Ein Fritenkjar.

Ein Fritenkjar.
 Ei Forteljing or Samtidi.
XVI.
 
 (Framhald.)
 
Det einaste han vinn er aa ganga Ærend fyr Kyrkjedepartementet og halda uppe Systemet ... Men er det ein, som hev ein Tanke sjølv aa arbeida fyre, - so vert han ikkje Bisp! Kvat skal Ein so gjera? Er Ein Bladmann, so kann Ein iallfall strida fyr sine Tankar; Ein fær ikkje mange med seg; dei fleste les Bladet og legg det fraa seg att likso kloke som dei tok det; men Ein fær daa dei beste; og dei hine, dei syg i seg Tankarne utan at dei sjølve veit det, og so kjem dei sigande etter med Tidi. Det gjeld berre, um Ein er seig nok til aa ikkje trøytna, naar Ein gjeng og ser paa all den Vesalldomen og Tulleskapen.
 
No var Provsten aalvorleg. Hm, ja ja, sagde han; det kann henda du hev Rett i sumt, du med. Embættslasset er ikkje altid so lett, og der er nokot i det, at anten maa Ein vera so sterk, at Ein kann skapa eit nytt System, elder so vert Ein Træl av det gamle. Men du med dine Gaavur skulde vera Kar til aa skapa eit nytt System, Gut!
 
Skulde eg skapa eit nytt System, maatte eg hava nye Tankar, svarad Hauk. Men dersom eg hev nye Tankar, so stengjer det gamle Systemet meg ifraa seg, til dess eg er so sliten, at eg ikkje lenger kann gjera nokot. Eg kjenner den Greida. Og dersom eg vilde snikja meg fram, ljuga ned mine nye Tankar fyr aa vinna upp, - so vilde den Lygni tyna heile mitt Liv og tilslutt magtstela meg, naar det galdt. Og paa den Maaten vart eg i verste Meining ein Træl.
 
Provsten gjekk og tenkte. Hm ja, kann vera, kann vera . . . Men din theologicum skulde du hava lell, - fyr alle Tilfelle, ser du! Du veit ikkje kvat som kann henda, og du er ikkje lenger so reint ung . . . Hm?
 
Me fær sjaa, smilte Hauk. Det lagar seg væl, og som fyrr sagt -: eg trur eg skal slaa større Slag, baade fyr no og sidan, naar eg er Forfattar, enn dersom eg slit meg upp fyr Embættskjærra.
 
Naa ja-ja, ja-ja! sagde Provsten, lat oss ikkje stridast i Kveld! Eg er i slikt Godlag, at du kann faa med det same me er innpaa detta -: sumt av det, du hev skrivet i Framgang, er fælt radikalt, du! Det maa du iallfall agta deg fyre. Du kunde snart faa Ord fyr aa vera ein Rotrivar! Ja du kunde draga paa deg Mistanke um, at du høyrde med til detta Helvites-Bøle, som ligg der inn i Kristiania og vil fuska fraa oss Kristendomen vaar! Hm? Gud fri oss! Ein slik Mistanke er speleg, ser du. Ikkje nok med, at han vilde stengja Embættsvegen fyr deg, men han vilde likso væl gjera deg ubrukeleg til alt annat. For enno held Gudskelov Folket vaart fast paa si gamle einfalduge Barntru, so dersom nokon rører ved den, so taper han med same Gongen Tilliten hjaa alle. Berre den minste Mistanken er nok. Agta deg, Gut! Hm? Du er ung og djerv; du meiner det ikkje so vondt; men du hev som all Ungdom Hug fyr sterke Ord og meir Sans fyr Einskildmannens Fridom enn fyr den Autoritet, som held Samfundet ihop; - du kunde snart faa ein Flekk paa Namnet ditt og verta heitande Samfundsrivar og Fritenkjar, og daa var du seld; daa kunde du likso godt fara or Landet med same. Merk mine Ord, Gut! Eg er eldre enn du, og eg kjenner mine Folk; du skal aldri trega paa, at du lydde meg i detta.
 
-Hauk tagde. Aa, det var fælt aa sitja her og høyra paa alle desse vælmeinte, truskyldige Ord! Det var ikkje fritt han kjende seg som ein Svikar; heile Livet hans krengde seg liksom um til ei stygg, svart Lygn; han vreid seg under ei Skam, han snaudt kunde bæra. Men kven hadde Hjarta til aa vera ærleg her og dermed røva all Hugnad og Alderdoms Fred fraa sine eigne gamle Foreldre! Han maatte tigja. Han hadde som ei Kjenning av, at han væl ein Gong kom til aa svida fyr denne Lygni si, - for Lygn var det! - men han fekk daa helder taka det som kom sjølv, berre han kunde faa spara desse stakkars gamle. Desse stakkars gode gamle! Han torde ikkje lenger sjaa sine Foreldre beint i Augo.
 
-Og no nok um slikt! ropad gamle Provsten. No skjenkjer Mor oss eit ærlegt Glas Vin, og so drikk me ei Skaal fyr di unge Festemøy! Aa kor glad han vert, den gamle Fagnadmannen, Faer hennar! Skaal! Ja, min gode gamle Ven Vangen. Me hev havt mang ei glad Stund saman, me tvo, daa me var unge. Han var ein lettlivad Kar i den Tid, Vangen, ein Skjemtegauk og glad i Gaman væl glad sume Tider, ha-ha men altid fin og nobel og god. Ja, der var i det heile meir Liv bland Studentarne i den Tid enn no. Folk er so dauve og sture og stive av seg no; dei fær det ikkje til med aa liva! Nei, i den Tid var det nokot annat; der var Poesi i Studenterlivet daa; der var . . . der var . . . ja, der var Villskap og inn imillom; men der var daa i det Heile meir. . . Sving paa det, meir meir med eit Ord: meir Poesi. Men den eg fyrst og fremst minnest, naar eg tenkjer attende paa dei Dagar, det er min gode Ven Vangen, Johan Peter Blommenberg Vangen . . . Skaal fyr den Mann! Hans Dotter vaagar eg fyr alle dei Gjentur som til er. Hm -?
 
Dei samtalad lengje um desse Ting, og Hauk fekk snutt det so, at Provsten og Frua vart samde um aa beda Presten Vangen um Lov til aa halda Brudlaupet heime hjaa seg. Det vart og avgjort, at det skulde standa til Hausten.
 
 
XVII.
Brudlaupet stod. Hauk var glad og sæl, men lengtad sterkt etter aa koma ut or all den Lygni, han her var uppi; Ragna var sæl som han, men samstundes med ein Daam av høg mild Sorg. Stor og rein som Madonna! tenkte Hauk og saag seg byrg paa henne; so klaar ein Panne m a a vera aatkjømd fyr klaare Tankar! Men Ragna saag seg glad paa dei varme, reine Augo hans; - med so rikt og varmt eit Hjarta som han hev, so m a a han kunna finna attende til si Barndoms Tru.
 
Presten Vangen var ikkje med i Brudlaupet, til stor Saknad fyr gamle Provsten. Det heittest at han var sjuk, og det var ikkje so langt av Leidi helder. Men han hadde sendt Provsten eit Brev, som denne undrast mykje paa. Kann du skyna kvat Mannen meiner? spurde han Son sin. Han skriv so høgtidsfullt og løyndomslegt, at eg forstend kje eit Ord, og ikkje er det likt til han er glad helder! Eystein las Brevet.
(Meir.)