Um og fraa den kyrkjelege Partistriden.

 
 I.
 Det er mykje Strid
 
i vaare Dagar. Eg tykkjer rettno det vert for mykje. So lengje Striden stend um ei Sak, som endaa ikkje hev vunnet seg so vidt fram, at alle skynar, kvat det gjeld um, so lengje maa væl Folk kjeklast. Det gode og sanne i Saki kjem daa fram lite i Senn gjenom Striden, og det er godt. Men det er harmelegt aa sjaa paa alt det Vavr og Vas, som so ofta fløymer fram og gjer seg breidt, etter at ei Sak er utstridd og so aalmennt kjend, at det er vandskelegt aa kunna segja nokot nytt og grunnigt um ho. Og av slikt Vas hev me so endelaust mykje i denne Tid. Du tek eit Blad – det same kvat det er fyr eit -; du les ei Sida og tvo; men det vil vera eit Under, um du ikkje skal finna eit Stykkje, som snakkar um Prestarne, Pietistarne, Grundtvigianararne o. d. med altslag Spott og Hæding attaat. Fyr aa gjeva Stilen Smak vert Personar framdregne; fyr aa stydja Tanken, som ofta er for tunn til aa standa sjølvoseg, brukar Ein Fantord og lause Skrynjur. Eg vil ikkje snakka um alt det, som vert malet uppatt Gong paa Gong og tilslut er so ihoprørt, at Ein ikkje kann finna Fjomet av Meining, elder um alle desse Brevsendingar, som talar um alt og ingenting. Eg tenkjer helst paa dei Artiklar elder Brevsendingar, som dreg fram ei stor Sak og so urvar ho fraa seg liksom det var ein Smaating, som kvar og ein kunde døma um, anten so han magtad Tanken elder ikkje. Eg hadde tenkt, at ”Fedraheimen” her vilde voret varare um seg, enn han hev voret. Maalsaki og alt, som heng saman med Fridom og Framstig hjaa Folket, er gode Ting aa stræva fyre. Og det vil eg segja, at ”Fedrh.” i det heile hev haldet seg godt; ymse Stykkje hev voret reint framifraa gode. Men so er det denne Mengd av Brevsendarar, som endeleg skal ut av og til og – skriva Vas! Vetle Tunguvard kann ikkje halda seg fraa aa gjeva Grundtvig ein under Øyrat og lyfta den ”reine Læra” upp i Skyerne; so vert Høyem so upp i det, at han fer ut i Leidang og slengjer eit og annat smaatt, som han hev kramsat til seg or Grundtvigs Bøker, lukt i Syni paa ’n Vetle Tunguvard. Dei er baade tvo like mykje aa lasta. Kann me ikkje eingong verta ferduge med denne Stridsmaaten? Ei slik Sak kann ikkje greidast tilgagns, utan Ein brukar kvassare Vaapn og tenkjer Tankarne til Endes. Me burde minnast det andre Budet meir enn me gjer, naar me talar um slike heilage Ting som Herrens Naademidlar. Lat oss faa Lov til aa halda oss til det reine Gudsordet, anten det no finst i Bøker elder paa Mannstunga; lat det vera Fred yver Fredens Ord! Eg vil beda dei, som stridast um dei heilage Ting, at dei ikkje forkjætrar kvarandre og skjemmer si Sak ved aa slengja knubbutte Ord mot kvarandre. Veit du ikkje, at du med alt det Snakket maa saara den, som gjerna vil hava Fred? Kvifyr vil du riva fraa meg Barnetrui mi? Kvi vil du tala um Ting, som du ikkje hev Vit til aa døma um? Trui, mitt personlege Liv med Gud, er for heilag ein Ting til aa hakkast upp med skjemde Sverd; og dei er kvite i Eggi, dei Sverdi, som hev voret brukte og enno brukast mot Guds Sanning i hans heilage Ord. Detta gjeld baade til høgre og til vinstre, baade Reinlærarar og Grundtvigsmenn. Vil du skriva um desse Ting, so maa du hava g o d e Vaapn. Han skal grava djupt den, som vil finna fram til Grunnarne, naar dei gudelege Ting kjem under Dryfting.
 
Eg tykkjer dei gjeng meg for nære fraa baade Kantar. Trui mi vil eg inkje strama inn i det, dei kallar ”rein Læra”; sjølv den lutherske ”Bekjendelsen” skal ikkje vera øvste Domaren her. Men dei skal helder ikkje setja den grundtvigske Klemma paa ho. Trui er nokot livande, som ikkje læt seg binda av Former og dogmatiske Setningar. Eg vil gjerna vera ”Pietist” i den gode gamle Tydning, at eg set heile mitt Liv inn paa den Saki aa vinna æveleg Sæla; eg vil gjerna faa det Uordet paa meg, at eg ”ikkje hev det rette Syn fyr det menneskelege”, naar eg veit med meg sjølv, at det vil vera til uboteleg Skade fyr meg aa ”skikka meg lik med Verdi”, naar Verdi, som ho er, ”ligg i det Vonde.” Dei stakkars Pietistarne fær høyra so mykje vondt i denne Tid. Men dersom me tenkte meir aalvorlegt paa det urikkelege Kravet, som vaar Herre hev lagt fram fyr ein Jesu Fylgjesvein: det aa ”vera heilag”, so vilde me ikkje tala so lett um slike Ting. Eg kann som Kristen ikkje vika eit Steg til Sides, endaa um eg nokso mykje fær høyra Spe-Ordet ”Pietist”, naar eg maa halda meg fraa det, som eg kjenner er Synd. Men aa halda seg fraa Synd er daa ikkje det same som aa vanvyrda det menneskelege. Det menneskelege er ikkje det same som Synd. Naar eg held meg fraa mykje av det, som ”Verdi” elskar, so trur eg dermed, at eg just bergar det menneskelege i meg fraa aa kjøvast av Syndi. Eg held meg t. D. fraa Brennevin. Detta gjer eg, fyr di eg trur, at Brennevinet er meinsamt fyr meg som Menneske. Og soleids med so mange andre Ting. Men alt det som høyrer med til mi Livsgjerd, som er til Framhjelp av Fridom og Samhelde, alt godt og gagnlegt fyr den eine som fyr den andre, det kann eg ikkje halda meg ifraa, - um eg enn paa den Maaten kanskje fær høyra Slengjeord fraa den andre Sida. Aa vanvyrda den Uppgaava, som Gud hev gjevet meg her paa Jordi, det kann eg ikkje, so sannt eg ikkje vil vera som hin Tenaren, som grov sitt Pund ned i Jordi. Kvifyr skal me skilja aat det, som Gud hev bundet saman? Paulus kallar eit sannt Guds Barn eit ” Gudsmenneske”, og detta Gudsmennesket skal verta fullkomet. Her hev me eit tvislipt Sverd, som skjer til baade Sidur; det raamar den, som vil stengja Kristendomen ute likso vel som den, som vil stengja seg av fraa det menneskelege. Lat oss paa denne Sanningsgrunn stræva fyr Fridom og Samhelde; lat oss arbeida no, og gløyma alt Kjekl um Smaating.
 
Eg hev ei Bøn til ”Fedraheimen” og til alle dei, som hev stellt seg fremst i Fylkingen til Strid fyr vaart Folks Rett og Framgang: gløym ikkje, at ” Gudsmennesket maa verta fullkomet.” Detta Ordet segjer oss, kvat det er, som skal føra Sæla og Signing til eit Folk. Uppgaavurne er mange; men dei samlast daa alle i detta eine: at
Gudsmennesket maa fullkomast. Gaavurne er derimot ymse, so ein arbeider meir fyr den gudelege Sida, ein annan meir fyr den menneskelege; men baade tvo semjest der paa den eine Grunnen. Lat oss altso halda meir Fred med kvarandre aa ikkje eta kvarandre upp, fyr di um me ikkje jamt kann semjast um Smaating. Men tilslut segjer eg og til Bladstyraren: hald fram som du stemner. Det tor vera fleire enn du trur, som stend bakum deg og hjarteleg gjerna vil stydja deg og kjempa under same Merket.
-f.
 

 

Frå Fedraheimen 15.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum