Kristiania, den 14de Januar 1879.

 
Leikanger, Sogn, 7de Jan. ”Gutasamlaget” vaart gjeng det godt med. Ordskiftet besnar nokot med kvart, etter som me venst med aa tala. Dei siste Emni me hev havt uppe er Namneskikken og Maalsaki. Her er hellest faae Namn her i Bygdi; dei, som mest brukast er: Ola, Eirik, Nils, Sjur, Hans, Johans; - Brita, Kari, Synneva, Anna. Her finst ikkje mange Namn med framande Endingar. Namnboki hans Aasen hev me fenget Tak i; Aasen fortener stor Takk fyr detta Arbeidet. – Maalsaki hadde ikkje mange Motstandarar her. Den Motstand, som var, studde seg til dei gamle Grunnar. Dei fleste i vaart Samlag er Maalvener. Berre dei no gjorde Aalvor av med aa skaffa seg Maalbøker og Maalblad, so vilde dei faa Maalet sitt endaa kjærare.
 
Tredie Joledags Kvelden hadde me ”Fest” i Samlaget i Skulehuset paa Halland. Veggjerne var prydde med Flagd, Fanur og Bilæte; der var ”unope” 1) baade med Mat og Drykk, og songet vart der baade ein-, tri- og firrøystige Songar. Talar vart haldne fyr Land og Folk, fyr Ungdomen, fyr Storthinget, fyr Sokneprest og Storthingsmann Jakob Sverdrup. Alle totte, at desse Timarne var svært hyggjelege og morosame, og det var dei som sa, at dei aldri hadde voret i hyggjelegare Lag.
 
Eg trur, slike Festar fyr Ungdomen vilde vera gode; Ein kunde dermed læra aa skyna, at det gjeng an aa hava Moro utan aa slaa seg paa Villskap og Agaløysa. Det ”Festliv”, som Ungdomen vaar no fører, trur eg er ein av dei myrkaste Flekkar paa Folkelivet vaart.
 
Snart skal Presten vaar, som er Formann i Samlaget, reisa paa Thinget att. Lukka fylgje honom og alle Thingmenn, som arbeider fyr aa føra Folket vaart fram paa rett Veg.
 
Her er sprettande kaldt og sælt med Snjo her i denne Tid.
 S-.
 
 
Storthinget. Amtmanns-Embættet i Thelemorki (Bratsberg) skal styrast av Yverrettssakførar Sahlgaard, medan Amtmann Rye er paa Storthinget. – Fraa Finnmorki kjem ikkje paa Thinget i Aar Handelsmann Schumacher. Fraa Vest-Upplandi kjem Lensmann Baggerud, som ikkje hev møtt i 1877 og 1878.
 
Dei vitenskapelege Upptekter i 1878 var korkje faae elder smaae. Etter at Telefonen var uppfunnen alt i 1877, gjekk det Slag i Slag med Uppfinningar til anten aa styrkja elder gøyma Ljod fyr aa kunna taka honom fram naarhelst (Mikrofonen og Fonografen). Med Utbyting av
det elektriske Ljos hev dei komet langt. Det vil ikkje vara lengje, fyrr det elektriske Ljos er det billegaste Ljos, Ein kann nytta i Byar, Hamner o.s.b., og Gasverki kjem til aa verta nedlagde. Den totale Solformyrkjing i Amerika og Merkurs Gang yver Solskiva vart utnyttad til Fremd av den astronomiske Vitenskap. Og so maa det ikkje gløymast, at Engelskmannen Norman Lockyer hev brukat Spektroskopet so godt, at han vaagar aa segja, at dei meir enn 60 Grunn-Emne, dei hev talat um i lange Tider, ikkje finnst, men at Ein kann umgjera deim til kannhenda berre eit einaste. Det ser ut til, at det vil koma den Tid, daa det vil vera ei lett Sak aa gjera Gull av Leir.
 
Prest Heffermehl i Aas, som nyst fekk Avskil, er daaen.
 
Sildefisket i Baahus Skjergard slær godt til.
 
Frihandels-Samlaget i Berlin hev vedtekjet eit langt Memorandum, dei kallar, mot Bismarcks nye Tollpolitikk. Riksdagsmannen Bamberger hev underskrivet.
 
Etter den kinesiske Trui hev Menneskja tri Sjæler; naar Mannen døyr skilst dei: den eine vert verande i Gravi, den andre gjeng inn i Bilætstytta aat Ættfar’en, som gjernast stend i Huset og vert haldi høgt i Æra, og den tredje ut i Aandeheimen. – Siamesararne hev fjore Sjæler, som skilst ved Dauden; den eine vert verande ved Oska elder i Gravi, den andre i Huset, den tredje vert ein Skogaand, og den fjorde plagar dei Yverlivande til dess dei ved Offer og Gaavur til Prestarne fær gjort ein Ende paa Skrymtet.
 
Konduktør Ihles Ekkja hev fengjet 30 Kr. um Maanaden av Hjelpekassa og 200 Kr. ein Gong fyr alle av Kongsvingerbanen. Det vert sagt, at ho ogso kann venta Hjelp av Rikskassa. Amtmanen hev ikkje funnet Forbøyret yver Jarnvegsulukka ved Uppegard fullstendugt nog og vil ha fleire Upplysningar.
 
Brune. Laurdag den 11 brann 4 Gardar i Levanger.
 
Katholikarne kunngjer i utlendske Blad, at den katholske Mission hav god Framgang i Noreg. Yver 50 Menneskjur av dei høgste Samfundslag gjeng yver um Aaret. Det vantar no berre Pengar til nokre Kyrkjur, eit Hospital, eit Seminarium og eit Blad. – Den store pavelege Avisa i Rom i 5 Maal vil ikkje koma ut av Vant paa Pengar.
 
Strupehosten gjeng hardt i Vatsøy. Mange Born er lagde i ei tidleg Grav.
 
Løbergs-Saki. Innsendaren i ”Berg Adr.”, Hr. – d -, fastheld sitt Paastand um, at Hr. Løberg hadde leset Korrektur paa Brevet til ”Har- dangeren”. I Staden fyr Negting av Faktum i ”Berg Tid” hadde han ventat Søksmaal, segjer han, fyr aa faa Høve til aa sannprova Paastandet. Kann Ein ogso saksøkja ein ” – d –”? Og kvifyr kann ikkje han no søkja ”Bergens Tidende”? Men calumniare andacter semper aliqvid hæret.
 
Det franske Senats Formann, Hertugen av Audiffret-Pasquier, er innvald i det franske Akademi etter Bisp Dupanloup, endaa han ikkje er nokon Vitenskapsmann. 5 Akademikarar lagde blanke Røystesetlar: Victor Hugo, Alexandre Dumas, Aug. Barbier, Camille Daucet og Greiv de Champagny.
 
Dom. Knut Monssen Lyngby i Fane, som den 20 Juni ifjor slo til Kaarkona Barbra Olsdatter soleids, at ho miste Livet, er dømd til 13 Aars Straffarbeid og Skadebot til dei Etterleivde.
 
Eddison skal liggja faarlegt sjuk.
 
1)      ”tilstrækkeligt”
 

 

Frå Fedraheimen 15.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum