjeva ein Diktsamling, som heiter La patrie supreme og inneheld Forsvar fyr Amnestien.
 
Japan hev Telegraf i ei Lengd av 2000 norske Miler, og 400 Miler er under Arbeid. Landet hev 125 Telegrafstationar. I Byen Imri finnst ein Fabrik fyr Telegraf-Greidur, og dei Isolatorar, dei gjer der, er so utmerkte, at dei er sterkt søkte i Europa med.
 
5 unge Gutar hev druknat paa Salsvatnet i Namdalen under Skøytelauping. 3 av deim var Brør.
 
Baade i Danmark og i Sverik arbeider dei paa Aatgjerder til aa bua seg mot Pesten. Kvat Norig gjer, veit me enno ikkje.
 
Den amerikanske Skald Richard Dana er daaen, 91 Aar gl. Han var lengje Riksutsending i St. Petersburg, seinare Kangres-Medlem og Yverdomar i Massachusetts. Hans fyrste Roman Tom Thornton utkom 1820, Skaldestykkjet The Buccaneers 1827.