Brevsendingar, kyrkjeleg Partistrid m. m.

(Fraa Bladstyraren.)
 
Naar eit Blad tek upp Brevsendingar fraa Bygderne, so er det ikkje i den Tanken, at Folk der skal finna Svar paa sine tusund Spursmaal elder store og nye Tankar o. s. fr., men fyr at dei skal faa ei Kjenning av, kvat det er som er uppe i Folkets Liv paa dei ymse Stader. Og Brevsendingarne vert i det store og heile etter som Folkets Liv er til. Dersom Ein altso finn Brevsendingarne tome og arme, so maa det koma av, at Folkelivet vaart er tomt og armt. Og naar Brevsendingarne hev lært oss det, so hev dei lært oss det dei kunde og skulde læra oss dvs. Sanningi. Meir er ikkje aa segja.
 
Ein kann nok hellest hava Rett til aa leidast av all denne Armodsdomen. Det er fælande stuslegt aa lesa alle desse Brevsendingar med denne same evige Visa fraa alle Landsens Bygder: her hender ingen Ting; her gjeng alt i gamle Slengen; her vil og veit og skynar Folk Ingenting; her hev me ein Flokk Lesarar, som er so og so; her hev me ein Amtsskule, som Folk likar godt, og her hev me ein Folkehøgskule, som Folk slaast um; det er so reint det same og det same. Og so aa sjaa paa dei Tankar og Spursmaal, som brytst der ned i Folksens Mengd! slike som det, um det er rett elder galet aa dansa, um Ein hev Lov til aa spila Kort, naar Ein ikkje spilar um Pengar, um det er Synd aa lesa Poesi, um det er gagnlegt aa hava verdsleg Kunnskap, o. s. fr., - alt ihop Spursmaal som høyrer heime i det 17de Aarhundrad, og som ingen vitug Mann no vil øyda ein Minutt paa, so sannt han veit ein aalvorleg Ting aa tenkja paa! Men kvat Raad er her? Folk er ikkje lenger komne, og det gjeng ikkje so fort.
 
Det einaste, som er uppe av større aandelege Spursmaal, er det religiøse. Og her er det daa Striden millom Grundtvigianisme og Pietisme, som held Folk nokotsonær vakne. Eg trudde sannt aa segja, at den Striden var utstridd. Men det er nok ikkje so. Iallfall er det nok no fyrst, at det aalmenne Folk tek til aa koma med. Ein kann ikkje venta, at her skal koma fram nokot sers nytt fraa denne Kanten; men det, som Folk tenkjer paa, maa dei faa tala um, og det kann i ymse Maatar vera lærerikt aa sjaa, korleids dei tek desse Tankarne. Av slike Grunnar hev eg ikkje viljat elder kunnat stengja Fedraheimen som er meint paa aa vera Folkeblad fyr denne Striden, alt um eg maa beda um aa ikkje faa for mykje av sovoret Slag, daa det snart kunde verta for mykje.
 
Hellest skal eg paa nytt Lag minna um, at det duger lite aa koma med Brevsendingar, naar Ein ikkje hev nokot aa fortelja. Slike Brev, som byrjar med: her er ingen Ting nytt, og som fyr Resten er utfyllte med berre laust Snakk um Ditt og Datt, um Aand og Kjøt, um Idealisme og Matstræv, um Voner og Draumar o. m. sl. kjem ikkje inn utan det knip fælt fyr Bladmat. Det same gjeld um Vers.
 
Til dei, som er so snare med aa snakka um Vas, naar dei ser nokot i Bladet, som dei ikkje likar, skal eg segja, at dei foor likare aat, um dei snakkad mindre og gjorde meir. Ein skal hugsa, at dei fleste, som skriv her i Bladet, er unge Folk, som Ein ikkje kann venta skal vera full-lærde, korkje i Maal elder i Tanke. Derimot held Mengdi av dei eldre seg helst ifraa. Paa den Maaten kann Ein ikkje venta, at alt skal verta so fin-sigtat. Detta fær vera nok fyr denne Gongen.